Første Steg nr. 1-2014

Mannlege barnehagelærarar og yrkesliva deira gjennom fire tiår

Menn vert verande i barnehagen fordi dei tykkjer omdei faglege og personlege utfordringane. Dei som forlét barnehagen, gjer det av ulike årsaker. Ein av dei er erfaringanemenn har av kvinnedominansen og opplevingane av å verte vengeklyppa og tvinga inn i stereotypemannsrollar, ifølgje artikkelforfattaren.

gjort? Korleis vurderer dei det å arbeide i barnehage? Dette fekk egmulegheit til å realisere gjennomprosjektet Mannlege førskule- lærarar gjennom fire tiår – 1977–2007 . Her er hovudresultata. UNDERSØKINGA – OMFANG, OPPLEGGOGGJENNOMFØRING Det er utdanna 96mannlege barnehage- lærarar ved Høgskulen i Sogn og Fjor- dane i tidsrommet 1977 til 2007. Fem på 1970-talet, 12 i perioden 1980-89, 54 på 1990-talet, og 25 frå 2000 til 2007. Det var ein nokså stor «detektivjobb» å finne att alle dei 96 mennene. Ein god del av dei har eg hatt jamleg kontaktmed gjennom arbeidet mitt ved høgskulen og i MIB-prosjektet 1 . Gjennom desse kontaktane vartmange andre spora opp. I tillegg vart søkemulegheiter i form av googling og facebook tekne i bruk. 90 av 96 svarte på det nettbaserte spørjeskje- maet eg utarbeidde 2 . I tillegg intervjua eg eit utval informantar frå kvart av dei fire 10 åra om utfordringane dei har hatt omkring yrkesidentitet, yrkessval, yrkeskarriere i ei arbeidsverd prega av kvinnelege verdiar. Kor er mennene i dag? Først litt om yrkesaktivitet: Gulbrandsen (2007) har vist at 50,5 prosent av alle utdanna før- skulelærarane i yrkesaktuell alder arbei-

20 prosent menn i barnehagane når det nasjonale utbyggingsprogrammet i sektoren er fullført (Barne- og familie- departementet 1995, 1997, 1998 og 2004, og Kunnskapsdepartementet 2008). I arbeidet har det vore prøvd ulike tiltak med omsyn til rekruttering av studen- tar til barnehagelærarutdanninga og assistentar til barnehagen. Like viktig er det å arbeide fram tiltak i og omkring barnehagane som gjer at dei mennene som allereie er utdanna vel å halde fast på barnehagen som yrkesarena. Gjennomundervisningami i førskule- lærarutdanninga (no: barnehagelærar- utdanninga) ved Høgskulen i Sogn og Fjordane var egmed å undervise nesten alle dei 96mannlege studentane somhar teke utdanninga si der. Eg har lenge tenkt å spore dei opp for å finne ut meir om kva dei har gjort i tida etter utdanning: Kor er dei?Kva gjer dei i dag?Kormange av dei er framleis i arbeid i barnehagen? Kor mange er i skulen eller i andre job- bar? Kva har ført til at nokre av dei er i arbeidpå avdeling i barnehagane, medan andre har valt alternative karrierar? Kva har motivert karrierevala dei har

SVEINOLE SATAØEN Førsteamanuensis Svein Ole Sataøen (svein.ole.sataoen@hib.no) underviser og forskar ved Høgskulen i Bergen (privat foto).

Det har over lang tid vore arbeidd sys- tematisk for å få jenter til å gå inn i det som tradisjonelt vert kalla mannsyrke. Det same «presset» på å få gutar til å velje tradisjonelle kvinneyrke, har ikkje i særleg gradvoreuttrykt. Dettehar i heile denvestlege verda resultert i at kvinnene har gjort inntog i stadig fleire manns- dominerte yrke. Den same innrykket av menn i dei kvinnedominerte yrka har vi til no ikkje opplevd. Menn som kryssar kjønnsgrenser, snur i nokre tilfelle opp ned på oppfatningane som ligg innbakte i arbeidet og i dei oppgåvene som ligg i yrkesrolla (Bradley 1993 og Williams 1993). Det er få som til no ha analysert kvifor menn er underrepresenterte i kvinneyrke, og ikkjeminst kva somskjer med dei få mennene som går inn i desse yrka. Norske styresmakter har i fleire tiår hatt som ambisjon at det skal arbeide

1 Menn i barnehage-«bevegelsen» 2 Undersøkingsopplegget er godkjent avNorsk samfunnsvitskapleg datateneste

42 | første steg nr 1 | 2014

Made with