Yrke nr. 4 -2014

30 • YRKE DESEMBER 2014

DET FINST INGEN FASIT

For meg er profesjonsetikk først og fremst noko vi lærarar treng å arbeide med for å kunne gjere ein best muleg jobb. Vår jobb handlar om å vere tett på når barn og ungdom skal skape sine personlege livsprosjekt. Den danske teologen og filosofen Knud E. Løgstrup seier at «du har aldri noe med eit anna menneske å gjere utan at du samstundes held noko av livet til den andre i dine hender». Det gjeld i særleg grad for lærarar. Og det er ikkje overraskande at når godt vaksne menneske skal fortelje om lærarar dei sette pris på, så løftar dei nesten alle som ein fram opplevinga av å ha blitt sett og å ha møtt forventningar og tillit direkte retta mot seg sjølv. Det neste dei nemner, er å ha møtt ein modell, ein begeistra og kunnskapsrik formidlar og inspirator. Akkurat dette gjer læraryrket både givande og utfordrande. Det finst ingen fasit på korleis jobben skal gjerast. Ansvaret den enkelte lærar dagleg kjenner på, er naturleg nok svært stort. I boka Profesjonsstudier (Molander og Terum) fann eg ein god definisjon på lærarprofesjonen. Her er eit utdrag: Til grunn for retten (til å være profes­ jonsutøver) ligger en anerkjennelse av arbeidsoppgavenes samfunnsmes­ sige betydning og av deres karakter av det vi har kalt «praksis», d.v.s. at det handler om tjenesteyting overfor klienter, med endringsorientering, at det anvendes systematisert kunnskap, men likevel brukes skjønn. Det politiske fellesskapet har tillit til(…) at pro­ fesjonen som en sammenslutning vil kunne garantere at disse oppgavene blir utført i henhold til standarder for god yrkesutøvelse.

Eg les dette slik at lærarane har fått sitt oppdrag delegert fordi det handlar om noe som må løysast ved bruk av skjønn, sjølv om det både ligg føre og vert brukt systematisert kunnskap .

skal skje gjennom lærarprofesjonens fortolking og realisering av oppdraget, slik det er nedfelt i lover og planverk. Mykje kan gå galt. Skal dette da være reint lotteri? Nei, fordi «profesjonen som en sammen­ slutning vil kunne garantere at disse oppgavene blir utført i henhold til standarder for god yrkesutøvelse» . Dette skal samfunnet kunne forvente. Dette skal profesjonen kunne gjere greie for, både i styringslina, overfor elevar og foreldre og overfor samfun­ net generelt. Den plassen der vi lærarar opptrer som ei samanslutning , er i profesjonskollektivet. Når lærarar snakkar om tillitskrise, er det etter mi meining erfaringar frå den arenaen dei siktar til. Lærarane kan ikkje forlange tillit i befolkninga. Dei veit utmerka godt at dei må gjere seg fortente til den. Men dei kan og bør forlange å bli møtt med tillit i styringslina. Det betyr at dei må oppleve å få vere tunge premissleggjarar for det som skal gå føre seg på dei kollektive arenaene. Ein lærar kan berre vere profesjon­ ell dersom ho får høve til å bruke profesjonskollektivet som arena for å forvisse seg om at eigen og andres praksis fell inn under ei felles kvalitets­ forståing. Når Utdanningsforbundet har utvikla ein profesjonsetisk platt­ form, er det nettopp i erkjenninga av dette. Å vere formelt kvalifisert til å arbeide som lærar er ikkje en garanti for klok skjønnsutøving. Nettopp fordi vi ikkje kan løyse vårt store oppdrag gjennom evidensbaserte standardgrep, må vi bruke profesjonskollektivet til eit vedvarande arbeid med å etterprøve og utvikle vår eiga yrkesutøving.

FORBUNDS KOMMENTAREN

Ragnhild Lied er leder av Utdanningsforbundet

Den systematiserte kunnskapen om pedagogisk arbeid verken er eller kan bli av ein slik karakter at den på eit kontor eller i eit direktorat kan formast om til allmenngyldige manualar for godt lærararbeid. Lærarprofesjonen vil aldri kunne byggje på eit vitskapelig funda­ ment som kan erstatte , eller oppheve behovet for , det kloke og situasjons­ orienterte profesjonelle skjønn. Samfunnet har behov for ein kollektiv danningsarena, der det store prosjektet med å vidareføre vår sivilisasjon er hovudoppdraget. Det

Made with