Utdanning nr 01-2014 - page 21

21 |
UTDANNING
nr. 1/10. januar 2014
Ut i verda
Tre lærarar og ein forretningsmann i Mpanda i
Tanzania er dømd til fengsel i praksis på livstid.
Dei vart funne skuldige i å ha stole verdiar frå
ein skule på til saman 21 millionar tanzanian-
ske shilling (tilsvarande rundt 4,2 millionar
kroner). Fengselsstraffene var på mellom 143
og 255 år. Dei vart dessutan dømde til å betale
attende det ei hadde stole etter at straffa er
sona ferdig, ifølgje Tanzania Daily News.
The Boston Teachers Union klagar på evalu-
eringssystemet for lærarar i byen, som etter
fagforeininga sitt syn verkar diskriminerande.
I klagen til dei lokale styresmaktene vert det
mellom anna peika på at 9,7 prosent av svarte
lærarar fekk vurderinga «må betre seg», medan
berre 4,1 prosent av kvite lærarar fekk det
same. Utdanningssjefen i Boston meiner det
er for tidleg å konkludere om diskriminering,
sidan systemet berre har fungert i eitt år.
Han kritiserer samstundes fagforeininga for
å krevje jobbane tilbake for dårlege lærarar,
skriv avisa The Boston Globe.
– Kompis-lærarar
skapar åtferdsvanskar
Tanzania
USA
England
– Altfor mange
lærarar forvekslar det å
vere venleg andsynes elevane med det
å vere familiær, seier Michael Wilshaw,
leiaren for det statlege kontrollorganet for
skulen, Ofsted, til BBC.
Ifølgje ein ny rapport frå Ofsted går
rundt 700.000 elevar på skular der ele-
vane si åtferd må verte betre. Lærarar vert
skulda for ikkje å vere gode nok til å slå
ned på småprating og mobilbruk, noko
som i sin tur fører til at åtferdsproblema
vert verre, skriv €e Telegraph.
Livstidsdom for tjuveri
Meiner lærartestar diskriminerer
Michael
Wilshaw
vitja
St. Paul Way
Trust School
i London i
samband med
framlegginga
av Ofsteds
rapport for
2013.
FOTO
JOHNSTILLWELL/
PAPHOTOS/SCANPIX
1...,11,12,13,14,15,16,17,18,19,20 22,23,24,25,26,27,28,29,30,31,...68
Powered by FlippingBook