Utdanning nr 02-2014

Ut i verden

Tyskland

Etterutdanning i islam for lærarar

I den tyske delstaten Hessen satsar skulestyres- maktene på undervisning i islam på barnetrinnet for å demme opp for ekstremisme. Som den første delstaten i Tyskland får lærarar høve til å kvalifisere seg til å undervise om islam gjennom eit universi- tetstilbod, skriv The New York Times. Islamundervisninga startar i første klasse og er frivillig. I timane vert det lagt særleg vekt på islamsk lære om toleranse og aksept. Styresmaktene i Tyskland er stadig meir uroa over radikalisering av unge muslimar. Rundt 5500 islamistar er i søkelyset til tysk tryggleiksteneste, og i løpet av det siste halvåret har to ungdommar frå Hessen vorte drepne i Syria etter at dei hadde reist dit for å kjempe. Den yngste av dei skal ha vore berre 16 år.

Storbritannia

Utdanningsministeren i strupen på lærarorganisasjon

Den britiske utdanningsministeren, Michael Gove frå det konservative partiet, nektar å offentleggjere namnet på dei som har fått avslag på søknader om å starte privatskular. – Det er viktig at vi vernar desse modige lærarane som føreslår nye skular, mot trugsmåla frå e Nati- onal Union of Teachers og andre organisasjonar ytst på venstresida, sa Gove i det britiske parlamentet 7. januar. Den britiske ombodsmannen for informa- sjonsfridomgav i februar i or lærarorganisasjonen medhald i at desse opplysningane skal vere offent- lege, og visegeneralsekretær Kevin Courtney i NUT meiner utdanningsministeren ikkje har kome heilt over dette. – Michael Gove si ukorrekte framstilling av NUT som ein «ytre venstre-organisasjon» syner endå ein gong hans manglande evne til å halde seg til

Finland

Får ransake elevar

Ein ny lov gjev finske lærarar og rektorar høve til å sjå gjennom kva elevane har med seg på skulen. Dei får òg rett til å ta frå elevane gjenstandar som kan vere farlege, melder det finske kringkastings- selskapet YLE. På ungdomstrinnet kan lærarane dessutan konfiskere ting som forstyrrar under- visninga. Men det er ikkje tillate å ransake ele- vane utan ein god grunn, og elevane sitt privatliv skal så langt som mogleg respekterast. Lærar- organisasjonen OAJ krev at lærarar og skuleleia- rar får opplæring i korleis dette skal gjerast utan å kome i konflikt med lovverket.

Den britiske utdanningsministeren, Michael Gove. FOTO PAPHOTOS/NTB/SCANPIX

fakta og hang til overdriven retorikk, seier Court- ney til avisa e Daily Mirror.

GRATIS PRØVE- PERIODE

Med Klassetrivsel.no er du i forkant Ved hjelp av få klikk har du satt opp en trivselsundersøkelse i Klassetrivsel.no. Elevene svarer online og straks etter blir det automatisk generert rapporter med alle svarene, sosiogrammer og andre diagramtyper. I løpet av en time har du og kollegene dine overblikk over elevenes trivsel og relasjoner. Innsikt i elevenes perspektiv på læringsmiljøet gir nye muligheter for å velge trivselstiltak og forberede utviklingssamtaler.

› › ›

LOGG INN OG PRØV ALLEREDE I DAG

ToucheReklame.dk

SKOLE VISJONER · tlf. 21 98 40 81 · info@klassetrivsel.no · www.klassetrivsel.no

14388 annonce klassetrivsel NO.indd 1

09/01/14 13.55

19 | UTDANNING nr. 2/24. januar 2014

Made with