Yrke Test

YRKE desember 2013 • 21

Mitt råd vil vere å tenkje breitt, å sikre at vi har ein skule og eit utdanningssys- tem med eit vidt spekter av innhald som gjer det sannsynleg at i alle fall ein del av dette (og sjølvsagt helst ein god del) vil kunne vere god ballast også i møte med ein røyndom vi i dag ikkje kjenner i detalj. Og eg trur at dei eigenskapane og kompetansane vi leiter etter når det gjeld dette, like gjerne er å finne i haldningar og i praktisk sans som i den spesifikke og teoretiske faktakunnskap. Når vi skal løyse dei kolossale utfordrin- gane verda står framfor i åra som kjem, er eg sikker på at mykje vil avhenge av vår evne til å sjå nye mulegheiter. Vi vil trenge kreative og kritiske hovud. Kreativitet handlar i kortform om å gjere ein forskjell, om å tilføre noko nytt og kanskje unikt. Det er så å seie snakk om vårt eige personlege stempel, det vi av eiga kraft kan leggje til det som allereie

finst. Skule må aldri reduserast til å handle berre om det som allereie finst. Då ender vi opp med ei tenking og ein praksis der det berre handlar om å over- levere og om å lære seg det overleverte. Dette kan vi så dele formelt inn i fag og setje opp standardar for kva ein skal tileigne seg og, ikkje minst, korleis dette så kan målast og dokumenterast gjen- nom eksamenar og testar der elevane skal framføre det dei hugsar av det over- leverte. Viktig nok, ja da, som ein del av det utdanning skal handle om. Men ikkje tilstrekkeleg for å utvikle den nyskap- ande, kreative og kritiske kompetansen vi vil kome til å trenge. Vi lærarar er forskjellige. Det er dei barna og elevane vi arbeider med også. Heldigvis. Likevel er vi ikkje alltid like gode til å møte kvar enkelt på ein måte som engasjerer dei. Vi lærarar må ta omsyn til det faktum at vi arbeider med

ulike individ. Det gjer vi når vi klarar å leggje til rette for at dei alle får ta del i lærings- og utviklingsaktivitetar i sitt rette element. Der et dette lærar Walbye minner oss på med sitt illustre- rande døme, der dei tre skulkarane vert interesserte bidragsytarar for snikkaren i kantina. I dette ligg også ei tung ut- fordring for leiarar på alle nivå: Legg til rette for at alle landets lærarar får høve til å undervise på ein slik måte at kvar einaste elev titt og ofte får lære i sitt rette element. Kva er viktig kompetanse i dag? Og kva er viktig om 70 år? Svara er komplekse og delar av svara er ukjende. Dei skal finnast av unge menneske som i framtida skal sjå nye mulegheiter og legge ny innsikt til den som allereie finst.

Made with