Første Steg nr. 1-2014

STILLINGSTYPE Tidlegare undersøkingar tydar på at mannlege barnehagelærarar i langt større grad enn kvinnene søkjer seg bort frå yrket dei primært er utdanna til, og inn imeir administrative stillingar som gir auka karrieremulegheiter, til dømes i

der i barnehage. 19,4 prosent er i jobb i skulen. 22 prosent har anna arbeid, ofte i helseteneste, sosial- og omsorgsteneste, anna undervisning eller i administra- sjon av slik tenesteyting. 9 prosent av dei utdanna er ikkje yrkesaktive. Desse tala er så godt som identiske med dei tala eg har funne når det gjeld yrkessituasjonen for dei 90 mannlege barnehagelærarane eg har kartlagt. 51 prosent av dei arbeider i barnehage og 27 prosent har arbeidet sitt i skulen. 2 prosent har anna arbeid eller er heilt ute av arbeidslivet, brorpraten av desse arbeider i yrke som ligg innafor det Gulbrandsen kallar velferdsstatens kjerneyrke. BARNEHAGETYPE Det er også interessant å sjå nærare på kva type barnehage mennene arbeider i. Vi veit at naturbarnehagar, utebarne- hagar, friluftsbarnehagar og liknande har hatt ei viss tiltrekkingskraft påmannlege barnehagelærarar og barnehageassisten- tar. Tal frå ulike undersøkingar (Emilsen, Løge Hagen og Lyseklett 2004) viser at prosentdelen menn i denne barnehage- typa er langt høgare enn i barnehagar medmeir vanleg driftsform. Av dei 46mennene i utvaletmitt som i dag er tilsette i stillingar i barnehage, er fordelinga slik: 73 prosent av dei arbeider i barnehagar med vanleg driftsform, 18 prosent i natur- og friluftsbarnehagar og 9 prosent i anna barnehagetype. Mange av informantane mine seier også at dei på ulike tidspunkt i yrkeskarrieren si har vore tilsett i naturbarnehagar. Mange oppfattar naturbarnehagen somei «mas- kulin øy» i yrket. Mange fortel at det er ute i naturen dei får høve til å utøve yrket dei har utdanna seg til på dei premissane dei sjølve ynskjer (Sataøen 2007). Dei

opplever at det vert for «trongt» i ein vanleg barnehage. Vidare hevdar andre at det å arbeide i ein naturbarnehage gir eit maskulint alibi for å vere tilsett i eit kvinneyrke sombarnehagelæraryrket framleis vert oppfatta å vere. Einmannleg barnehage-

Foto: ©Creativa

lærar somgår rundtmed kniv i beltet og er mest ute i lavvo eller i båt, får færre problemmed å halde oppe einmannlege identitet. I sjukepleieyrke har ein sett noko lik- nande ved atmennfinn jobbar innanfor intensiv avdeling, anestesi, akutten, og operasjonsavdelingar der det er mykje teknikk, «action» og spørsmål om liv og død (Vigdal 1995 og KD 2006 s.18–19).

styrarstillingar (Solberg 2004). Undersøkingami slår sprekkar i desse førestillingane. Eg stilte spørsmål om kva stilling dei 90mannlege barnehage- lærarane har i dei barnehagen der dei no var tilsett. 24 prosent er styrarar, 67 prosent er pedagogiske leiarar og 9 prosent har annan stilling. No høyrer det sjølvsagt med til his- toria at fleire av dei spurte mennene i løpet av yrkeskarrieren si har vore

første steg nr 1 | 2014 | 43

Made with