Utdanning nr 12-2014

På tavla

Bøker

Aktuell bok MELDT AV ArnaMeisfjord

Spennande om spenningsfeltet i lærarutdanninga

Denne boka er i seg sjølv eit godt døme på samanheng mellom teori og praksis.

Ann Elise Rønbeck har intervjua praksislærarar om kva som er viktig i diskusjonen med lærarstudentane. Rigmor Mik- kelsen har intervjua to studentar i starten på studiet om kva dei meinte var viktig i utviklinga som lærar. Elsa Løfsnæs har intervjua to lærarstudentar i avslutninga av studiet om deira vurdering av kunnskapsgrunnlaget for lærargjerninga. Løfsnæs, Jarvoll og Dalen har intervjua både praksislærarar og studentar om kva som blir vektlagt i praksisrettleiinga og i vurderinga av lærarstudentane si undervisning. Anne Grete Solstad har spurt 40 lærarstudentar om korleis praksisopplæringa førebur studentane til sin profesjonsrolle. Alle desse artiklane kastar lys over spenningsfeltet mellom dei to danningstradisjonane i lærarutdanninga. Når praksislærarar formulerer at dei i liten grad fokuserer på teoretisk refleksjon i møtet med studentane, og studentar på si side formidlar at dei ikkje opplever at prak- sislærarar er opptekne av å finne samanheng mellom lærarpro- fesjonen sitt teoretiske fundament og erfaringane i møtet med elevane, då har lærarutdanninga ei utfordring med å legitimere det danningsoppdraget som er nedfelt i nasjonale retningsliner for lærarutdanninga. I forsøksprosjektet «Pilot i Nord» blir ei femårig grunnsko- lelærarutdanning prøva ut ved Universitetet i Tromsø. Her skal studentar, praksislærarar ved såkalla universitetsskolar og fag- personalet ved universitetet, samarbeide om ei forskings- og utviklingsbasert og praksisnær lærarutdanning. Anne G. Daniel- sen, Rachel Jakhelln og Karin Rørnes har forska på erfaringane. «Å bli lærer» er ei svært relevant bok for alle som er oppte- kne av lærarutdanning. Boka bør bli pensum, ikkje berre for lærarstudentar, men også for praksislærarar og fagpersonale ved lærarutdanningane. Den sterke vektlegginga på forskings- og utviklingsarbeid i lærarutdanninga må føre til meir av den praksisnære forskinga, og samarbeidet mellom lærarutdan- ningsinstitusjon og skoleverket må styrkast. Her ligg eit stort uutnytta potensial for skoleutvikling. Denne boka stimulerer til refleksjon over praksis i lærarutdanninga og er i seg sjølv eit godt døme på samanheng mellom teori og praksis. Boka er med dette anbefalt på det varmaste!

En hel del folk foragter teori, men lever paa en praktisk idioti med skjulte gale teorier i. Thi hvad kan tænkes, siges eller skrives, i hvilket ikke teorier kives? – Med teori skal teori fordrives. (Kumbel)

Å bli lærer. Danning og profesjonsutvikling Av Anne Elise Rønbeck og Sidsel Germeten (red.) Akademika forlag 2014 205 sider

Dette verset av Piet Hein kommeg i hug då eg las boka «Å bli lærer. Danning og profesjonsutvikling». Som ein raud tråd går nemleg utfordringa med å få teoriar og praksisar i lærarutdan- ninga til å bli ein felles del av den danningsprosessen som er nødvendig ommålet skal bli myndige og profesjonelle lærarar. I målsetjingane for lærarutdanninga er det liten tvil om at idealet er reflekterte og praksisforskande lærarar. Teoretisk forankring og kritisk refleksjon over praksiserfaringar skal mellom anna vere sentrale trekk ved lærarprofesjonaliteten. Ein myndig lærar skal ikkje berre kunne vurdere dei ulike tilretteleggingane i klasserommet eller i den konkrete læringssituasjonen, men òg kunne vurdere dei rammefaktorane som verkar inn på læraren sitt handlingsrom. På bakgrunn av dei mange organisatoriske endringane av lær- arutdanninga dei siste åra, er det interessant med ei forskings- basert tilnærming som går inn til kjernen av lærarutdanninga. «Å bli lærer» er resultat av eit samarbeid mellom lærarutdan- ningsinstitusjonane i Nord-Noreg og er ei samling artiklar av fagfolk som har både erfaring og forskingsbasert kunnskap frå lærarutdanning og undervisning. Mary Brekke analyserer lær- arutdanninga sitt danningsprosjekt i eit historisk perspektiv. Då kristendomskunnskap, morsmål og historie var det rådande paradigme, kunne lærarane stå fram med autoritet for den oppveksande slekt. I den digitale danningsreisa blir genera- sjonskløfta ei større samfunnsmessig og pedagogisk utfordring. Gjennommange endringar av fag, organiseringar og arbeids- måtar i lærarutdanninga har praksiskomponenten overlevd. Kvifor er det slik, og kvifor er det så vanskeleg å få erfaringane frå praksisfeltet til å bli del av den teoretiske diskursen som går føre seg i fagstudium? Kva er det som faktisk formar studentane si lærarrolle? Korleis fungerer pålegget om at lærarutdannings- institusjonane skal sikre samanhengen mellom praksisfeltet og teoristudium på campus?

40 | UTDANNING nr. 12/20. juni 2014

Made with