Utdanning nr 19 - 2014

Fra forbundet

Utdanningsforbundet Ragnhild Lied | leiar

FOTO TOM-EGILJENSEN

Lærarløftet treng ei breiare plattform

«Regjeringa må tenke breitt om kompetanse.»

I haust la Torbjørn Røe Isaksen og Erna Solberg fram «Lærarløftet», ein strategi for regjeringa sitt arbeid med å styrke skulen. Det vart ikkje stor jubel for satsinga, sjølv om det i strategien ligg mange tiltak som lærarar flest vil ha. Grunn- utdanning for lærarar på masternivå og gode vilkår for vidareutdanning er tiltak som Utdanningsfor- bundet har arbeidd for lenge. Kvifor er det likevel skepsis til lærarløftet? Kanskje er denne strategien for einsidig retta mot den formelle lærarkompetansen. Lærarar opplever at mange elevar i dag slit med å finne meining i skulen – og dei ser at å hjelpe elevane til større kunnskap er ei kompleks oppgåve. Den formelle kompetansen som læraren har, er svært viktig, men ikkje nok. Læraren må rå over fleire ressur- sar i samspelet med elevane. Lærarar treng tid, armslag og tilgang til eit variert spekter av lære- middel og støttetiltak. Kompetansen til lærarar er ein god miks av for- mell utdanning og praktisk erfaring. Men det må vere ein rimeleg balanse mellom tid for handling, tid for refleksjon og fagleg samhandling i lærar- kollegiet. Den profesjonelle kunnskapen er frukt av god utdanning og godt lærararbeid, og ligg til grunn når læraren bruker sitt skjønn. Det ligg ansatsar i Lærarløftet som kan knyte formell kompetanse til praktisk erfaring. Karri- erevegar for lærarar er eit tema som har fått eit eige kapittel i strategien. Omfattande pilotprosjekt

skal settast i gang i ulike skoleslag. Nokre er skep- tiske og trur at nye karrierevegar vil dyrke fram ekspertstillingar for nokre få – og gi mindre tid til utvikling for resten av kollegiet. Det er ikkje det skulen treng. Det ser nok også regjeringa – for «lagbygging» og «kollegabasert vidareutdanning» er omgrep som vert nytta hyppig. Så her gjeld det å overtyde lærarane om at faglege karrierevegar først og fremst skal virke til utvikling av heile organisasjonen sin kompetanse. Så attende til der eg starta – kvifor er det ikkje meir begeistring over ein strategi som har som mål å løfte vår eigen profesjon? Eg trur at lærarar i kvardagen merkar at skoen trykker på fleire ulike stader. Lærarane har tapt i dei siste tariffoppgjera, kommunane knip på skulebudsjetta og vi har kjempa ein hard forsvarskamp for ei arbeidstids- ordning som gjer det mogeleg å drive ein profe- sjonell praksis. God formell kompetanse er utan tvil viktig for lærarprofesjonen – men kompe- tansen kjem til sin rett berre innanfor rimelege rammevilkår. Medlemmene er ikkje overtydd om at denne forståinga ligg til grunn for styringa av skulen, korkje lokalt eller nasjonalt. Regjeringa vil det beste for elevar og for skulen. Det har dei til felles med norske lærarar. Det ligg både vilje og økonomi i Lærarløftet. Skal dette bli ei vellukka satsing, må regjeringa tenke breitt om kompetanse – og om vilkåra for å bruke kunn- skapen.

56 | UTDANNING nr. 19/14. november 2014

Made with