Utdanning nr. 16 - 2015

Ut i verda

Skottland

Stadig fleire elevar er underernærte

222.000 born i Skottland vert kategorisert som fattige, og no har lærarane fått informasjon om korleis dei kan oppdage om elevar er underernærte, ifølgje avisa The Independent. I skrivet frå lærarorganisasjonen Educational Institute of Scotland står det at medan svolt hjå elevar før var sjeldan, er det nå blitt meir vanleg, ettersom stadig fleire familiar slit økonomisk. EIS har nyleg gjennomført ei undersøking som viser at lærarar stadig oftare må hjelpe elevar som får for lite mat, mellom anna ved å melde dei på ei skulefrokostordning eller fortelje foreldra kor- leis dei kan få støtte. Ein talsperson for den skotske regjeringa støttar råda frå lærarorganisasjonen og legg skylda på den bri- tiske regjeringa for at fleire skotske barn vert fattige.

Tyskland

Russland

Vakter skal sjekke bilane til lærarane

Vaktene ved russiske skular får utvida oppgåver. Dei skal mel- lom anna kontrollere bilar for å hindre at dei fraktar inn farlege gjenstandar eller tek med seg noko som høyrer til skulen, går det fram i framlegget til ny stillingsinstruks, ifølgje den rus- siske nettavisa M24. Vaktene skal dessutan sjekke om elevane har med seg narkotika og hindre skulking og røyking. I dag har dei som hovudoppgåver å passe på skulen sin eigedom og hin- dre at uvedkommande kjem inn.

To syriske flyktningborn på jernbanestasjonen i München. No arbeider styresmaktene på høggir for å sikre skulegang til alle. FOTO SIPAUSA/NTBSCANPIX

Skulane må auke kapasiteten for flyktningborn

CLUB ENGLAND

Skulane i München har auka kapasiteten i mottaksklassar med 20 prosent samanlikna i fjor. Men styresmaktene vedgår det er heilt uvisst om dette vil vere nok. München er delstatshovudstaden i Bayern, inngangsporten til Tyskland for dei mange hundre tusen flyktningane frå borgarkrigen i Syria. I Bayern har born av asylsøkjarar rett og plikt til å gå på skule, og no vurderer styresmak- tene å tilsette endå fleire lærarar i mottaksklassane for nyleg komne inn- vandrarborn. Ifølgje den amerikanske avisa Los Angeles Times har dei ikkje oversikt over kor mange born i skulealder som har kome dei siste vekene. Desse innføringskursa varer frå eit par månader til to år. Her skal borna både få ei grunnleggjande innføring i tysk språk, men òg lære sosiale kodar som kan skilje seg frå det dei er vande med i heimlandet, som at gutar og jenter ser kvarandre i auga når dei snakkar saman, ifølgje avisa. Monika Steinhauser, leiar for lokalavdelinga til Flyktningrådet, kritiserer styresmaktene for ikkje å ha budd seg på situasjonen som no er oppstått. – Følgjer dei ikkje med på nyhendene? seier ho til avisa. Ifølgje Michael Stenger, som leiar ei gruppe lærarar som underviser inn- vandrarar, er det først heilt nyleg at lærarutdanninga omfattar korleis ein skal handtere born med krigstraume. – Difor kan det vere vanskeleg for ein lærar å forstå kvifor ein elev som tidlegare har gjort det godt på skulen, brått byrjar å slite, seier han til Los Angeles Times.

Perfekt som start eller slutt på 10. klasse. Gratis lederplasser. Vær raskt ute hvis klassen vil reise i juni eller om høsten! RABATT 650,- PR. ELEV AKTIVE OG LÆRERIKE KLASSETURER

Scarborough med York

Brighton med London

Spennende badeby, flotte strender og fornøyelsespark. Språkkurs, evt. ligakamp. York med Viking Centre. Kombinér med London eller Skottland.

E nglands mest berømte ferieby, nær London, som vi besøker på dagstur. Fantastisk reisemål hvor dere treffer ungdommer fra hele verden.

www.clubengland.net info@clubengland.net

900 22 310 22 11 13 33

The leading class tour to England for almost 50 years

19 | UTDANNING nr. 16/2. oktober 2015

Made with