Yrke Test

20 • YRKE desember 2013

kompetanse for framtida

”Bruk av hendene til å utføre arbeid er sjølve kjernen i vår utvikling. Vi kan takke teknisk orienterte geni og men- neske med praktisk sans for at vi er på det velstandsnivået vi er i dag. Noreg er på god veg inn i eit postindustrielt sam- funn med innleigd utanlandsk arbeids- kraft til meir og meir av det manuelle arbeidet, men uansett korleis vi ønskjer å forme framtida, vil det vekse opp ung- domar med ulike styrker og interesser. Mange har det i seg at dei likar fysisk ar- beid, er tilfredse med å skape eit produkt og få ting til å verke. Færre og færre av desse ungdomane finn rollemodellar eller miljø som kan forme dei.” Orda tilhøyrar lærar Arne Olav Walbye. Han skreiv dette i tidsskriftet Bedre skole nr 1/2011, etter at han hadde opplevd tre elevar som, sjølv om dei eigentleg var der for å skulke, raskt kom til med interesserte og gode råd då han skulle gjere eit komplisert reparasjons- arbeid i kantina. Det er ei særs nyttig og viktig påminning, og ikkje minst med tanke på kva kompetanse vi treng for å handtere morgondagens utfordringar. Vi vil, på ei rad samfunnsområde, kome til å trenge folk med handlekraft og praktisk sans. Utdanning er eit gigantisk prosjekt for samfunnsbygging. Erik Bye introduserte strofa «mangt skal vi møte og mangt skal vi mestre» i songen «Vår beste dag». Skulen handlar i grunn og botn om å kvalifisere komande generasjonar til nett det. Vi har ganske lang tradisjon her i landet for å sjå på skulen som ein danningsarena. I Danmark seier dei at ”i skolen skal man træde varsomt – for her

bliver mennesker til”. Og det fortel noko om kor stort skulens oppdrag er. Skule og utdanning er samfunnsbyg- ging. I dag er det slik, om vi tenkjer på heile perioden frå eittåringen startar

andre enden. Utdanning er også levd liv, med eigenverdi. Det er så å seie forming av livsprosjekt. Ta deg ein dag i ein barnehage og studer ivrige fireåringar i aktivitet. Dei utfor- skar verda, dei andre og seg sjølv, heile tida. Og dei lærar om det som er rundt dei, om kven dei andre er og kan vere og om kven dei sjølve er og kan vere. Den dyktige førskulelæraren veit mykje om akkurat dette. Ho er i stand til å følgje leiken til barna og til å hjelpe dei på respektfullt vis, til lærdom og vekst. Dette må vi ikkje tape av syne i vår iver etter å fylle skulen med alt vi, som er vaksne og kan ta avgjerdene nett no, av ein eller annan grunn akkurat i vår tid meiner er uomgjengeleg viktig. Skulen er ein sentral del av sjølve livsreisa. Og undervegs skal helst kvar einaste passasjer også få utvikla evna til å vere kapteinen på si eiga danningsreise. Viss dei ikkje lærar seg å vere kaptein der, vil dei neppe greie det når utdanninga er ferdig. Og om det skulle bli resultatet, er eg faktisk i tvil om kor mykje hjelp det er i alt det andre. Dei som går inn i det store utdannings- løpet i dag, vil verte pensjonistar mellom 2070 og 2080. Det er etter vår tid. Og det er, heldigvis, lenge til. På eit vis vil det vere rett å seie at svært mange av desse barna ein gong skal inn i jobbar som i dag ikkje eksisterar, der dei skal ta i bruk teknologi som ikkje er funnen opp enno og det for å løyse utfordringar vi i vår tid ikkje kjenner til. Kva vil dei då ha nytte av? Det er så vanskeleg å svare presist på at vi etter mitt syn gjer klokt i å ha ei audmjuk tilnærming.

forbunds kommentaren

Ragnhild Lied leiar i Utdanningsforbundet

i barnehagen til den vaksne personen avsluttar utdanningsløpet og går ut i arbeidslivet, at mellom ein tredel og ein firedel av livsløpet vert brukt på utdan- ning. Denne delen av livsløpet er ikkje berre ein transportetappe, der nokon har bestemt nøyaktig kva som skal hende med deg – slik at du kjem til nytte når det verkelege livet tek til først i den

Made with