Utdanning nr 10-2014

I denne spalten forteller våre lesere om hva de trives med å gjøre i fritiden.

Frisonen

Les mer inderoyfest.no

Mine tips

Folkrock i fjæra

Bjørn Håvard Grønvik (51)

Kven Adjunkt ved Steinkjer videregående skole

Kva Bandleiar

Dette treng du: «Kompisane som kain å spell», utstyr, øvings- lokale, musikalsk vilje og retning.

Bjørn Grønvik i aksjon sist sommar, etter lang tid borte frå rockescenen.

om tida hans, og musikken vart nedprioritert nokre år. Så begynte rykta å gå på Inderøya om at Bjørn hadde tatt fram Gibson-gitaren igjen. Heilt til utkanten av Inderøy kommune, heilt ut i Langfjæran, gjekk rykta. Der har Rune Langfjæran bygd si eiga scene, «Langfjæran Arena», og arran- gerer sin eigen musikkfestival. Dit lokka han Grøn- vik, med nytt band, i fjor. I år er Langfjæran Arena ein del av musikkfes- tivalen «Inderøy fest». Grønvik og det nye bandet hans opptrer der saman med bandet «Rainmakers» frå Kansas City i Missouri. Amerikanarane kjem til Langfjæran frå konsertar på «Sweden Rock Festi- val» og Rockefeller i Oslo. – Det er ein drøy veg frå sentrum på Inderøya og ut til Langfjæran. Dei som kjem dit, kjem ikkje berre for musikken, dei kjem for heile stemminga på denne svært spesielle konsertstaden, seier Bjørn Grønvik.

På skolen underviser han i historie og norsk. Men ein historielærar treng ikkje vere ein nostalgikar, ifølgje Grønvik. – Halvparten av det vi skal spele i Langfjæran, er nykomponerte låtar som ikkje er framført før. Om det ikkje var slik, hadde det ikkje vore særleg vits, seier han, og gjentek at han har liten sans for nostalgi. Med i det nye bandet er Einar Olav Larsen på fio- lin og mandolin, Bjørn Arild Aksnes på kontrabass og Johannes Langfjæran på gitar. The Crowmen kallar dei seg, same namnet som albumet Grønvik gav ut med det førre bandet sitt i 2000. – Er det du som er sjefen? – Vi har det vel ganske demokratisk. Men det er eg som skriv låtane, og det er eg som er vokalist, så eg bestemmer vel ein god del, svarar Bjørn Håvard Grønvik.

8. juni entrar adjunkt Bjørn Håvard Grønvik igjen scenen for å gi til beste eigne folkrock- låtar. Det er lenge sidan sist.

TEKST KirstenRopeid | kr@utdanningsnytt.no FOTO RuneLangfjæran

– Du kan godt kalle musikken min country. Og folk må gjerne danse, ein kan ikkje vere så snobbete at ikkje det er greitt, seier Grønvik, som arbeider ved Steinkjer videregående skole. – Eg var aldri proff musikar, men det var noen år da eg dreiv svært intenst med musikk, fortel han. Så tok han lærarutdanning i relativt moden alder. Han fekk småbarn, skaffa seg lærarjobb, flytta til Inderøy og kjøpte seg gard. På Fjeset, som garden heiter, driv han med spælsau og trønderfe, gamle norske husdyrrasar. Det vart mye som konkurrerte

35 | UTDANNING nr. 10/23. mai 2014

Made with