Bedre skole nr. 1-2014

Skjervheim i dag

AV ODIN FAUSKEVÅG

Innafor pedagogikkfaget er Hans Skjervheim mest kjend for dialogpedagogikk og skiljet mellom overtyding og overtaling. Men om ein vil forstå Skjervheims relevans i dag, er det andre sider ved tenkinga hans ein må sjå på. Med vektlegginga av mennesket som subjekt kjem Skjervheimmed viktige innspel i dagens kunnskaps- fokuserte debatt om utdanning.

Det verkar lenge sidan Hans Skjervheim var eit sentralt namn i norsk utdanningsdebatt. For nokon vekker namnet kanskje minner om ei svun- nen tid. Ei tid då pedagogikk vart forstått ut frå eit anna rammeverk og framleis vart rekna som ei viktig samfunnsendrande kra. I dag handlar utdanning om «kunnskap» og testing av «grunn- leggjande ferdigheiter». Her …nn Skjervheims omgrep om dialog og subjekt-subjekt-relasjonar liten gjenklang. I dette bidraget vil eg forsøke å vise i kva grad Skjervheims tenking framleis er relevant for skule og utdanning. Når det gjeld pedagogikk, har Skjervheim etter mitt syn etterlate seg ein todelt arv: På den eine sida var han ein av dei sentrale representantane for dialogpedagogikk. Eg meiner denne forma for pedagogikk er grunnleggjande problematisk, og difor er denne delen av Skjervheims tenking ikkje relevant i dag. Problemet med dialogpedagogikk er tema for første del av denne artikkelen. På den andre sida var Skjervheim den vikti- gaste kritikaren av positivistisk vitskap i etter- krigstida. Slik vitskap misforstår mennesket ved å betrakte det som eit objekt. Skjervheim viser at utgangspunktet for samfunnsvitskapen må vere

mennesket som subjekt. Og kva det inneber, er tema i mange av tekstane hans. Det er her vi…nn Skjervheims relevans i dag: Ein kan seie mykje positivt om kunnskaps- og ferdigheitsfokuset i skulen, men Skjervheim viser at utdanning bør handle om meir enn dette: Målestokken for den gode skulen er ikkje berre tileigning av «kunn- skap», men om elevane utviklar seg til sjølvstendig tenkjande og handlande subjekt . Pedagogikk som overtaling og overtyding Kva er problemet med Skjervheims dialogpeda- gogikk? Eg vil forsøke å klargjere dette ved å ta for meg Skjervheims ( ŸŸ†) kjende skilje mellom overtalande og overtydande (overbevisande) pedagogikk frå artikkelen «Eit grunnproblem i pedagogisk…loso…». Eit hovudtema i Skjervheims artikkel er det problematiske med overtalalande pedagogikk. Dette illustrerer han ved å drøe ulike former for kommunikasjon eller retorikk. Utgangspunktet hans er so…stane i det antikke Hellas, men eit meir moderne døme kan vere dagens PR- og kommunikasjonsrådgjevarar. PR-rådgjevarar får betalt for å påverke politikarar eller opinionen på

52

Bedre Skole nr. 1 ■

2014

Made with