Table of Contents Table of Contents
Previous Page  30 / 100 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 30 / 100 Next Page
Page Background

og talarstolar har lukkast i å nå ut med ein bod-

skap om at skular må vere store for at ein kan

lite på at dei òg er gode. Når det blir slått fast på

Dagsrevyen (22.01.10) av ein tilsynelatande svært

så seriøs og tillitvekkjande person som professor

Thomas Nordahl at «internasjonal forsking har

vist» ein positiv samanheng mellom elevtal på

skulen og læringsresultat, og når direktøren for

Utdanningsdirektoratet på KS-arrangement for

ordførarar og rådmenn landet rundt slår fast at

analysar av norske nasjonale prøver viser det same,

ja så er det vel ikkje til å undrast over at folk bit på.

For politikarar på ulike nivå og for toppbyråkra-

tar kommunalt og fylkeskommunalt er dette òg

«gefundenes Fressen». Her kan vi argumentere

og leggje til rette for skulenedleggingar ut frå ein

ideell argumentasjon om eit betre pedagogisk

tilbod for barna, som jo alle vil ha, og på same

tid oppnå ein meir rasjonell skulestruktur i kom-

munen. Og på nasjonalt nivå kan ein vel tenkje

som utdanningsstatsråd Kristin Halvorsen kanskje

gjorde i 2013 då ho slo fast at mange skulenedleg-

gingar galdt skular med færre enn 34 elevar, og

slike skular var ikkje fagleg gode nok. Vi kan trygt

la kommunane hjelpe til med å gje landet samla

sett eit noko mindre kostnadskrevjande skulestell.

Men då ho i intervjuet der ho kom med utsegna

om tvilsam kvalitet på slike små skular, fekk spørs-

mål om dokumentasjon, måtte ho melde pass. Dei

kjeldene som den nemnde professor og direktør

har vist til, og som Kristin Halvorsen truleg var

orientert om, står nemleg ikkje til truande for

nokon som helst konklusjon om ein samanheng

mellom storleik på norske grunnskular og elevane

si skulefaglege læring.

Falske profetar

Thomas Nordahl har heilt frå 1990-talet i debattar

og debattinnlegg argumentert med at små skular

ikkje kan gje tilstrekkeleg fagleg stimulans til ele-

vane, men ikkje før i 2007 kunne han leggje fram

forsking som støtte for dette synet. I eit innlegg i

Hamar Arbeiderblad (03.05.07) viser Nordahl til

sin eigen studie av ungdomsskuleelevar i ein større

austlandskommune, dels frå små barneskular (<70

elevar) og frå store (>70). Elevane frå dei små sku-

lane kom dårleg ut på alle samanlikningane som

Nordahl presenterte (Nordahl 2007). Ein kritisk

gjennomgang av Nordahl sitt arbeid viser at stu-

dien ikkje gav grunnlag for generaliseringar utover

dei særlege tilhøva i vedkomande kommune (Sol-

stad 2009). Det kan vere interessant å merkje seg

at Nordahl sjølv, mellom anna i utgreiingsoppdrag

for kommunar, seinare ikkje synest å vise til si eiga

forsking på dette feltet (Nordahl 2014).

For no, etter det nemnde TV-innslaget, har

Nordahl kunna stø seg på den etter kvart så kjente

såkalla metaanalyse av forsking verda rundt om

ulike forhold ved ein skule som kan ha noko å

seie for læringa til elevane (boka

Visible Learning

av John Hattie frå 2009). Eitt slikt forhold er det

samla elevtalet ved skulen. No er det alltid risi-

kofylt å gjere forskingsresultat frå visse skule- og

samfunnssystem gjeldande for eit spesifikt anna

system. I dette tilfellet er det ikkje anna enn mer-

keleg, og sterkt kritikkverdig, at den forskinga

som Hattie viser til om ein viss samanheng mellom

skulestorleik og læring, av ein norsk professor blir

trekt inn på ein slik måte at folk kan oppfatte dette

som relevant for grunnskule i norske bygder. Den

forskinga som Hattie her byggjer på, er nemleg

studiar av amerikanske

high schools

(vidaregåande

skular) med frå eit par hundre til fleire tusen elev-

ar. Om så resultata var aldri så klare, noko dei for-

resten ikkje var, ville dei ikkje ha nokon som helst

informativ verdi om kor store norske grunnskular

bør vere og om vilkåra for læring i desse skulane.

Dette veit sjølvsagt Nordahl og hans drabantar, og

dette skjønar alle politikarar og andre som ønskjer

å setje seg inn i saka.

Det andre «faktagrunnlaget» for at skulane

ikkje bør vere små, kjem frå ein analyse av na-

sjonale prøver 2008 utført for Utdanningsdirek-

toratet av Senter for økonomisk forsking (SØF)

i 2010 (Bonesrønning og Iversen 2010). Her er

sjølve datagrunnlaget til dels relevant nok. Men

i den type statistiske analysar av store datasett

der tilgjengelege, men ikkje alltid fagleg interes-

sante, opplysningar om elevar, lærarar, skular og

kommunar blir lagde inn som variablar og søkt

korrelerte, kan mykje artig kome fram. Det ligg

òg den fare med store datasett at svært små og

i praksis fullstendig uinteressante samanhengar,

likevel kan stå fram som «statistisk sikre». Dei

to fagøkonomane bak denne SØF-rapporten

fann då òg mykje rart. Til dømes viste analysane

Bedre Skole nr. 3

2016

30