Utdanning nr 12-2014
Ut i verden
Spania
Storbritannia
Rektorar er uroa for islamistisk infiltrasjon
Plystrespråket silbo gomero bærer meir enn 3 kilometer, og er praktisk å bruke over dei djupe dalane på den spanske øya La Gomera. FOTO WIKIMEDIACOMMONS
Den britiske skuleleiarorganisasjonen The National Association of Head Teachers uttrykkjer uro over forsøk frå islamistar på å ta styring over offentlege skular. Det skriv avisa The Telegraph. Skulane skal ha vorte presse til at gutar og jenter må sitje kvar for seg i klasseromma og at undervisninga skal vere i tråd med islamsk lære. Tahir Alam er mannen som vert skulda for å stå bak kampanjen. I 2007 skreiv han ei detaljert handbok om «islamisering» av skular. No er han leiar for skulen Park View i Birmingham. Der må jentene sitje bakarst i klasserommet, ifølgje ein rapport frå utdanningsdepartementet. Det statlege kontrollorganet for skulen, Ofsted, granskar no 21 skular i Birmingham i samband med påstandane om infiltrasjon.
Unesco-meisterverk feirar fem år
ØK DIN KOMPETANSE!
Silbo gomero, også kjend som el silbo, er eit plystrespråk som blir brukt av nokre av innbyggjarane på La Gomera i Kanariøyane for å kommunisere over dei djupe dalane på øya. Sedan 2009 har el silbo stått på Unescos liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv. Språket blei utvikla av øyas første innbyggjarar, guanchane, for språ- ket guanche.
Plystrespråket spreidde seg også til øyane El Hierro, Tenerife og Gran Canaria. Da spanjolane okkuperte Kana- riøyane på 1500-talet, tilpassa dei siste guanchane plystrespråket til spansk, mens guanche døde ut. El silbo døydde nær ut på 1900-talet, men er no obligatorisk undervisning på skulane på La Gomera. Språket har seks lydar, og desse kan setjast saman til meir enn 4000 ulike ord eller konsept.
• Spesialpedagogikk (30 studiepoeng) • Årsenhet i statsvitenskap (60 studiepoeng) • Årsenhet i sosiologi (60 studiepoeng) • Norsk for barnetrinnet (30 studiepoeng) • Årsenhet i pedagogikk (60 studiepoeng) NKS Nettstudier har et bredt tilbud til lærere som ønsker å øke sin kompetanse:
Malta
Elevar planta eik og furu
For mer informasjon: nks.no/pedagogiskefag E-post: info@nks.no | Telefon: 22 59 61 00
Nylig planta elever frå Maria Regina College Mellieħa Primary School eik og furu i Rdum tal-Madonna i Mellieħa på Malta. Valletta-banken og byutviklings- og miljøstyresmakter sto bak initiativet, ifølgje nettutgåva til avisa The Malta Inde- pendent, independent.com.mt. – Ein dyktig lærar gjev von og stimulerer fantasi og læring. Slike opplevingar som denne i dag støttar skulene i å utvida skulelæring til praktiske økter der det lærte kan bli brukt og sett pris på, sa rektor Mary Rose Cordina til nettavisa. Totalt 1600 trær vil bli planta i regi av banken innan september I år.
19 | UTDANNING nr. 12/20. juni 2014
Made with FlippingBook