Utdanning nr 10-2014

Fra forbundet

Utdanningsforbundet Ragnhild Lied | leiar i Utdanningsforbundet

FOTO TOM-EGILJENSEN

Fleire lærarar i barnehagen = betre utdanning

«Den gode utdanninga er noko meir enn læring.»

Barnehagepolitikken har levd eit omskifteleg liv. Barnehagen har sortert under jamstelling, familie, helse- og omsorgspoli- tikk, og jamvel budd i lag med forbrukarsaker. Med så mange private barnehagar vert barnehagepolitikken også næringspoli- tikk. Men barnehagen si fremste oppgåve er ikkje å syte for jam- stelling eller å tene næringsinteresser. Barnehagen skal først og fremst gje born ei god start på si utdanning. Om barnehagen skal løyse denne oppgåva godt, trengst det fleire barnehagelærarar. Kva er eigentleg god utdanning, og kvifor er barnehagen utdan- ning? Den nederlandske utdanningsforskaren Gert Biesta vitja ei av våre konferansar i or, og han snakka om at det no er naudsynt å ta tilbake utdanningsspråket. I dag blir det snakka for einsidig om læring. Det er ikkje slik at alt som gir læring er utdanning, og det er heller ikkje slik at all læring er viktig og verdifull. Den gode utdanninga er noko meir enn læring. Biesta meiner at god utdanning inneheld minst tre element. Den skal kvalifisere born og unge for å løyse oppgåver og gi forståing som dei treng her og no og seinare. Dessutan skal utdanninga sosialisere barn og unge inn i eit fellesskap og eit samfunn, fremje integrering og evne til kommunikasjon med andre. Sist, men ikkje minst, må utdanninga styrke barns sub- jektivitet. Barnet og den unge er noko i seg sjølv, og læring og fag må fremjast gjennom eit innhald som born og unge finn meining i. Innhaldet må finne gjenklang i deira liv og erfaringar. Utdan- ning skal styrke den einskilde i opplevinga av å vere ein del av eit fellesskap, og å vere noko i kraft av seg sjølv.

Ulike delar av utdanningssystemet legg ulik vekt på dei tre elementa, seier Biesta. Men alle tre elementa må finnast i god utdanning. Slik eg kjenner barnehagen, er alle dei tre elementa til stades. Det er barnehagelærarane si oppgåve å leggje til rette for eit innhald og ein barnehagedag som kan bidra til at born lærer og meistrar, at dei vert inkluderte og sosialiserte inn i eit samfunn og at dei samstundes vert kjende med seg sjølv og får tru på at dei sjølve kan spele ei rolle i eige liv og for andre. Dette er ikkje lite! Dette krev kunnskap om barn og om pedagogisk arbeid – og det krev systematisk pedagogisk innsats. Likevel er berre ein tredel av dei som arbeider i barnehagen lærarar. Nokre barnehagar har ikkje eingong såpass mange. Kvaliteten i norske barnehagar varierer. Dei store skilnadene er godt dokumenterte av styresmaktene. Torbjørn Røe Isaksen har lova å starte arbeidet med å styrke barnehagelova, og han vil inkludere barnehagen i lærarløftet. Det er godt nytt. Han sit på ein godt fundert rapport frå Øie-utvalet. Den peikar på kva som er aller viktigast for å sikra likeverdig kvalitet i norske bar- nehagar. Eit av dei første råda i rapporten er å lovfeste eit krav om at minst 50 prosent av dei som arbeider i barnehagen, skal vere lærarar. Slik kan vi kome meir på høgde med land vi helst vil jamføre oss med.

Barnehagepolitikk er ikkje næringspolitikk – det er utdan- ningspolitikk.

56 | UTDANNING nr. 10/23. mai 2014

Made with