Utdanning nr 17 - 2014

Kåre Kverndokkens 101 SKRIVEGREP - endelig er den her!

Til innspelet «Styring av skulen» på utdanningsnytt.no/119141

Lærarane må få meir reell makt i skulesamfunnet

naudsynt, sidan rektor kan avgjera det heile. Lærarane må også få bestemma korleis klassane skal setjast opp og korleis undervis- ningsgruppene skal organiserast. Slik det er no, må læraren godta store klassar, ofte opp til 30 elevar også ofte i yrkesfagleg studieretning i vidaregåande. Det bør vera klinkande klart for alle at dette ikkje held mål. Ein må ha mindre grupper for dei som treng ekstra undervisning, kanskje opp til fem elevar i kvar gruppe og med ein lærar som har godkjend undervisningskompetanse i faget. No blir altfor ofte assistentar sett til å leia slike grupper. Det er då ikkje underleg at mange elevar ikkje får med seg det faglege, fell frå og sluttar skulegongen i vidaregåande. Vidare bør det verta slutt på leiarteam, leiar- møte og resursteam. Denne ordninga gjer sitt til at leiargruppa på skulen vert altfor dominerande og lærarane overkøyrde. Rektor bør attende til klas- seromma. Han bør ikkje ha mindre enn seks timar undervisningsplikt for veka. Det skulle no berre mangle. Litt må jo desse folka ha kontakt med undervisningskvardagen. Rektor bør også tilsetjast på åremål. Kanskje for fem år i slengen. Det bør vera slik skal ein få til fornying i skulesamfunnet. Noko som har gjort meg skikkeleg forarga på Høgre, er at dei har greidd å innføra det at ein elev anonymt skal vurdera ein lærar. Så skal læraren inn til rektor og samtala om vurderingsresultatet. Dette meiner eg er heilt grotesk. Det trenar eleven opp til anonym tysting, kuar læraren og kan laga eit dårleg forhold mellom lærar og rektor. Skal ein få betre resultat i skulen, minska frå- fallsprosenten i vidaregåande og få gode lærarar i framtida, må statusen til lærarane opp, men då må dei òg få meir reell makt i skulesamfunnet.

I samband med lærarkonflikten er også spørsmål som gjeld styring av skulen kome på agendaen, skriv Sigmund Sunnanå. Viss statsministeren og kunnskapsministeren og andre politikarar meiner noko med det dei seier om å satse på lærarar, visa dei tillit og auka deira status, må dei visa dette i praktiske tiltak. Elles blir det berre svada og tull ut av heile greia. Til dømes må lærarane få meir avgjerdsmynde i saker som vedkjem skulen dei arbeider i. Det gamle lærarrådet må attende i ei eller anna form. Det kan styrast av rektor, men saker som vert tekne opp, må avgjerast ved fleirtalsvedtak. No har jo rektor mest diktatorisk makt i skulen. Det bør ikkje vera slik. På fellesmøta slik det er i dag, sit lærarane som lydige tilhøyrarar medan den eine av dei såkalla leiarane skrevar fram til talarsto- len og lirer av seg eit eller anna. Så kan lærarane få ordet viss det høver ordstyraren. Det er aldri snakk om noko votering. Det er då heller ikkje

ISBN 978-82-450-1577-5 Kr 399,-

Ønsker du å forløse ideer hos elevene og sette dem i stand til å komponere gode tekster? Kåre Kverndokkens 101 skrivegrep har som hensikt å hjelpe med nettopp dette. Alle de 101 skrivegrepene er utformet som konkrete og praktiske råd og opplegg, og boka fungerer som en hånd- bok i skriveundervisning. I tillegg kan du lese kapitler av velkjente skriveforskere om skriving som grunnleggende ferdighet, skriving som prosess og produkt, eksempeltekster, sakprosa, og mye mer!

EN SKATTKISTE FOR SKRIVEUNDERVISNINGEN!

101 måter å lese leseleksa på ISBN978-82-450-1205-7 Kr399,-

Håkon Solbakken

Gutter og lesing ISBN 978-82-450-1432-7 Kr 399,-

Rektor bør attende til klasseromma. Han bør ikkje ha mindre enn seks timar under- visningsplikt for veka, skriv innsendaren. FOTO ERIKM.SUNDT

www.fagbokforlaget.no

43 | UTDANNING nr. 17/17. oktober 2014

Made with