Utdanning nr 02-2014

Innspill

Lissepasning til KS

Når Utdanningsforbundet nå skal forhandlemed KS omarbeidstid og lønn, er eg redd forsøket på å alliere segmed regjeringa blir ein feilslått strategi. Dei set omdømmet til lærarane på spel.

Av Jogeir Bigset lærar og medlem av Utdanningsforbundet FOTO PRIVAT

Utdanningsforbundet har vore påfallande posi- tive til regjeringsskiftet og kunnskapsministeren. At folk er letta over å sleppe at Kristin Clemet sit i ministerstolen, er ein ting. Men å snakke ministe- ren så til dei grader etter munnen er likevel ikkje av det gode. I Aktuelt på NRK den 3.12.13 hevda nestleiar Stef- fen Handal at der finst masse ukvalifiserte lærarar i skolen i dag, og at kompetanseløft for lærarar er bra. Ukvalifiserte lærarar, kven er det eigentleg han snakkar om? Det høyrest ut som om han set likskapsteikn mellom lærarar heilt utan lærarut- danning og oss med. Bodskapen blir i alle fall at lærarane er ikkje kunnskapsrike nok. Dei treng meir utdanning. Skal vi heve dei dårlege resultata i skolen, må lærarkompetansen hevast. Dette har vore refrenget frå høgrepolitikarane sidan valkampen starta i ˆor haust. Det må vere musikk i øyra til Torbjørn Røe Isaksen. Meiner verkeleg Handal at lærarane si manglande kom- petanse er viktigaste årsak til svake PISA-resultat? Er dette å styrke omdømmet til lærarane? Eg kan ikkje sjå at det er forbundet si oppgåve å rakke ned på kompetansen til eigne medlemmer. Sjølvsagt er det bra med ei kompetanseheving for lærarar. Eg er ikkje imot det, men meiner at her burde det vere forbundet si oppgåve å nyansere debatten. Vere tydeleg i sitt forsvar av lærarkom- petansen, og vektleggje dei andre faktorane som også spelar inn på resultata. Det er faktisk slik at lærarar flest har minst fireårig høgskoleutdanning. Vi kan jobben vår. Handal mumla rett nok noko om byråkratisering av læraryrket og ei underskriftskampanje. Det blir for svakt. Å vere audmjuke er bra, men det får vere måte på. Utdanningsforbundet sin strategi byggjer ned omdømmet vårt. Dei sel det på billegsal, utan å vite kva dei får igjen for det. Kva talar eigentleg for at regjeringa kan hjelpe i lønnsforhandlinga? Om Erna Solberg signaliserte ei kraftig lønnsauke for lærarane, ville det vere ei katastrofe for slunkne kommunekasser. Å til- dele store midlar til eit slikt løft, er det ansvarleg økonomisk politikk? Vi har rundt rekna 150.000 lærarar her i landet. Eg trur samfunnsøkonomien dessverre trekk trumfkortet her. Korleis tenkjer forresten forbundet at regjeringa

skal få gjennomført sin plan om etter og vidareut- danning for lærarane, utan ei kraftig utviding av lærarane sitt arbeidsår? Kva vil noko slikt koste, om ikkje regjeringa er heilt på linje med KS sitt krav om eit mindre komprimert arbeidsår for lærarar? Det er KS som er forhandlingspartnar. Slik eg ser det, manglar regjeringa gjennomføringskraft i skolen, og ho har ikkje mykje anna enn gode intensjonar. Med denne strategien står forbundet i fare for å gi KS gode argument i skoleraseringa. Frå KS si side kan dei no hevde at lærarane ikkje fortener høgare lønn, sidan dei er inkompetente. Folkeo- pinionen, den har KS med seg, sidan bodskapen har vore hamra inn i alle kanalar. Hamringa, den har rikspolitikarane, journalistane, forskarane og no lærarane sin eigen organisasjon(!) stått for. Vidare kan KS hevde at for at lærarane skal få heva kompetansen, må dei vere på jobb når elevane har ferie. Då kan det bli mogleg, innanfor dagens øko- nomiske rammer, å kurse dei. Skulle det vedunderlege skje, at regjeringa på ein eller annan måte kjem til hjelp, er det slett ikkje verdt prisen. Godt omdømme er etter mi meining noko av det mest verdifulle ein profe- sjon kan ha. Eg er stolt over å vere lærar. Eg er stolt over kom- petansen vi lærarar har, og ikkje minst er eg stolt over det pedagogiske arbeidet vårt. Yrkesstoltheit er mykje viktigare enn lønn og arbeidstid. Nokre ting bør rett og slett ikkje vere til sals.

«Utdanningsforbundet sin strategi byggjer ned omdømmet vårt.»

42 | UTDANNING nr. 2/14. januar 2014

Made with