Utdanning nr 01-2014 - page 26

26 |
UTDANNING
nr. 1/10. januar 2014
Aktuelt
var i tysk fangenskap 1943–1945, «De motvillige
germanerne». Boka har han skrive i samarbeid
med Elling Kvamme.
Det var likevel ei anna lita bok som gav start-
skotet til prosjektet.
– Far min døde i 2005. Han fortalde lite om kor-
leis han hadde det då han «sat i Tyskland». Då
mor gjekk bort nokre år seinare, og vi skulle rydde
leilegheita, fann eg ein liten 7. sans som låg bak
dei andre bøkene i ei bokhylle. Det viste seg å vere
dagboka hans frå tida i Tyskland, fortel Ingar Holm.
For Holm, som sjølv er pensjonert historikar
med lang fartstid frå forlagsbransjen, vart dette
starten på eit omfattande arbeid med å kartleggje
og beskrive kva som faktisk skjedde dei drama-
tiske dagane i november 1943 og i tida etter.
Dramatisk aksjon
Å stengje heile universitetet og arrestere 1200 stu-
dentar var ein dramatisk aksjon somvekte reaksjo-
nar også utanfor Noregs grenser. Mellom anna kom
det skarpe protestar frå Sverige.
– Kvifor gjorde tyskarane dette?
– Rektor Didrik Arup Seip var avsett og fengsla i
1941, og ein ny rektor med NS-bakgrunn var inn-
sett. Sjølv om fleirtalet av dei vel 4200 studentane
var relativt passive i motstandsarbeidet, var ei gry-
ande misnøye og motstand på gang, seier Holm.
Fleire studentar deltok i illegalt pressearbeid, og
hausten 1943 hadde det tilspissa seg etter ein kon-
flikt om opptakskriteria til medisinstudiet. Depar-
tementet ville gje NS-medlemer fortrinnsrett, og
ein protest enda med at 10 tilsette og 63 studentar
vart arresterte av statspolitiet.
– Dette førte til ytterlegare protestar, og brann-
stiftinga i slutten av november fekk det til å renne
over for Terboven, seier Holm.
– Kor overraskande kom den store aksjonen?
– Den kom som lyn frå klår himmel. Det hadde
gått rykte om at noko kunne skje, og på morgo-
nen 30. november vart det spreidd ei åtvaring i
form av lappar slik
den Elling Kvamme
fekk. Likevel møtte
dei fleste studen-
tane opp, fortel
Holm.
– I ettertid kan vi
nok sjå at mange av
dei var nokså naive.
Dei opplevde ikkje
seg sjølve som ein
del av krigen, og når dei vart rådde til å gå i dek-
ning, visste dei ikkje kva det betydde. Fleire gjekk
ut av universitetslokala, men stod på gata utanfor
og såg på kva som gjekk føre seg. Heilt til dei sjølve
vart arrestert, seier Holm.
Eit eksperiment
I Sennheim i Alsace hadde Waffen-SS etablert
Ausbildungslager St. Andreas, ein utdanningsleir
for «germanske frivillige» frå fleire nasjonar. Han
som skulle ha ansvaret for dei norske, oberststorm-
führer JoachimWilde, la ikkje skjul på kva somvar
draumen; eit eksperiment, eineståande og storslege
i verdshistoria: å vekkje dei norske studentane til
å bli glødande tilhengjarar av nasjonalsosialismen
ved hjelp av ideologisk skolering. Studentane skulle
undervisast av glimrande professorar frå Tysklands
beste universitet. Når perioden var over, skulle dei
ta sin rettmessige plass i framtidas Stor-Germania.
– Fordelen med dette var at studentane fekk
betre vilkår ennmange av dei andre i fangenskap i
Tyskland. Dei fekk betre mat og meir frie taumar,
men dei var likevel fangar, og mange av dei fekk
både sjå på nært hald og sjølve oppleve nazistane
sin brutalitet, seier Ingar Holm.
Då krigen var over, hadde 17 av dei norske stu-
dentane døydd i sjukdom. Dei andre kom seg vel-
berga heim, men trass i at mange av dei hadde hatt
eit mildare fangeopphald enn andre krigsfangar,
hadde opplevingane sett sine spor.
– Mange hadde sett mykje fælt og var prega av
det, men mange syntest det «vesle» dei hadde
opplevd, ikkje var noko å snakke om etter krigen.
Difor var det lite dei fortalde, også min far. Det er
likevel ikkje tvil om at dei hadde vore utsett for
store påkjenningar. Det dei hadde vore vitne til i
Buchenwald til dømes, var ikkje råd å gløyme, seier
Ingar Holm.
Kjelder:
Ingar Holm
: Demotvillige germanerne. Dreyer forlag 2013.
Anders Nordstoga
: Studenter i nazistenes vold. Artik-
kel på nettsida til UiO - Museum for universitets- og
vitenskapshistorie.
Elling Kvamme
: Fangestudenter. Erindringer/artik-
kel på nettsida til UiO - Museum for universitets- og
vitenskapshistorie.
«Det skulle vært fest i vårt kjære Parnass,
Med alt hva en vingyllen rus formår,
Det skulle vært smil over hevede glass,
Silke og blonde hår –
Det var ikke akkurat vin det ble,
Ikke musikk som du vel hadde tenkt,
Det hele ble grått og en smule forvrengt,
Buchenwald, piggtrådgård, Flügel C.»
Frå £or Holms dagbok, eit fødselsdagsdikt til studenten,
Alf Tveteraas, som blei 25 år 9. oktober 1944
Elling Kvamme
, ein av student-
fangane som framleis lever.
FOTO
NILSPETTERLOTHERINGTON,ALERTFILM
Tyske soldatar svermar
rundt Universitetet under aksjonen mot studentane 30.novem-
ber 1943.
FOTO
NORGESHJEMMEFRONTMUSEUM
l
Under ein aksjon
30. november 1943
stengte den tyske
okkupasjonsmakta
Universitetet i Oslo
og arresterte 1200
studentar.
l
645 av studentane
vart sende i to puljar til
fangeleirar i Tyskland
og Frankrike. Dei andre
vart etter kvart sett fri.
l
Studentane fekk
undervisning i nazis-
tisk ideologi av di dei
skulle omskolerast til
nasjonalsosialismen.
l
14 studentar døde
i Tyskland; 13 av
sjukdom og ein under
bombinga av Freiburg
i november 1944. Tre
døde like etter heim-
komsten, av sjukdom
frå opphaldet. Resten
kom tilbake til Norge
i mai 1945, dei fleste
med dei kvite bussane.
Student-
arrestasjonane
1...,16,17,18,19,20,21,22,23,24,25 27,28,29,30,31,32,33,34,35,36,...68
Powered by FlippingBook