Utdanning nr 14 - 2014

Kronikk

Matematikklekser – ei hindring for elevars læring?

Fire av ti 10.-klassingar får karakteren 1 eller 2 på skriftleg eksamen i matematikk (Udir, 2014).

auka meistringsforventning. I motsetnad vil ein elev med lav meistringsforventning kunne føla at sjølvoppfatninga blir trua dersom oppgåvene blir for vanskelege. Lav innsats kan då brukast som forsvarsstrategi. Resultatet blir gjerne dårlege prestasjonar, liten grad av læring og utvikling av lært hjelpeløyse. Lav meistringsforventning kan dermed bidra til at elevar yter liten innsats for å utvikla ny kunnskap. Dei gir opp. Meistringsforventning kan påverkast Bandura (1997) viser til fire hovudkjelder. Av desse er autentiske meistringserfaringer vikti- gast. Tidlegare erfaringar med liknande oppgåver kan auka eller redusera meistringsforventninga, avhengig av om desse er positive eller nega- tive. Dårlege meistringserfaringer er mest kri- tisk tidleg i innlæringa, då elevar kan tilskriva (attribuera) manglande meistring til negative eigenskapar ved seg sjølve. Ei anna kjelde til meistringsforventning er det Bandura kallar vikarierande erfaringar, som inneber å læra av andre sine erfaringar. Her brukar eleven personar det er naturleg å samanlikna seg med og vurderer i kva grad han sjølv meistrar oppgåver ut frå om desse har meistra tilsvarande utfordringar. Det blir dermed avgjerande kven eleven identifise- rer eller samanliknar seg med. Ei tredje kjelde til påverknad av meistringsforventning er verbal overtaling, der oppmuntring kan bidra til auka innsats, som igjen kan bidra til at eleven lykkast og opplever meistring. Verbal overtaling krev at det er til stades ein person som er kompetent til å vurdera kvar i læringsprosessen eleven er, for å kunne vita når og korleis ein bør oppmuntra til ekstra innsats. Fysiologiske og emosjonelle reak- sjonar er ei erde kjelde til meistringsforvent- ning. Lekser som vekkjer negative fysiologiske

Cecilie Hem lærar (adjunkt med opprykk) Høyanger vidaregåande skule Dorthea Sekkingstad høgskulelektor i utdanningsleiing Høgskulen i Sogn og Fjordane FOTO PRIVAT

ILLUSTRASJON Lars M. Aurtande | aurtande.no

Ikkje i noko anna fag er det like mange som får dei lågaste karakterane på eksamen. Resultat frå PISA-undersøkinga viser òg at matematikkfaget kjem dårleg ut. På kva måte kan lekser fremja eller hemma læring i matematikkfaget? Frå elevar har vi høyrt både «eg har ikkje gjort leksene, for det var ingen som kunne hjelpa meg» og «eg gidd ikkje gjera lekser, for eg får dei aldri til.» Når temaet vert teke opp i lærarkollegiet, får vi gjerne dette svaret: «Vi må gi lekser, elles kjem vi oss ikkje gjennom pensum» eller «elevane må rekna mykje for å læra seg matematikk». Dette er gode poeng. Vi stiller likevel spørsmål ved kva følelsar elevane sit att med dersom dei gang på gang opplever manglande meistring av lekser. Korleis påverkar dette elevane si læring? For å forstå læring kan det vera verd å sjå nærare på forholdet mellom lekser og meistringsforvent- ning. Meistringsforventning seier noko om ein persons vurdering av i kva grad han er i stand til å meistra bestemte oppgåver (Bandura, 1997). Forsking har vist at meistringsforventning er bestemmande for val av aktivitetar, for innsats og uthald, og for val av læringsstrategiar. Elevar med høg meistringsforventning lærer betre og løy- ser fleire problem enn andre (Skaalvik & Skaal- vik, 2013). Desse elevane vel gjerne å jobba med vanskelege oppgåver, legg ned nødvendig innsats for å meistra og oppnår dermed ny kunnskap og

FOTO INGEBJØRGVIKESLAND

>

54 | UTDANNING nr. 14/5. september 2014

Made with