Utdanning nr 20 - 2014

Kronikk

Gje meg ein mentor

Korleis vil det gå med dei nyutdanna lærarane?

Forhold ved arbeidsplassen betyr meir enn ulike sider ved utdanninga. Det avgjerande er korleis den nyutdanna vert møtt og følgd opp når yrkes- karrieren startar. Kva moglegheiter arbeidsgjevar gjev den nyutdanna til å få ein god start og oppleva meistring, får følgjer for kva slags profesjonsutøvar den nyutdanna blir i framtida. Erfaringar det første året dannar grunnlag for i kva grad den nyutdanna knyter seg til yrket og utviklar identitet som lærar. For den nyutdanna handlar det om å overleva og navigera i ein hektisk kvardag i ein ukjent skule- kultur. Høgt tempo og komplekse oppgåver gjer at det er vanskeleg å orientera seg. Vanskeleg å prioritera. Lite tid til refleksjon over val som blir gjort. Høge forventningar frå foreldre, elevar, kol- legaer og leiing gjer at det kviler eit stort ansvar på den nyutdanna frå første dag. Det blir forventa at læraren er sjølvstendig i planlegging, gjennom- føring og evaluering av eige arbeid og elevane si læring. Ikkje minst har den nyutdanna store for- ventningar til seg sjølv. Visjonen er å sjå alle og tilpassa undervisninga til den enkelte elev. Målet er å skapa lærelyst og interesse for faga sine. Korleis blir dei nyutdanna møtt og følgd opp? Dei nyutdanna får oftast tildelt dei vanskelegaste klassane, dei som erfarne lærarar ikkje vil ha. For- sking viser òg at dei nyutdanna gjerne vert sett til å undervisa i fag dei ikkje har utdanning i (Eng- vik, 2013; Ulvik og Smith, 2010). I tillegg møter dei ein arbeidskvardag der mykje tid går med til tidkrevjande dokumentasjon, rapportering, eva- luering, testing med meir, som kan opplevast som meiningslaust papirarbeid. Merksemda vert flytta bort frå det som vert rekna som kjerneoppgåver, undervisning og læringsleiing, til rapportering og dokumentasjon. Midt opp i dette skal den nyut- danna finna ut korleis han best kan bli den læraren han ønskjer og har potensial for å bli. Det er mykje for eit ungt menneske. Forståeleg nok. Belastnin- gar som i større eller mindre grad vert opplevd som kritiske. Ein unntakstilstand der det viktigaste er å overleva. Dette fører gjerne til brotne forvent- ningar og ei kjensle av å stå åleine i ein krevjande arbeidssituasjon. Mangel på støtte og hjelp i den første viktige tida gjer at mange vel å slutta. Dei finn seg heller ein annan yrkesveg.

Dorthea Sekkingstad høgskulelektor i utdanningsleiing ved Avdeling for lærarutdan- ning og idrett, Høgskulen i Sogn og Fjordane

ILLUSTRASJON ToneLileng | post@tonelileng.no

I juni var eg med på å uteksaminera over hun- dre lærarstudentar. Dyktige og engasjerte studen- tar som ser fram til ei karriere der dei ønskjer å utgjera ein forskjell for barn og unge. Mest av alt gler dei seg til å undervisa i faga sine og vera i sam- spel med elevane. Det er dette som driv dei. Når haustsemesteret no er godt i gong, kan eg kjenna på ei uro. Korleis vil det gå med dei nyutdanna lærarane? Overgangen frå utdanning til yrke er krevjande og kritisk. Både internasjonal og norsk forsking viser at denne overgangen kan opplevast som pro- blematisk. Dei nyutdanna strevar med å omstilla seg frå å vera student til å bli yrkesaktiv. Mange får eit praksissjokk eller realitetssjokk, noko som kan få fatale konsekvensar. Heile 40 prosent av nyut- danna lærarar i grunnskulen vel å slutta innan fem år. I vidaregåande skule er statistikken endå meir dyster. Heile 40 prosent sluttar etter to år (Wang, Odell & Schwille, 2008). For den praktisk-peda- gogiske utdanninga (PPU) åleine viser tal frå Dag Roness si doktorgradsavhandling (2012) at berre 60 prosent av dei som startar utdanninga, arbeider i skulen halvtanna år etter fullført utdanning. Tala gjev grunn til uro. Kva skuldast dette praksissjokket? Er lærar- utdanninga for dårleg? Det vert antyda at det er kvaliteten på utdanninga det skortar på. Vi har ikkje førebudd studentane godt nok på kva dei vil møta i praksis. Lærarutdanninga vert kritisert for å vera for lite praksisrelevant. Det vert peika på både faglege og pedagogiske utfordringar som det bør gripast tak i. Eg ønskjer velkomen alle gode innspel som kan vera med på å heva kvaliteten på utdanninga, og mi erfaring er at lærarutdan- ninga legg stor vekt på å nytta seg av forskingsbasert kunnskap i utvikling av utdanningane. Det er ikkje her den største utfordringa ligg.

FOTO PRIVAT

«Heile 40 prosent av nyutdanna lærarar i grunn- skulen vel å slutta innan fem år. I vidaregåande skule er statistikken endå meir dyster. Heile 40 prosent sluttar etter to år.»

>

46 | UTDANNING nr. 20/28. november 2014

Made with