Utdanning nr 06-2014

Aktuelt

Målungdomen veks Norsk Målungdom auka medlemstalet i 2013, for andre året på rad. Fjorårets medlemstal landa på 1053 betalande medlemer under 26 år. Det totale medlemstalet, om ein tel med dei over 26 år, er 1333, ifølgje ei pressemelding frå Norsk Målungdom.

Lærarane si arbeidstid – Har ikkje noko å gå på

Dei er spente, oppgitte og frustrerte. Meldinga frå lærargrasrota i Ålesund er likevel klar: – Vi har ikkje noko å gå på. KS må ikkje få røre arbeidstidsavtalen.

– Dette handlar om økonomi Kollega og tillitsvald Anders Gamlem støttar ho: – Dette handlar ikkje om «kvalitetsheving» eller å lage ein betre skule. Det handlar om økonomi. Eg synest det er feigt av KS å ikkje seie det slik det er. – For oss som lærarar blir det ekstra frustrerande når dette kjem på toppen av ein serie nedskjerin- gar. Ålesund, sommange andre kommunar, slit med dårleg økonomi, og skulesektoren har i fleire år tatt dei største reduksjonane. Då er vi ikkje klare til å leggje til rette for større lokal styring og meir spa- ring, seier Gamlem. – Urimeleg Gamlem fortel at folk er oppgitte over at arbeids- gjevarorganisasjonen kan vere så langt frå røynda i skulen, men dei er samtidig klare til kamp. – Forstår dei verkeleg ikkje korleis vi arbeider? Trur dei at vi sluntrar unna? Dei kan ta seg ein tur forbi skulen her ein søndagskveld. Då er det så godt som alltid lys i fleire rom her. Det er lærarar som er på arbeid. Er det verkeleg så urimeleg at eit par timar av den daglege arbeidstida vår skal vere flek- sibel? I resten av arbeidslivet går ein jo nettopp i den retninga, med auka fleksibilitet, seier Gamlem. – Eg har vore lærar i 30 år og er glad i yrket mitt. Eg må likevel innrømme at eg åtvara dottera mi mot å velje lærarutdanning då ho bad om råd. Eg synest det går heilt feil veg no, seier Marianne Brox. Fleire som treng oppfølging Heller ikkje ved Borgund vidaregåande skule i Ålesund er det mogleg å spore nokon entusiasme for endringar i arbeidstidsavtalen. Lærarane Anne Vibeke Høegh-Krohn og Frank Inge Riise, sistnemnde også medlem av klubbstyret, kan fortelje om ei stemning der folk er både sinte og oppgitte når praten kjem inn på kva ein kan vente

TEKST OG FOTO JohnRoaldPettersen

KS, arbeidsgivaren til lærarane, krev utvida arbeidsår og lokal styring av arbeidstida. Lærarane i Ålesund er like tydelege i sitt nei. Kan ein tenkje seg eit kompromiss? Kor går smertegrensa? – Smertegrensa går her! seier Marianne Brox, lærar ved Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund. – Sjølv omdet kom eit forslag somvar berre halv- vegs i den retninga KS vil, ville det vere langt utanfor det vi ser sommogleg. Det er ikkje dette vi treng no. Og det er ikkje dette elevane treng, seier ho. – Det blir framstilt som om vi er lite fleksible, og at vi er gjerrige på den lange sommarferien. Men kor er fokuset på elevane i denne samanhengen? Det er jo for å gje ei god undervisning at vi treng tid til for- og etterarbeid og eit komprimert arbeidsår. Utgangspunktet til KS blir heilt feil, seier Brox.

seg i forhandlingane i vår. – Når KS og regjeringa seier at dei må få betre styring med arbeidstida for å få til ein god skule, seier dei samtidig at vi ikkje har ein god skule i dag. Det er ikkje noko god kjensle når vi står på og gjer så godt vi kan for å gje eit godt tilbod med dei res- sursane vi har, seier Høegh-Krohn. – Vi har for lite tid til for- og etterarbeid slik det er i dag. Dei åra eg har jobba i vidaregåande skule, har vi fått fleire og fleire elevar som treng tett opp- følging. Er det der vi skal trekkje inn timar? Eg trur ikkje dei som vil endre arbeidstidsavtalen, har tenkt «Eg åtvara dottera mi mot å velje lærarutdanning.» Marianne Brox

– Dei siste åra har vi fått fleire og fleire elevar som treng tett oppfølging. Er det der vi skal trekkje inn timar? spør Frank Inge Riise, og Anne Vibeke Høegh-Krohn ved Borg- und vidaregåande skole er einig.

6 | UTDANNING nr. 6/21. mars 2014

Made with