Utdanning nr 05-2014

Aktuelt

Nav-direktør vil fjerne stønaden til frafallselever Nav-direktør Bjørn Gudbjørgsrud vil fjerne stønaden som nær 1.800 norske ungdommer fikk i fjor etter å ha droppet ut av skolen. I stedet vil direktøren ha obligatorisk videregående skole, gjerne ute i bedrifter, skriver VG. – Det er feil med et økonomisk insentiv som oppfordrer til å slutte på skolen, sier Gudbjørgsrud. (NTB)

Barnehage

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ønskjer å setje revideringa av rammeplanen og lovarbeidet i samanheng. FOTO ERIKM.SUNDT

Betre kvalitet Ny rammeplan kan vere på plass i 2016, melder Kunnskapsde- partementet. – Regjeringa har gitt eit løfte til barna, foreldra, dei tilsette og sektoren om å lyfte kvaliteten i barnehagane. Både lovarbeidet og den reviderte rammeplanen skal medverke til barnehagetilbod av høg kvalitet. Derfor må vi sjå dei to prosessane i samanheng, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding. I 2013 fekk ei arbeidsgruppe i oppdrag av den førre regjeringa å lage eit utkast til revidert første del av rammeplanen. Gruppa har invitert til ein open og involve- rande prosess der mange har gitt innspel. – Rammeplangruppa har gjort eit svært viktig arbeid. Eg ser fram til å setje meg inn i forslaget deira og vil invitere til eit møte for å høyre grunngjevinga for forslaget. Når det no blir ein mellombels stopp i arbeidet med rammepla- nen, er det fordi vi vil sjå dette viktige arbeidet i samanheng med lovendringane, seier Røe Isaksen. Rammeplanen er eit viktig dokument for alle som arbeider i barnehagesektoren. – Når vi skal revidere ramme- planen, er eg oppteken av at vi må sjå heile rammeplanen i saman- heng, seier kunnskapsministeren.

Ny rammeplan er utsett

Høyringa om ny rammeplan for barnehagane blir utsett fram til 2015, melder Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding. Klokt, meiner Hege Valås i Utdanningsforbundet.

TEKST KirstenRopeid | kr@utdanningsnytt.no

skuffa igjen, kan vi ha ny lov på plass raskt, seier Valås. Ho meiner denne utgreiinga inneheld framlegg som vil bety svært mye for å sikre kvaliteten i barnehagane. – Det viktigaste er framlegget om bemanningsnorm og pedagognorm. Skal vi sikre kvaliteten i barnehagane, står lovarbeidet fram som vel så viktig som ramme- planarbeidet, slik stoda er akkurat nå. Difor er det lurt å stoppe litt opp for å koordinere desse prosessane, seier Valås til Utdanning. – I dei utkasta til ny rammeplan som er offentleggjort, går utvalet ikkje inn for faste læringsmål i barnehagen, noko til dømes NHO har tatt til orde for. Trur du statsråden stoppar arbeidet for å få dette på plass? – Vi har ein intens barnehagedebatt for tida. Eg kan sjølvsagt ikkje utelukke at her er faktorar med i biletet som vi ikkje kjenner, seier Hege Valås.

Arbeidsgruppa som arbeider med framlegg til ny ram- meplan for barnehagar, har hatt frist til 21. februar. Men 17. februar melde Kunnskapsdepartementet at ramme- planen blir utsett og at det blir ein mellombels stopp i arbeidet med ny plan. Argumentet er at arbeidet med ny rammeplan og arbeidet med barnehagelova bør sjåast i samanheng. Sentralstyremedlem og leiar i kontaktforum barne- hage i Utdanningsforbundet, Hege Valås, tykkjer dette er klokt av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. – I januar 2012 fekk vi den offentlege utgreiinga «Til barnas beste. Ny lovgiving for barnehagane». Men etter det har arbeidet med ny barnehagelov stoppa opp. Om kunnskapsministeren hentar denne utgreiinga opp av

4 | UTDANNING nr. 5/7. mars 2014

Made with