Utdanning nr 14 - 2014

Ho er òg med inn i klasserommet og nyttar høvet til å hjelpe. – Ja, eg seier det, svarar Bjørnar. – Eller er det «varm» du seier? Barvik gir seg ikkje før eleven har skrive ordet rett. Han får setninga på øyra att. – Åh, «varm sand», seier han, og endrar e-en til -a. To vaksne på 23 elevar – Det er krevjande. Elevane skal lære å skrive orda rett og må ha vaksne som kan rettleie, seier inspektøren, som har skjerma desse timane. – Du er ganske sveitt på ryggen, du skal rundt og sjå at alle meistrar, seier lærar på 1. trinn, Lise Emberland. Ho fortel at dei alltid er to vaksne i ei gruppe (23 elevar). Resten av elevane driv med sjølvgåande aktivitetar medan dei andre skriv. Å bruke datamaskin fenger gutane, meiner ho. – Dei er tekniske, ikkje så motoriske, forklarar ho. Emberland har hatt 1. klasse tre gonger tidle- gare og fortel at gutar som berre skriv tre ord med blyant, gjerne skriv ei halv side når dei får bruke PC. Ho finn fram ei bunke med arbeidsbøker der elevane har limt inn tekstane sine, som dei har illustrert med teikningar. – Dei flinke skriv masse og spør etter ord. Medan dei i andre enden er kjempenøgde med å ha skrive to setningar, seier Emberland. Ho meiner alle får utfordringar på sitt nivå. Tek- sten dei har skrive, får dei i heimelekse. – Dei synest det er lystprega å lese eigne tekstar. Det blir differensiert, meiner Emberland. Elevane har òg øvd på høgfrekvente ord. – Det har òg hatt ein verknad. Det er noko me ikkje har gjort før, seier læraren på 1. trinn. – Dei blir òg veldig medvitne om punktum, påpeikar ho og forklarar at talesyntesen ikkje

stoppar opp dersom det ikkje er teikn i ein tekst. Då les stemma utan stans. – Brukar elevane berre datamaskin? – Me har øvd på bokstavforming parallelt, men ikkje så mykje, røper ho. Mari Lura Elvedahl forklarar at dei ikkje rein- dyrkar STL+ ved skulen, det vil seie at dei ikkje lar blyanten liggje til 2. trinn. Gode resultat på kartleggingsprøver På slutten av skuleåret gjennomførte alle elevane på 1. trinn Utdanningsdirektoratet sin kartleg- gingsprøve i norsk. Den viser opplyftande resultat. – I år var det ein ny test, så me har og tatt den gamle, for å kunne samanlikna med tidlegare år, forklarar inspektøren. Også denne prøva viser framgang. Barvik peikar på tala for 2011, der 16 prosent (12 elevar) er på eller under kritisk grense når det gjeld «å trekkje saman lyd». I år var prosenten null. Ser ein på «å lese ord», var prosenten 16,67 i 2013 og 3,6 i 2014. Å lese setningar viser høvesvis 6,7 og 2 prosent. Samanlikna med andre skular i regionen talar òg resultata for seg. Barvik legg fram statistikken som syner at dei òg skårar betre enn andre skular i regionen når det gjeld «å trekke saman lydar til ord», «å lese ord» og «å lese er å forstå». – Me ser at me har gjort noko som er rett når det gjeld resultat, meistringsnivå og iver, seier Barvik, sommåtte hente inn lesebøker frå 2. trinn til ele- vane for å møte dei på rett lesenivå. – Ingen skil seg ut – Er det nokre elevar som meiner læraren har gått for fort fram? – Nei, ingen, seier Mari Lura Elvedahl. – Kva med dei elevane som har lese- og skrivevanskar? – Gjennom heile året har elevane blitt testa, og

dei me har fanga opp, har fått ekstra støtte med lyd, seier lesepedagogen. At alle brukar datamaskinar med tale, meiner ho er ein fordel. Ingen skil seg ut. Ho meiner òg at metoden er bra for tospråklege. Når dei høyrer bokstavlyden, erfarer dei samanhengen mellom lyd og bokstav. Denne samanhengen er utfor- drande å forklare til elevar som ikkje kan lese og skrive, og som ofte heller ikkje forstår opplærings- språket. – Har lærarane fått nokon form for opplæring før dei starta? – Logoped Tone Finne, candidatus spesialpe- dagogikk (cand.paed. spec), som har vore ein pådrivar for STL+, var her ein planleggingsdag og ho har òg gitt rettleiing undervegs. Samstundes er Mari Lura Elvedahl ein ressursperson når det gjeld pedagogiske treningsprogram, opplyser Barvik. Programmet er òg introdusert for foreldra, som blei tipsa om kva dei kan øve på med ungane. Mari Lura Elvedahl fortel at foreldra kan laste ned ein app for nettbrett med talesyntese. – Me har tru på dette, me har sett at det verkar og vil utvikla det vidare, seier Barvik. Viktig å ha med administrasjonen Inspektøren og lesepedagogen understrekar at det er viktig å ha med administrasjonen når slike omleggingar skal skje. Både når det gjeld lærarres- sursar og det å motivera medarbeidarane. Begge innrømmer at ikkje alle pedagogane var overtydde då dei endra metode sist haust. Dei fortel at ein- skilde lærarar var noko skeptiske og redde for at elevane skulle bli prøvekaninar, men at alle læra- rane på 1. trinn var positive. – Skepsis er i utgangspunktet sunt, og me ser dei kjem etter kvart, meiner Barvik, som reknar med det vil ta ein fem års tid før metoden er implementert.

Bestill undervisningsmateriell helt GRATIS! ELEVOPPGAVER / MILJØ OG KLIMA / OM MOBBING / PLAKAT / BARNS RETTIGHETER / KNYTTET TIL KOMPETANSEMÅL

NÅ OVER 80

MATERIELL

✱ Ulike kilder – alt på et sted! ✱ Oppdatert og aktuelt materiell! ✱ Stort utvalg i forskjellige fag!

kostnadsfrie undervisningsmateriell

27 | UTDANNING nr. 14/5. september 2014

Made with