Utdanning nr 17 - 2014

Ut i verden

Sverige

USA

Ein av to lærarar manglar fagkompetanse

grunnskole eller vidaregåande skole. – Dette viser at Reinfeldt-regje- ringa let etter seg eit svart hol, trass i at utdanningsministeren under val- kampen sa at lærarspørsmålet langt på veg er løyst, seier Ibrahim Baylan, tidlegare utdanningsminister for Socialdemokraterna, til Tidningarnas Telegrambyrå (TT).

Ein av to lærarar i vidaregåande skule og ein av tre lærarar i grunn- skulen underviser i fag dei ikkje er kvalifiserte til å undervise i. Kvar femte som arbeider som lærar i skolen i Sverige, har ikkje lærarut- danning. Det viser ei ny undersøking frå Skolverket. Undersøkinga viser også at fire av ti med lærarutdan- ning ikkje arbeider i barnehage,

Japan

44.000 elevar vart haldne heime

plassert ei bombe på ein barneskule i byen. Politiet sjekka kvar einaste skule, men ingen farlege funn vart gjort, melder nyhendebyrået AFP.

Rundt 44.000 skuleelevar vart sende heim i byen Hamamatsu i Japan 1. oktober på grunn av eit bombetrugs- mål. Styresmaktene reagerte etter at ein mann ringde og sa han hadde

Elevar protesterer mot det dei oppfattar som ei politisk motivert avgrensing av historieundervisninga. FOTO BRENNANLINSLEY/APPHOTO/NTBSCANPIX

Lærarar og elevar aksjonerer mot endra historiepensum

Tyrkia

Hijab vert tillate i alle vidaregåande skular

Leiaren for ein av Tyrkias skule- og elevorganisasjonar meiner derimot at opphevinga av hijabforbudet er til skade for landets sekulære tra- disjonar: – Tyrkia er på veg attende til mellomalderen, seier Kamuran Karaca, ifølgje NTB.

Dei tyrkiske styresmaktene har opp- heva forbodet mot å bruke religiøse hovudplagg ved alle vidaregåande skular. Visestatsminister Bülent Arinc uttalte nyleg at skulelovene er endra, slik at jenter kan dekkje til hovudet dersom dei vil det, og at han visste at fleire kvinnelege elevar har lengta etter dette.

TEKST Harald F.Wollebæk |hw@utdanningsnytt.no

70 prosent av lærarane ved to ung- domsskular i fylket Jefferson i sta- ten Colorado har nekta å gå på jobb i protest mot skulestyret sine krav til historieundervisninga, skriv den bri- tiske avisa The Guardian. Elevar ved fleire skular har droppa skuletimane og i staden demonstrert mot dei lokale skulestyresmaktene. Nyleg vart det sentrale historie- pensumet i skulane i USA revidert, og fleire konservative medlemmer av skulestyret i fylket Jefferson meiner det nye pensumet teiknar eit altfor negativt bilete av landet si historie. Konflikten i Colorado blussa opp då skulestyremedlem Julie Williams

presenterte nye retningsliner for his- torieundervisninga. Der heiter det at undervisningsmateriellet skal fremje mellom anna patriotisme, frie mark- nadskrefter og respekt for autoritetar, men ikkje godta sosial uro og mang- lande respekt for lovene. På nasjonalt plan har òg det republikanske partiet kritisert det reviderte pensumet for å vere antiamerikansk. Lærarorganisasjonane seier dei ikkje har noko å gjeremed protestane, og at det dreier seg omgrasrotaksjonar. Men den lokale leiaren for den største lærarorganisasjonen i USA, National Education Association, uttrykkjer forståing for lærarane sin frustrasjon.

Hijab vert stadig meir vanleg i Tyrkia, etter at den moderat-islamske regje- ringa i landet dei siste åra har oppheva forbodet mot hovudplagget på fleire sentrale samfunnsarenaer. FOTO MUSTAFAOZER/AFP/NTBSCANPIX

19 | UTDANNING nr. 17/17. oktober 2014

Made with