Utdanning nr 06-2014

Aktuelt navn

– Ta vare på arbeidstida

Ordførar John Opdal i Odda konstaterer at både nordsjøarbeidarar og lærarar er nøgde med arbeidstida, og han meiner det er bra.

TEKST KirstenRopeid | kr@utdanningsnytt.no FOTO Høgre/CF-Wesenberg

Er du redd for lærarstreik i Odda til våren? Eg håpar sterkt at dette kan løysast med andre mid- del. Arbeidstida for lærarane er ein opparbeida rett som det ikkje er nokon grunn til å endre. Lærarane har eit stort totalt arbeidspress, og dei må gjere job- ben når elevane er på skolen. Det er ein parallell til nordsjøarbeidarane, dei arbeider også mye i ein periode og har fri i ein annan. Denne måten å inn- reie arbeidstida på oppfattar lærarane som attraktiv, så det bør vi ta vare på. Når du ikkje er politikar, er du skoleleiar. Hadde det ikkje da vore greitt å ha betre oversikt over kor lærarane er til ei kvar tid? Nei, det har vi alt klare og greie opplegg for. Eg tek gjerne heile folket med opp på Folgefonna, som Odda kommune har ein del av. Og eg hadde gjerne tatt ein time til, og også leia dei opp til fjellformasjonen Trolltunga her i Odda. Friluftsliv og natur er viktig for meg, og eg deler gjerne den flotte naturen vi har her i Odda. Dessutan veit vi jo at naturbruk har stor påverknad på folkehelsa. Du får halde ein undervisningstime for det nor- ske folk. Kva skulle den handle om? Kva for ein kjend person ville du hatt som lærar? Medisinprofessoren Per Fugelli. Han kan ordleggje seg slik at han får oss til å innsjå det eigenverdet kvar einaste ein av oss har. Eg har høyrt han halde fleire foredrag og høyrer gjerne enda fleire.

det minste lære seg leksa si betre. Ho har oppmoda til sverting av regjeringa, men politiske diskusjo- nar skal ein føre med saklege argument, ikkje med sverting. Om ho ikkje har lært seg det før, er det på tide nå. Kven er din favorittpolitikar? Erna Solberg. Ho har mange sterke sider, men skal eg velje ei, blir det at ho er så flink til å inkludere. Heile arbeidsforma hennar er inkluderande. Kva for ei bok har du ikkje fått tid til å lese? «Brenn huset ned», den siste boka til Odda-for- fattaren Frode Grytten. Elles les eg mye krim, men har ikkje fått med meg den siste til kriminalfor- fattaren Chris Tvedt. Han skriv også frå Hordaland. Kva for lag og organisasjonar er du med i? Legar utan grenser, Luftambulansen, Høgre, Utdanningsforbundet, Odda Fotballklubb. Kva for tvangshandlingar har du? Eg må følgje med på korleis det går når Start spelar fotballkamp, for der står sonen min, Håkon, i mål. Kva la du ut på Facebook sist? Det var inntrykk frå siste møte i nettverket for kraftkommunar i Hordaland. Kva gjer du for å redde verda? Eg er ordførar i ein kommune der det blir produsert rein kraft. Det må da vere eit bidrag?

John Opdal (61)

Kven Ordførar i Odda for Høgre. Har vore lærar i mekaniske fag ved Odda vidaregåande skule sidan 1979, i sko- leleiinga sidan 2000. Aktuell Stør ikkje kravet frå KS om at lærarane skal spreie arbeidstida over fleire veker.

«Politiske diskusjonar skal ein føre med saklege

argument, ikkje med sverting.»

Kven ville du gitt straffelekse? Helga Pedersen, nestleiar i Arbeidarpartiet, må i

10 | UTDANNING nr. 6/21. mars 2014

Made with