Utdanning nr 19 - 2014

Minneord

Christian Grønborg Christensen

Den triste meldinga nådde oss om at vår kjære venn og kollega Christian hadde gått ut av tida. Tilfellet var at meldinga kom under den årlege samlinga av tillitsvalde i tidlegare Gudbrandsdal Lærarlag, noko som kom til å prege dette samværet sterkt. Christian var ein naturleg deltakar i desse samlingane inntil sjukdommen hans gjorde det umogleg. Christian var opphavleg dansk, men slo seg ned i Øyer, der han var lærar på 1970- og 1980-talet. Han var ein godt likt lærar, sporty, humørfylt og fagleg flink. Han var ein god kollega, lett å samarbeide med og bidrog aktivt til eit godt læringsmiljø. I fylkeslaget var Christian mangeårig styremedlem og kursleiar. Mange vil hugse hans blide åsyn og godmodige innfall med eit smil. For oss fagforei- ningskollegaer var han ein inspirator som ofte kommed gode korrektiv eller ein utløysande, frigjerande replikk. Men framfor alt var han ein god og kjær venn som vi nå saknar sårt. «Årsmøtet» vårt vart denne gongen annleis. Vondt, men også godt, fordi tids- punktet gjorde at det i det vesentlege vart eit minnesamvær for Christian. Mange bilete og gode historier, som da Christian i ein sein kveldstime under strevsam utarbeiding av eit komplekst spørjeskjema løyste det heile slik: – Vi må ikkje stille så mange spørsmål, for da får vi så mange svar!

Venner lad oss drikke og se på hinanden

Spar ikke på venlighed vi ved ikke hvem af os

der først vil blive til ingen eller noget ufatteligt andet men i dag kan vi nå hinanden

og høre hinandens latter Det må vi benytte os af

Drik ud

men langsomt

opmærksomt Spar ikke på angst og venlighed.

Ærbødige takkar vi for alt Christian var for oss og lyser fred over hans vakre minne.

Venner frå Gudbrandsdal Lærarlag

Rundt bordet i hytta føler vi at Christian formanar oss gjennom Benny Ander- sens vakre dikt:

Odd Asbjørn Mediås

Odd Asbjørn Mediås, fødd i 1930, døydde 28. oktober 2014. Han var skole- direktør i Nord-Trøndelag frå 1985 til 1992. Med hans utdanningsbakgrunn med lærarprøve, mellomfag i norsk og pedagogikk hovedfag, saman med allsidig praksis frå lærargjerning, 28 år som kommunal skolesjef og erfaring frå ulike verv i lærarorganisasjonsarbeid, hadde han ein rik erfaringsbak- grunn for skoledirektørembetet. Han hadde også erfaring frå frivillig kultur- og idrettsarbeid, og med leiar- og utgreiingsarbeid innan sektoren. Vi skoledirektørane sette stor pris på å ha Odd Asbjørn Mediås som interes- sert og kreativ kollega. Samarbeid på tvers av fylka, og særleg i Midt-Noreg, var naturleg for han. Med hans bakgrunn var det naturleg at Kyrkje-, utdan- nings- og forskingsdepartementet i 1992 gav han i oppdrag å skrive skole- direktørembetet si historie. Med tenestestad på Høgskolen i Nord-Trøndelag gjennomførde han denne oppgåva med glans, og i 1996 kom boka «Skole- direktørembetet i Norge 1860-1992». Dette utgreiingsarbeidet på nær 700 sider gav han doktorgrad. Denne boka handlar ikkje berre om skoledirektør-

embetet, men gir eit breidt og spanande oversyn over norsk skoleutvikling, samstundes som ho gir perspektiv på samfunnsutviklinga i perioden. Seinare heldt Mediås fram med ulike skoleforskingsprosjekt av lokalt og nasjonalt tilsnitt. I 1998 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for sin innsats. Vi som var kollegaer i andre fylke, er takksame for det gode samarbeidet vi hadde med han, og for det verdfulle forskingsarbeidet han gjorde til nytte for norsk skole. Kona Aud var til god støtte for han i arbeidet, og vi har med- kjensle med henne i tapet av Odd Asbjørn.

Vi lyser fred over minnet til Odd Asbjørn.

Skoledirektørvener v/ Elen Lein

54 | UTDANNING nr. 19/14. november 2014

Made with