Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  71 / 76 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 71 / 76 Next Page
Page Background

tilnærmingar, og somhar gitt lite romfor

meir kritiske tilnærmingar.

Ho understrekar at i eit posthumant

perspektivmå ein inkludera også ikkje-

menneskelege aktørar som det mate-

rielle romet, leikane, diskursane, tida,

naturen i dei prosessane som utfaldar

seg. Og ikkje bare det rasjonelle og ver-

bale ved mennesket er relevant. Også

kropp, affektar, stemningar og energiar

spelarmed. To tema er sentrale i hennar

framstilling: a) ideen om pedagogiske

praksisar «som nettverk eller mas-

kinerier» og b) ideen om pedagogiske

praksisar «som tilblivelser, med fokus

på det kontinuerlig foranderlige» ( 51).

Hillevi Lenz Taguchi og Anna Pal-

mer sin artikkel

Flickors (o)hälsa i sko-

lans materielt-diskursiva miljøer – en

argentisk realistisk analys

er eit konkret

eksempel på ein posthumanistisk ana-

lyse der også materielle forhold som

skulebygningar og arkitektur spelar

med i analysen. Forfattarane engasjerer

seg i «att tänka hur olika miljøer, ting,

praktiker, førestellningar, känslor och

kunskaper samhandlar för att skapa

fenomenet (o)hälsa» (s 100).

Dermed får dei også vist korleis for-

sking aktivt kanmedverka til å skapa«nya

ochmer gynnsammaverkligheter» (s 82).

Gert Biesta sin artikkel

No para-

digms, no fashions, and no confessions.

Why researchers need to be pragmatic

er ein teoretisk artikkel der han drøftar

ulike forskingsparadigme. Han nyttar

skiljet mellom forklaring, forståing og

frigjering for å få fram fundamentale

trekk ved dei ulike tilnærmingane. Og

han legg vekt på det viktige poenget at

forskaren bør undersøkja opphavet til

ein teori for å finna ut om akkurat den

teoretiske posisjonen er fruktbar for det

prosjektet han eller ho har i tankane.

NYEDOKUMENTASJONSMÅTAR

RagnhildOlsen er i sin artikkel oppteken

av å visa at forskingspraksis kan doku-

menterast på andremåtar enn gjennom

observasjon og tolking. Gjennombruk av

bilde og tekst gjenskaper ho situasjonar

somhar hendt, og får framdet ho kallar

diffraksjonar. Dette er som brytingar i

bylgjer. Dei kan brytast, bøyast og for-

andrast i møtet med noko anna. Slik

bylgjer i havet endrar seg i møtet med

stein og strand. Barad (2007) somer ein

av referansane til Olsen, argumenterer

for at diffraksjonsmønster kan vera

«den grunnleggende bestanddel som

verden består av.» (s 69). Andre viktige

referansar er Deluze og Guatteri (1987)

som også går igjen i mange av dei andre

artiklane i boka. Gjennom dei konkrete

eksempla viser Ragnhild Olsen at det

er fleire måtar å forska på barnehage-

praksis, og gjera den meir tilgjengeleg

for interesserte lesarar.

Knut Ove Arntzen sin artikkel hand-

lar om teaterkritikk og har undertitte-

len

Performativ forestillingsanalyse av

postmoderne teater –Hotel Pro Forma og

Remote Control Productions.

Gjennom

analysen av to konkrete forestillingar

får han godt fram korleis ei metaforisk

tilnærming til kritikk kan arta seg. Her

er det ikkje ein litterær tekst med ein

konkret intensjon som er utgangs-

punktet, men ei søking og leiking med

metaforar somkan gripa sentrale aspekt

ved forestillinga. Dette er kunstkritikk

og ein parallell til den opne og søkjande

forskingsmetoden som dei fleste andre

artiklane er eksempel på.

SKRIVEPROSESSEN

Elisabeth Adams St. Pierre sin artikkel

handlar om skriving. Ho har late seg

provosera av det tradisjonelle skrive-

samarbeidet der to eller fleire forskarar

skriv ein tekst saman. I staden har ho

utvikla sin eigen metode:

An Always

Already Absent Collaboration.

Ho lagar

ordbok –

Betties dictionary

– med sitat

frå andre sine tekstar. På denne måten

tek ho vare på si eiga lesing og på for-

fattarar som har skrive noko som har

appellert til henne. Det er einmetode for

å vera i ein skapande dialogmed sin eigen

skriveprosess. Her handlar det omå stola

på sin eigen, individuelle skriveprosess

der orda nokre gonger skriv seg sjølv.

Nå vart det for freistande å referera til

min eigen artikkel

Ein blå penn mot eit

kvitt papir

i boka

Den skrivende førskole-

lærer

(Arne Solli (red.) 2009:100): «Det

er somomdet å formulera ein tanke dreg

ein ny med seg, og så ein til. Sjølve den

aktiviteten å sitja der og skriva ser ut til å

produsera nye tankar, nye formuleringar.

Det er dette Jo Bech-Karlsen har fanga

med formuleringa «Ved å skrive, søker

jeg mine egne tanker» (Bech-Karlsen

1998:11).

I artikkelen

To be or not to be: når

å skrive er å skrive seg inn i et felles-

skap

fortel forfattarane Kirsten Stien,

Britt Kramvig og Rebekka Brox Liabø

om forskings- og utviklingsprosjektet

«Rulleramp». Det var organisert som

ein skriveverkstad for ungdomsskule-

elevar, og handlar om unge menneske

sine forsøk på å skapa sin eigen identi-

tet i ei verd med mange ulike stemmer.

Tyngdepunktet i analysearbeidet ligg på

forhandlingsprosessarmellomelevane,

korleis dei framstiller seg sjølv og kva

slags fellesskap dei konstruerer. Eit vel-

lukka prosjekt og ein velskriven artikkel.

DETNYEMETODOLOGISKE

LANDSKAPET

Også artikkelen avCamillaE. Andersen

med tittelen

Affektive data ogDeluzeogu-

attari-inspirerte analyser

er både vel-

skriven og informativ. Dette er kanskje

den artikkelen i boka somgjev den beste

og grundigaste oversikta over detmeto-

dologiske landskapet som har inspirert

dei fleste av bidragsytarane i boka. Her

er ei spennande skildring av korleis ho

sjølv kom på sporet av nye omgrep og

nyemåtar å forstå røyndomen på, pluss

klargjerande eksempel på det ho kallar

Deluzeoguattari-inspirerte analysar

.

Ein av redaktørane for standard-

verket

Handbook of Qualitative Rese-

arch

, Norman K. Denzin, har ei helsing

til forfattarane i det han kallar «this

important book» (s 13). Han siterer

BobDylan i songen

Ballad of a thinman

:

«Something is happening here but you

don’t know what it is, do you, Mister

Jones?»

Nokon kvar kan verta både spørjande

og undrande framfor dettemangfaldet av

nye perspektiv og utradisjonelle analy-

sar av nye typar empirisk materiale. Eg

synest likevel det er grunn til å gratulera

både forfattarar og forlagmed ei rik bok

som vonleg kjem til å inspirera mange

barnehageforskarar i dei komande åra.

første steg nr

2

|

2015

|

71