Utdanning nr 14 - 2014 - page 46

46 |
Utdanning
nr. 14/5. september 2014
Innspill
Eit innspel som tek tak i det store tilbodet
skolen har av teknologistøtta læring og
problemet somoppstår medmanglande
dokumentasjon.
Digital læringsteknologi kan
vera særs nyttig for elevar som
strevar med lesing og skriving. Likevel manglar tilbydarar og
kjøparar av læringsteknologi ei felles forståing for kva som er
god vare: Den eine tenkjer merkevare og forteneste, den andre
udekte pedagogiske behov. Me treng difor ei enkel ordning som
sikrar utvikling av høgaste kvalitet på produktet, samstundes
som tilbydarar får utvikla merkevara.
Innan industridesign finn me ei eksemplarisk ordning for
kvalitetssikring. Den såkalla Red Dot Award går til produkt
som oppfyller ei rekkje krav, slik som pris, funksjonalitet,
materiale og haldbarheit, ut frå ein tanke om at det er desse
kvalitetsteikna som brukaren ser etter og som derfor blir grunn-
laget for kommersiell verdi. Det same burde vere mogleg innan
læringsteknologi.
I dagens situasjon står ei lang rekke produkt for teknologi-
støtta læring utan dokumentasjon på effekt eller forklaringar
på kva produktet eigentleg gjer. Når skolen eller foreldre kjøper
inn slike produkt, som spenner frå alt frå stavekontrollar, over
treningsprogram for augemotorikk, revolusjonerande lærings-
måtar, til lydkjelder over hovudet som skal fjerne dysleksipro-
blemet, gjer dei det ut frå eit håp om at desse produkta skal ta
over der vanleg undervisning kjem til kort. Og ofte ligg det ei
bitter erfaring og historikk av nederlag bak.
Denne situasjonen representerer eit etisk problem. Kom-
mersielle aktørar vender seg med store lovnader om effekt til
ansvarspersonar for utsette grupper elevar, samstundes som
lovnadene om effekt er naudsynte for at produktet skal ha ein
sjanse reint kommersielt.
Produkt for teknologistøtta læring blir også i svært liten grad
kritisert i det offentlege rom, kanskje fordi produkta omgir seg
med ein aura av innovasjon. Fleire av aktørane med mindre godt
funderte produkt har, paradoksalt nok, òg fått prisar for krea-
tivitet og innovasjonsmidlar til å utvikle produkta sine vidare
marknadsmessig.
Den som kjøper og brukar eit slikt produkt, har få eller ingen
haldepunkt for at lovnadene blir innfridde. Ingen av dagens
produkt innan teknologistøtta læring for lesing og skriving har
til dømes dokumentasjon av effekt som oppfyller akademiske
krav, slik som publikasjonar eller rapportar vurderte av fagfeller.
Det vil kunne innvendast at eg med dette stiller svært høge krav.
Og ja, dette er høge krav, som ikkje kan setjast lågare.
Me kan ikkje nytte potensielt dårleg programvare på elevar,
særleg ikkje på elevar som frå før strevar med å meistre skole-
kvardagen. At intensjonen frå dei kommersielle aktørane er god,
har me liten grunn til å tvile på, men det er ikkje nok. Enkelt-
ståande kritikk av einskilde aktørar i dette feltet har truleg
også liten hensikt, fordi open konfrontasjon og kritikk tvingar
aktøren i skyttargrava, og kritikken druknar som ei meining
blant mange.
I staden bør me reflektera over om det er mogleg å få kom-
mersielle aktørar til sjølv å strekkja seg mot høgare ideal, mot
ideal som i det lange løp tener eleven og skolen, samstundes
som dei tener pengar.
Ved å innføre den såkalla Red Dot Award har ein innan indus-
tridesign løyst noko av problemet mellom tilbydar og kjøpar om
kva som er god vare. Om du er kvalitetsbevisst når du handlar
kjøkkenmaskinar, vil du kjenna att Red dot-logoen i form av
ein liten skravert runding i raudt på produktet. Dette er inga
godkjenningsordning. Den er ei utmerking til nokre av produkta
som finst på marknaden, og går til produkt som oppfyller ei
rekkje kvalitetskrav. Ideen er at desse krava vil gi produktet
kommersielt potensial, samstundes som forbrukarane er nøgde.
Langs liknande spor burde det vera mogleg å tenkje heving av
kvalitet for teknologistøtta læring.
Løysinga er altså å gi utmerking for god læringsteknologi.
Eksempelvis kunne ein stiftelse i dialog med både kommersielle
aktørar og aktuelle målgrupper formulere eit sett kvalitetskrav
til produkt innan teknologistøtta læring. For kvart år kunne ein
peike ut uavhengige ekspertar som vurderte nominerte produkt.
Slike punkt til vurdering kunne til dømes vere: 1) Er ideen
forankra i godkjent tenkjemåte? 2) Er effekten dokumentert?
3) Held produktet kva det lovar? 4) Passar bruken av produktet
inn i den kunnskapen lærarar har? 5) Er produktet brukarvenleg?
Ei slik utmerking av kvalitet kunne gi skolen ei grundig kva-
litetssikring av det dei betaler for, og samstundes styrka merke-
vare for dei som får utmerkinga. Produsentar av produkt som
ikkje når opp, ville strekkje seg etter å få utmerkinga i neste
runde. Ei slik ordning bør også vere frikopla frå offentlege og
kommersielle aktørar ved at tilbydarar betaler ein lik sum for
å bli vurdert. Organisatorisk kunne ein slik stiftelse vore lagt
til eit universitetsmiljø med nær kontakt med næringslivet,
eksempelvis eit innovasjonssenter, som ein arbeidsmåte og
mekanisme for innovasjon. Utan ei slik kvalitetssikring, blir me
verande i dagens situasjon, der skoleeigarar og foreldre ikkje
maktar å kjenna att teknologikvakksalvarar for kva dei er.
«Me kan
ikkje nytte
potensielt
dårleg pro-
gramvare på
elevar.»
Kvakksalvarar i klasserommet
Per Henning Uppstad
førsteamanuensis ved Nasjonalt senter
for leseopplæring og leseforsking
Universitetet i Stavanger
Foto
ElisABETHTØnnEssEn
1...,36,37,38,39,40,41,42,43,44,45 47,48,49,50,51,52,53,54,55,56,...68
Powered by FlippingBook