Utdanning nr 12-2014

Kronikk

ungdommer og unge voksne i arbeidet med å fore- bygge voldtekt.» (3, s. 10) Straffelova paragraf 192 gjer greie for det juri- diske grunnlaget for at valdtekt er kriminelt, og det er heilt avgjerande at oppfatninga i samfunnet samsvarar med dette. Haldningane til seksuelle overgrep vil både ha konsekvensar for omfang av brotsverket og for i kor stor grad slike overgrep blir politimeldt. Straffelova rammar alle valdtek- ter, uavhengig av om kvinna og mannen kjenner kvarandre og uavhengig av samanhengen der vald- tekta finn stad. Både lova og førearbeidet til lova understrekar at det ikkje skal gjerast noko skilje mellom «verdige» og «uverdige» offer. Fleire undersøkingar viser likevel at det finst ei haldning i samfunnet om at ikkje alle valdtektsoffer er like «verdige». Ei undersøking frå 2007 ommenn sine haldningar til valdtekt (3, s. 12), viste at 30 prosent av dei spurte meinte at ei kvinne som er rusa, heilt eller delvis er ansvarleg om ho blir utsett for sek- suelle overgrep. Halvparten av dei spurte mennene meinte at ei kvinne som flørta openlyst, heilt eller delvis er ansvarleg dersom ho blir utsett for over- grep. Kvar femte av dei spurte mennene meinte at ei kvinne heilt eller delvis er ansvarleg for overgre- pet dersom ho er kjent for å ha hatt fleire partnarar. 27 prosent av dei spurte i undersøkinga meinte at ei rusa kvinne måtte «dele skyld» dersom ho vart valdteken etter å ha vorte med ein person ho ikkje kjenner heim frå byen. (3, s. 12) I ein studie om valdsutsette barn og unge i Oslo frå 2009 blir det konkludert med at dei alvorle- gaste tilfelle av seksuelle krenkingar og overgrep skjer i kjærastrelasjonar. Studiar av i kor stor grad seksuelle overgrep blir politimeldt, viser at sjansen for at valdtekt blir politimeldt, minkar di nærare relasjonen mellom offer og overgripar er. (3, s. 12) Ei undersøking frå Dixi ressurssenter viser at over 80 prosent følte seg skamfulle etter valdtekta og «Undersøkingar tyder òg på at slike opplevingar gir auka risiko for å utvikle rusproblem og for å bli utsett for nye overgrep.»

65 prosent følte at det var deira eiga skyld. Hand- lingsplanen mot valdtekt oppsummerer dette slik: «Følelsen av skam og skyld må antas å være nøye knyttet sammen med holdninger til voldtekt. Det synliggjør behovet for å kommunisere klart og tydelig om den grove krenkelsen og uretten et sek- suelt overgrep er. Det synliggjør også behovet for å understreke at voldtekt er en straffbar handling og at det kun er overgriper som har skyld i over- grepet». (3, s. 12) Kvinner og menn har ulik posisjon Forsking på seksualisert vald og valdtekt syner at dette feltet har ein kjønna karakter. Kvinner og menn har ein ulik posisjon, og forståinga av denne ulike posisjonen vil etter mitt syn vere heilt avgjerande for å kunne gjere eit godt førebyg- gande arbeid. Denne forståinga kjem klårt fram i handlingsplan mot valdtekt. Om det haldnings- skapande arbeidet står det mellom anna: «Foreldre og foresatte har i denne forbindelse et ansvar for å lære de unge å ha respekt for egne og andres grenser, både kroppslige og psykiske. Det er særlig viktig å bevisstgjøre unge gutter om dette, i og med at voldtekter også blant ungdom har en klar overvekt av mannlige gjerningspersoner og kvinnelige utsatte.» (3, s. 17) Seksualisert vald og valdtekt er alvorleg krimi- nalitet, og det faktum at denne form for krimina- litet i så stor grad blir utført av menn mot kvinner, rammar myten om likestillingslandet Noreg hardt. Når så haldningane til slik kriminalitet syner så store kjønnsmessige skilnader ved at menn i så stor grad som tidlegare vist, har ein tendens til å påleggje kvinnene ansvar for overgrepet, sam- stundes som kvinnene opplever skyld og skam, så skjønar vi at vi har ei stor utfordring, både i likestillingsarbeidet og i førebygginga av vald mot kvinner. Det kan vere utfordrande å ta inn over seg samanhengen mellom likestillingsarbeidet og kampen mot valdtekt. Men frå ein statistisk stå- stad er det tydeleg at problemstillinga er kjønna, og frå ein rettsleg ståstad er det klart at samfunnet har plikt til å hindre valdtekt. Har då barnehage og skole ei oppgåve? Innsats i barnehage og skole I «Handlingsplan mot voldtekt», blir innsats i bar- nehage og skole, sterkt understreka. Barna skal

ifølgje «Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver» utvikle forståing og respekt for eigen og andre sin kropp, og personalet skal leggje til rette for eit leike- og læringsmiljø som mellom anna stimulerer til trygg og utfordrande kropps- leg leik og aktivitet for alle, uavhengig av kjønn og andre fysiske og psykiske føresetnader. (4) Dei minste barna gjev uttrykk for sine opplevingar og sine kjensler i hovudsak gjennom kroppsspråk, mimikk og samhandlingsformer. Dei må bli teke på alvor og møtt med grunnleggjande respekt og med omsorg for det enkelte barn sin integritet. Der barna si sjølvkjensle blir krenkja, der kan og kimen til å finne seg i overgrep, eller utvikle mob- beåtferd og manglande empati, bli lagt. I skolefellesskapet blir relasjonane mellom gutar og jenter utvikla og stadfesta. Dei haldningane som blir kommuniserte her, vil dei unge ha med seg seinare i livet. Handlingsplan mot valdtekt slår fast at skolen er ein viktig arena for langsiktig og førebyggande arbeid. Førebygging av valdtekt skal heimlast i opplæringslova og i den generelle delen av læreplanen. Det skal knytast opp mot kompe- tansemåla i ulike trinn og fag. (3, s. 15) Førebygging av valdtekt blir dermed ein vesentleg del av skolen sitt arbeid for likestilling og likeverd mellom gutar og jenter. Men korleis står det til med likestillings- arbeidet i skolen? «Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008-2010» har vorte evaluert. Rapporten fekk den treffande tit- telen «Likestilling er jo ikke lenger det helt store..» Rapporten syner at skolane ikkje jobbar etter ned- felte, skriftlege målsetjingar for likestilling og dette arbeidet når ikkje opp i prioriteringa av kva det skal jobbast systematisk med i skolekvardagen. (6) Same tendens syner seg i ei undersøking om kjønnsrelatert mobbing mellom barn og unge. Kjønnsrelatert mobbing er vanleg i ungdomsmiljø, men lærarane og skolane har lite fokus på dette. (2) Handlingsplanen for likestilling hadde ei tids-

54 | UTDANNING nr. 12/20. juni 2014

Made with