Utdanning nr 17 - 2014

Tiril Blix og Christofa Gullhaugen held båten i balanse, medan Jonas Myklebust og Kristoffer Haugland dreg båten med taljen. Det er lettare enn med berre nevane. Store båtar vart flytte med taljer på denne måten.

Sofie Svarstad demonstrerer rett bruk av redningsbøye og får applaus av Tiril Blix.

– Eg er skipper her om bord på «Baltanskjer». De skal sitje i båten og gjere som eg seier. Så slepp vi kjølhaling på denne turen, og kan konsentrere oss om seglingsmerke og sjøvettreglane, seier Sigmund Larsen, som brukar litt ramsalt humor i møte med forvent- ningsfulle og ivrige 6.-klassingar.

Lars Olav Rylandsholm blæs i fløyta når toktet er slutt.

und

nerande verknad, som vi berre har gode røynsler med, legg han til. – No må du ikkje skremme sarte barnesje- ler, seier Lars Olav Rylandsholm for å dempe skrekkvisjonane. – Kor ska vi hen? Kjem det frå ein av fyrstereis- gutane, med forventning og otte i stemma. – Det er ikkje snakk om kvar vi skal, men kvar vi er no. Namnet gavlbåt kjem av at den er tverr bak. Slike gavlar vart brukte til kastenot den tida då silda kom i store mengder inn til kysten. Denne var bygd i 1940. Han har ein maskin på kring 20 hestar, som gjev ein fart på 5–6 knop. Båtvett og sjømerke Tampane vert kasta, skipperen strammar opp, og gavlen legg frå kaia med Svelgen-elevar som skal på eventyr i Rugsundstraumen. Etter toktet blæs Lars Olav Rylandsholm i fløyta, gavlen bakkar opp, og mannskapet entrar kaia.

– Kva får elevane med seg på toktet i Rugsundstraumen? – Elevane får litt opplysning om gavlen, det å vere på sjøen, kven som bestemmer og oppførsel på sjøen. Så får dei styre litt, ein del har aldri vore i båt. På denne turen blæs det litt, så dei fekk lære litt generelt båtvett. Så ser vi på stakar og lykter i straumen og forklarer sjømerke, babord, styrbord og vikeplikt. Eg forklarer litt etter det som vi møter under seglturen, seier Larsen. Sofie Svarstad meiner dagen i Rugsund har vore lærerik og interessant. – Det er kjekt å komme ut med heile klassa. Vi har rodd, reist med gavlbåt, kasta livbøye, heist i vinda. – Det var kjekt å ro, legg Janne Gulestøl til. – Og så verte heist opp i vinda. Det var ei ny oppleving for meg.

Tiltak for sjøvett

I 2014 etablerte Sjøfartsdirektoratet ei ny ord- ning, der frivillige foreiningar kan søke om tilskot til sjøvettaktivitetar for barn og unge. Gjennom opplæring, informasjon og andre tiltak for barn og unge, er målet å bidra til: • å førebyggje ulykker i samband med bruk av fritidsbåt • auka miljømedvit blant fritidsbåtbrukarar • auka trivsel for fritidsbåtbrukarar gjennom sik- ker og omsynsfull åtferd For året 2014 vart det delt ut 1.000.000 kroner til dette arbeidet. Frå Sjøfartsdirektoratet sine nettsider kan laga òg tinge materiell og brosjyrar som dei kan bruke i opplæringa. 34 personar drukna i samband med ulukker med fritidsbåt i 2013.

Kjelde: Sjøfartsdirektoratet

23 | UTDANNING nr. 17/17. oktober 2014

Made with