Utdanning nr 02-2014

Innspel

Barnehagelærarutdanninga:

Minkande søkartal, eit mysterium?

Her kjemsynspunkt påmoglege årsaker til manglande søknad til barnehagelærarutdanninga. Eg les i Utdanning 15/2013 at søkjartala til før- skulelærarutdanninga går ned, trass i kampanjen «Glød» i 2011. Mimi Bjerkestrand spør mellom anna «Kva tiltak bør vurderast vidare»? Det er lav status som er ein del av årsaka, seier Lena Jensen i Foreldreutvalet for barnehagen (FUB). Dette på grunn av lav pedagogtettleik. Er det kampanjane som er løysinga, eller ligg løysinga på dette «mys- teriet» også andre stader? At lav status har noko med lav pedagogtettleik å gjere, kan vere. Truleg spelar òg andre element inn. Som barnehagelærarar er vi som enkeltpersonar kanskje altfor lite flinke til å formidle og uttale oss om det vi er ein del av. Her utfyller vi kanskje ikkje rolla vår fullt ut. Det er vi som barnehagelærarar som har fagkunnskapen i denne jobben. Forska- rane har si forsking, analyse og dokumentasjon, eit overblikk, men dei nære relasjonane og opple- vingane er det vi som faggruppe som sit med. I kor stor grad tek vi ordet i media om det vi opplever og meiner? Vi har mykje kunnskap, fortel vi om den? Lav løn er nok ei anna reell årsak. Ein kjem ikkje bort ifrå at jobben òg skal bere privatlivet. Det er utfordrande å brødfø ein familie på denne lønna. Å kjøpe bustad i dag med ei slik løn, er òg ei utfordring. Og kven vil ha det slik? Men løn åleine kan vanskeleg heve statusen, sjølv om den kan gjere noko med søknadsmengda. Når det gjeld vidareutdanning, kva reelle tilbod har vi? Og i kva grad gir dette oss utteljing i løn- ningsposen? I kva grad har barnehagekulturen oppdatert seg på det som skjer i samfunnet elles? Frå starten av har barnehagen vore prega av ein sterk kvinne- kultur. Ein kultur som har skapt mange gode bar- nehagar fram til i dag, men er dette ein kultur som er tilpassa begge kjønn? Vi pratar om dette og har tema om det, men kva skjer i praksis over tid? Kvar er romma for utfor- sking, snikkarbodar og naturavdelingar? Er det rett å satse så mykje på barnehagar med til dømes

gymnastikksalar, dramarom og musikkrom, når både vaksne og barn eigentleg trivest og utviklar seg best ute? Etter å ha arbeidd i sju år i utebarne- hage, er eg forundra over at ikkje dette blir meir vektlagt i barnehagen generelt. Etter det eg kan sjå er forskinga eintydig om at dette er til det beste for barn (til dømes I. Fjørtoft 2000, Lamprecht /Mark- mann og Tybjerg 2003, Hafner 2002, Grahn 2000). Mi erfaring gjennom desse åra er berre positiv. Foreldre og barn er òg svært nøgde med tilbodet, det er det ei årsak til. Kva er det vi ventar på? Er det skummelt for barnehagen/utdanninga å bevege seg inn i nye rammer? Eg er klar over at det finst nokre høgskular som prioriterer dette, men dette er vel noko alle studentar burde få opplæring i? Hadde satsinga på dette vore meir omfattande og profilert, hadde vi vel hatt eit større miljø av slike barnehagar òg? Vi har sjølvsagt ein veg å gå når det gjeld strukturen i desse barnehagane, men den kompetansen ligg rundt omkring i alle naturbar- nehagane. I nyare tid har det heldigvis òg vore fokus på at menn må inn i barnehagen. Det kan vere at dette er ein del av problemet si kjerne. Har ikkje barne- hagen følgt heilt med i tida? Gir vi i stor nok grad rom for menn på denne arbeidsplassen? Kan det vere at vi stenger ute viktig arbeidskraft fordi vi ikkje legg til rette miljøet for begge kjønn? Er vi ein innbydande arbeidsplass som tiltalar menn, eller vernar vi for sterk om kvinnekulturen? Både jenter og gutar treng sårt menn å identifi- sere seg med, på same måte som dei treng kvin- ner. Barn har stor trong til å eksperimentere, nytte kroppen sin, vere ute. I ein viss grad blir dette gjort, men sit den gamle kulturen med samlingsstunder og nabbiperler litt for fast i veggane? Er dette noko som tiltalar menn? Nokon kanskje, men tvilsamt den største gruppa. Og kanskje viktigare, er dette det viktigaste for barna, er det dette dei «etter- spør»? «Les» dei som skal utdanne barnehagelæra- rane trendane i samfunnet i dag? Kva med auka interesse for fysisk aktivitet hjå store delar av for- eldregruppa? Har dei fanga opp noko som utdan- ningsinstitusjonane ikkje heilt har teke opp i seg? Forsking viser òg at dette er til det beste for barna. Naturbarnehagar har kome for å bli. Og kven er det som likar seg i desse barnehagane? Jau, i tillegg til naturglade kvinner, mange menn! «De er mange, de er motiverte, de er menn i natur- og friluftsbarnehager.» Dette skriv Olav

Hilde Alme pedagog i barnehage i 25 år, i naturavdeling frå 2006. Tek for tida desen- tralisert master i organi- sasjon og leiing. FOTO PRIVAT

«Så vil søkjarane truleg kome, heilt av seg sjølv.»

40 | UTDANNING nr. 2/24. januar 2014

Made with