Utdanning nr 02-2014

Bjarne Lyseklett og Kari Emilsen i sluttrapporten sin: «Menn i natur- og friluftsbarnehager», 2007. I kor stor grad er slike ting blitt vektlagt i denne samanhengen? I kva grad blir forsking om barns utvikling i naturlege omgjevnader vektlagt for barnehagen si vidare utvikling? Om naturen som rom for barns utvikling blei ein større del av studie, for alle barnehagelærarar, kan det vere det hadde vore litt meir spennande for ei større gruppe søkjarar. Eg seier ikkje at alle barnehagar skal bli naturbarnehagar, men at det må bli eit element i alle barnehagar, til dømes for ei avdeling per barnehage, nettopp fordi det sti- mulerer barns utvikling på ein rask måte og sam- stundes ville vere meir i samsvar med samfunnet

sine krav og behov. Det er då trass alt til det beste for barnet, skulle ikkje det ha noko å bety? Vigdis Foss og Svein Ole Sataøen, tilknytt Høg- skulen i Bergen, har gjennom utviklingsarbeidet på området menn i førskulelærarutdanninga jobba med å rekruttere/motivere mannlege studentar til barnehagen. Dei kjem med tiltak, som å sikre at mannlege studentar blir følgt opp av mannlege praksislærarar til dømes, lage «rom» for mannlege studentar. Men bør vi «stenge inne» deira viktige ekspertise? Eg er litt usikker, kanskje treng vi damer at dei påverkar miljøet? Sjølv har eg jobba med menn dei siste åra, nett- opp i naturbarnehage. Dei har fått påverka med sin kultur, på lik linje med den kvinnelege kulturen.

Resultatet er menn som elskar jobben sin ute, barn og vaksne som har fått ein god og rikare kultur- miks. Ein stad der likestilling og medverknad blir til i praksis, kvar dag. Eg trur vi i større grad må rette blikket meir til vår trauste barnehagetradisjon og ut i samfun- net elles, for å finne ei av årsakene til minkande søkartal. Dette, i tillegg til løn, god pedagogdek- ning, ikkje for store grupper, tilbod om etterut- danning som gir utslag på løna, må mellom anna på plass. Om vi òg blir flinkare til å løfte kunnska- pen vår, er vi på god veg. Så vil søkjarane truleg kome, heilt av seg sjølv. For dette yrket har verdiar som er mykje større enn nokon lønningspose kan innehalde. Større mysterium er det kanskje ikkje.

Ny utgave!

Stein på stein Stein på stein er grundig oppdatert og revidert med nye tekster, illustrasjoner og oppgaver. Lyttematerialet er betydelig utvidet, og oppgaver og prøver er lagt opp mot norskprøven. Stein på stein dekker målene i den nye læreplanen for norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere, nivå B1.

••• Lansering på Astrup Fearnley Museet i Oslo 4. april . PÅ LAGER I APRIL PÅ LAGER I MAI

KURS I APRIL OG MAI Følg med på

cdu.no/noa

41 | UTDANNING nr. 2/24. januar 2014

Made with