Utdanning nr 14 - 2014

Reportasje

Elev Aud Elin Heskje på 1. trinn ved Rosseland skule leitar etter rett bokstav, medan inspektør Heidi Barvik nyttar høvet til å hjelpe ein av dei andre elevane i gruppa.

– Me trong eit lyft

Til jul kunne alle elevane på 1. trinn ved Rosseland skule på Bryne lese, og i februar skreiv dei eigne tekstar.

– Å lære to bokstavar i veka samt bruke lyd på øyra har gitt gode resultat, men me starta skuleåret etter gammal metode, med å lære elevane ein bokstav i veka, seier inspektør Heidi Barvik ved skulen, som ligg i Time kommune i Rogaland. Etter oppslag i media om lese- og skriveopplæ- ring, og forsking som viste at elevane knekk lese- koden raskare ved å lære fleire bokstavar i veka, byrja kollegiet ved skulen å reflektere over temaet. – Korfor driv me med det gamle, når det ikkje gir framgang? var spørsmål lesepedagog Mari Lura Elvedahl stilte. Både ho og Barvik har vore pådrivarar for den såkalla STL+-metoden (Skrive seg til lesing). Når elevane trykker på ein bokstav på PC-tastaturet, blir bokstavlyden lese opp, og heile ordet når det er ferdigskrive.

– Å kople dei to tinga er veldig viktig, fordi du får repetert. Har du skrive eit ord mange gonger, kan du det, hevdar lesepedagogen, som har brukt pedagogiske treningsprogram tidlegare ved ein annan skule. Nå har ho fått kollegiet ved Rosseland skule på gli. – Dei har ikkje visst kva STL+ var, men har blitt interesserte etter kvart, seier ho og tar oss med inn i klasserommet for å vise oss korleis elevane jobbar. Langs den eine veggen står seks stasjonære datamaskinar. Ved ein av dei sit førsteklassingen Bjørnar Heigre Gjerdevik. Han skriv at han skal på stranda i sommar og at der er sanden varm. Han tastar inn bokstavane v-e-r-m-e. Stemma frå datamaskinen les «verme». – Seier du «verme»? spør Barvik.

TEKST OG FOTO Lise-M.VikseKallåk

26 | UTDANNING nr. 14/5. september 2014

Made with