Bedre skole nr. 1-2014
Tabell 7: Eekt for tankar kring bruk av hjelpemiddel som snarveg: sterke og svakeelevar n Standpunkt Eksamen Di.
Eekt (%) Sign.
Hadde hyst tankar om hjelpemiddel som snarveg: sterke Hadde hyst tankar om hjelpemiddel som snarveg: svake
14 4,00
4,14 0,14 3,5
-
16
3,44
2,94 -0,50 14,5 ,015
Resultata viste i Tabell kan best forklarast slik: Både sterke og svake elevar hadde gjort seg tan- kar om at hjelpemiddel kunne vera ein snarveg til gode prestasjonar. Dei sterke hadde forkasta tanken og halde fram å arbeida seriøst med faget, medan dei svake hadde omsett tanken i handling og late fri tilgang til hjelpemiddel bli ei sovepute, med eit ras i eksamenskarakterane som uunngå- eleg konsekvens. Diskusjon I denne studien har me undersøkt e³ekten for bruk av fem typar hjelpemiddel på elevar sine pre- stasjonar ved eksamen i engelsk i ungdomsskulen. Norsk > engelsk ordbok For utvalet sett under eitt fann me ingen e³ekt for bruk av ordbok, men ordboksbruk synest å ha ført til auke i skilnadene mellom sterke og svake elevar. Funna gjev grunnlag for å tilrå revurdering av verdien av tilgang til norsk > engelsk ordbok ved eksamen. Tekstheet Sentralt ved innføringa av tekstheet stod førestil- linga om at den nye eksamensskipnaden ville gjera det mogleg å prøva elevane si evne både til å lesa og til å skriva engelsk. Som nemnt stilte forsking spørsmål ved om slik integrering gav valide re- sultat for lesing. Etter at Utdanningsdirektoratet i © ¡erna «tekstforståing» som kriterium for vurdering av avgangsprøva, har tekstheet no som einaste funksjon å utgjera eit grunnlag som elevane kan byggja på for å koma i gang med eiga skriving. Me erkjenner verdien av hjelp til elevane med å koma i gang, men for dette eine føremå- let kan tekstheet kortast ned og forenklast, og
gjerne bli levert ut på sjølve eksamensdagen, slik praksis var i © og .
Notatarket Resultata for denne studien, til liks med tidlegare funn, tyder på at bruk av notatark har negativ innverknad på elevane sine prestasjonar. Utdan- ningsdirektoratet bør ¡erna utsegna «…gode notat… er ein viktig føresetnad for eit godt svar» frå informasjonsskrivet til elevane. Det kan ikkje vera meining i å tilrå ein praksis som lett blir til ulempe, særleg for svake elevar. Resultatet rapportert i Tabell ´ ovanfor viser ein tydeleg – men så vidt ikkje signi kant – framgang frå standpunkt til eksamen for elevar som brukte sjølvlaga grammatikkhee som hjelpemiddel. Det er uvisst om det positive resultatet kan direkte tilskrivast bruken av heet ved eksamensbordet, eller om det like gjerne kan ha samanheng med den innsikta i grammatikk som arbeidet med heet gjennom året høgst sannsynleg hadde ført med seg, Det ser ut til at kandidatane hadde lite nytte av tilgang til andre sjølvvalde hjelpemiddel. Sjølvlaga grammatikkhee. Andre individuelt tilpassa hjelpemiddel
Fri tilgang til hjelpemiddel – negativ tilbakeslagseekt
Det er eit urovekkjande funn at fri tilgang til hjel- pemiddel synest å undergrava viljen til innsats hjå svake elevar. Det er ikkje usannsynleg at vendingar som «bedre mulighet til å vise bredde og dybde i sin kompetanse» og «ein viktig føresetnad for eit godt svar» akselererer den negative prosessen.
84
Bedre Skole nr. 1 ■
2014
Made with FlippingBook