Utdanning nr 12-2014

Innspill

Eg ser på ernsyn at det omsider har blitt klart at norsk skule er dramatisk dårleg. Eg les artiklar omdei mange som«droppar ut», somdet heiter. Men eg ser også at folk enno ikkje torer å henge bjølla på katta. La oss få ein skikkeleg renessanse for norsk Johanne Louise Groven Michaelsen cand. mag. med faga norsk, musikk og islandsk FOTO GUNNARA.STEEN innelukka på ein do for noko som ikkje har vore planlagt og aktivt «brotsverk», har eg enno ikkje høyrt om frå folkeskulen i Noreg. Likevel: I etter- krigspanikkens tid var det ingen som spurde om norsk og tysk skule hadde vore strenge på same vis eller som sette spørjeteikn ved om norsk skule trong revolusjonerande endringar. Ulogisk? Ja. Det var jo ikkje hos oss at ideen om gassing av men- neske hadde oppstått.

I samband med skrekken for «streng» skule kom tanken om at ord kunne vera for vanskelege for ungar. Ein måtte luke bort det vanskelege. Og folk sette seg i full naivitet til med å kartleggje kva ungar kunne skjøna, utan å oppfatte at dei fyrst og fremst kartla kva slag ord ungar kan forklare. Tenk om nokon skulle hindre oss vaksne i å få høyre ord som vi ikkje kunne definere? Vi veit kva orda vi bruker, tyder, men kan ha store vanskar med å definere dei. Ein stad i dette landskapet oppstod ideen om at ei tannlaus og overflatisk Ola-Ola-soge var det rette pedagogisk sett. I ettertid er det mykje av det som vart skrive og sagt i etterkrigspanikkens tid som verkar låtteleg. Når folk tok til å laga eit problem av fenomenet «pottetrening», til dømes. Eg har diverre gløymt namnet på boka der forfattaren tok til å skrive om pottetrening. Det var ei bok eg kom over medan eg las bok etter bok om krigen og dessutan bøker der ein spurde seg korleis det kunne vera mogleg at det vi hadde trudd var ein kulturnasjon, fann på slikt som konsentrasjonsleirar og gasskammer. Skulle pottetrening vera eit problem? tenkte eg. For noko tull. Dette har vi jo drive med overalt, ikkje berre i land som har synt seg å vera veike for fascistisk/nazistisk propaganda! Men når eg tenkjer på den pedagogiske moten etter krigen da vi ynkeleggjorde ungane våre så veldig, trur eg at det var resultat av at dei vaksne hadde hatt ei så barsk oppleving at dei ikkje takla det. Brått måtte ungane ikkje få høyre om troll, dei måtte ikkje høyre ordet «død», dei måtte bli skåna for det som var sørgjeleg og alvorleg. Til og med mange, mange år seinare trudde ei dame at det ikkje kunne bli fred i verda dersom ungar måtte lære det dei ikkje hadde hug til å lære. Kor livsudyktige skal folk bli av di vi sat att etter krigen med panikk og angst? Finst det nokon unge som har betre vit på kva han må lære for å klare livet, enn det dei vaksne veit som har vore gjen- nom ein del utfordringar på livsvegen?

Det er, så vidt eg har skjøna, berre prat om pen- gar og tekniske løysingar. Var det ikkje til og med snakk om å gje lærarane løn etter kva dei får til med elevane? Nei, folkens, gå til saka. Vêr ærlege. Politikarar og motepedagogar har vore saman om å byggje ned nivået i norsk skule etter krigen. Og ettersom notidas lærarar, som følgje av det, har færre kunnskapsressursar enn generasjonane før, har dei ikkje utan vidare nivå til å byggje nivået opp att. Alt da vi bytte frå Nordahl Rolfsens lesebok til „orbjørn Egners, gjekk vi eit stort steg nedover. I ettertid kan ein spørja seg sjølv kva som gjekk av den delen av norsk samfunn som trudde at «alt ble så meget bedre» med dette lesebokbyttet. Eg har ein teori: Avsløringane etter krigen hadde skremt folk. Det var ufatteleg, dette med konsen- trasjonsleirar og gassing av menneske. Ein såg seg kring etter kva som kunne få folk til å opptre slik. Og så … tenkte ein på at skulen i Tyskland hadde vore streng. Så vidt eg har skjøna, prøvde dei ikkje ein gong å definere kva dei meinte med «streng» skule. Dei spurde heller ikkje seg sjølv om norsk og tysk skule hadde vore like. Da eg las Mona Levins bok om Arne Næss og hans tid på tysk skule, kom eg til eit avsnitt der det stod at han, som var ordblind, vart låst inn på do ei natt av di han ikkje hadde klart seg i lesinga. Har nokon høyrt om liknande i norsk offentleg skule? Neppe. Vel kunne folk få seg ein rapp over fingrane når dei hadde vore ugreie, men når førre generasjon fortalde slikt til min generasjon, heitte det gjerne: «Men så hadde eg og vore ugrei!» Eg har også høyrt om verke- lege villstyringar som seinare takka læraren som hadde fått dei på rett kjøl – same om det hadde gått barskt for seg. Likevel, skal noko straffast, må det vera eit visst samhøve mellom «brotsverk» og straff. Seigpining

«Har eg lyst til å vera den som ringer til ambulanse etter ei ulykke?»

42 | UTDANNING nr. 12/20. juni 2014

Made with