Bedre skole nr. 1-2014

GRUNNLOVEN 200 ÅR

17. mai-toget – dei som var med …og dei som stod igjen

AV BRIT MARIE HOVLAND

Det går ei linje frå Eidsvoll 1814 via bombetruslar mot 17. mai-toget på 1980-talet og Rubina Rana si symbolrolle i 1999, til den omfattande markeringa av Grunnlova 200 år i 2014. 17. mai-toget si historie handlar om kven som til ei kvar tid deltok i nasjonaldagsparaden og nasjonen, og kven som stod att i den nasjonale grøftekanten. Historisk har nasjonaldagen vore symbolsk kamparena for det demokratiet som vart grunnlagt i 1814. Det er denne særnorske tradisjonen rundt 17. mai-symbolet som er grunnlaget for Grunnlovsjubileet 2014.

Våren Ÿ©¤ utspelte det seg eit nasjonalt drama i Oslo. Ein eirkulturell skule fekk rasistiske truslar: «Skolen kan være budd på ei ekstra påhelsing š. mai. Skolen fri for svartskaller.» Politikarane ønskte å tie saka i hel, men lærarane ved skulen stod fast: Anten deltok alle, eller ingen. Pressa slo saka stort opp: Sagene skule ville trekke seg frå š. mai-toget på grunn av rasistiske truslar. Då tilbaud Storting og bystyre «å slå ring om» Sagene skule sitt š. mai-tog gjennom Oslo. Symbolsk sett Arven frå 1814 I 1814 hadde Noreg tre kongar, var i to ulike unionar, braut med eineveldet og fekk ei svært liberal grunnlov. Den doble omveltinga med konstitusjonen og tankane om nasjonalt sjølvstyre er kjernen i det som har vorte kalla «Arven frå 1814».

stilte politikarane som demokratisk brystvern for ei eirkulturell nasjonaldagsfeiring, ein eirkultu- rell nasjon. Året etter fekk skulen bombetruslar og sagene-barna stilte i toget med «Nei til rasisme» på nasjonalfarga banner over brystet. Lærarane og politikarane hadde opna toget som antirasistisk nasjonal symbolarena. Hendinga på Sagene skule tydeleggjer š. mai- togritualet sin doble funksjon: Ved å delta stad- festar individet tilhøyrsle, og ved å få delta blir toggjengaren innlemma i fellesskapen. Togriten er ei kroppsleggjering og eit symbolsk uttrykk som stadfestar nasjonen si mytiske historie. Kvar generasjon blir gjennom skuleverket slusa inn i det kollektive nasjonale minnegalleriet på š. mai. Feiringa er eit sosialiserande og markerande ut- trykk for nasjonen. Oppslutning og deltaking er grunnlaget. š. mai er som ei årleg folkerøysting, og i Ÿ©¤ vart innvandrarbarn røysta inn etter dissens. Dette året gjekk togritualet frå å vere presenterande og representerande til også å få eit

18

Bedre Skole nr. 1 ■

2014

Made with