Background Image
Table of Contents Table of Contents
Previous Page  9 / 76 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 9 / 76 Next Page
Page Background

nenVaksdal diskuterte samanslåingmed

Modalen. Oppslaget i avisa legg mest

vekt på usemja internt i Vaksdal Høgre i

saka, men oppslaget kan lett tolkast som

at vaksdalingane vil haModalen inn i en

ny og større Vaksdal kommune.

NårUrdal skal oppsummere samtalen

med Første steg, vektlegg ho først at det

er viktig med høg pedagogtettleik for å

sikre god kvalitet.

– Det er omsynet til barna som tel.

Det er til beste for barna at vi har den

bemanningsnorma vi har, og det at vi har

eigen kjøkenassistent. Vi kan

sjå

barna

heile tida, og ingen må gå frå avdelinga

fordi noko må gjerast på kjøkenet. Den

gode bemanninga gjer det lettare for oss

å ha dei møta vi treng kvar veke. God

bemanning gjer det òg lettare å gjere ting

utanfor barnehagen, somå tamed barna

på ei teaterframsyning i kulturhuset i

Mo sentrum, eller å besøke symjehallen.

– Bergensavisen skreiv om oss for ei

tid tilbake, under tittelen «Barnehage

med et fang til alle». Det blei eg glad for,

seier Urdal.

AS/tekst og foto

Bruker inntektene

på innbyggjarane

–Vi er einkraftkommune somhar hatt gode inntekter

gjennom dei siste 30 åra, seier ordførar Knut Moe.

– Desse inntektene har vi brukt til å byggje opp gode

tenester til innbyggjarane.

Alle offentlege tenester iModalen, somskulen, sjukeheimen,

og sjølvsagt barnehagen, nyt godt av ein god bemannings-

norm, for den politiske satsingsviljen har alltid vore stor,

ifølgje ordførar Knut Moe.

– Vi satsar på gode tenester, og det må vi når vi satsar på

å tiltrekkje oss unge familier, småbarnsfamilier, seier han,

og legg til: – Og for å kunne tiltrekkje oss nytt næringsliv,

for kraftproduksjonen gir ikkje sysselsettjing til meir enn

nokre få.

Ein skulle ikkje tru det, men IT-næringa har vald å eta-

blere seg i Modalen, med i alt rundt 40 tilsette – unge og

godt utdanna folk som er svært bevisste når det gjeld kva

dei vil ha av kommunen. Det betyr mykje i ei bygd med ca.

390 innbyggjarar, og i vekst. Moe håper at folketalet bikkar

400 om ikkje så lenge.

Men han vil ikkje at det skal skje gjennom ei kommu-

nesamanslåing: – Den klare holdninga i Modalen er vi skal

fortsette å vere ein eigen kommune. Vi er bekymra for svekka

tenester til innbyggjarane dersom det blir ei samamslåing.

Samstundes arbeider vimed ulike alternativ for å vere budde

når spørsmålet blir enda meir aktuelt.

AS/tekst og foto

Ordførar Knut Moe representerer Samlingslista, den eine av dei to

listene (den andre er

Solrenningslista

) som har trengt alle andre

politiske parti ute frå styre og stell i Modalen. Moe vil ikkje ha Modalen

kommune slått saman med andre kommunar, av frykt for dårlegare

kvalitet på dei offentlege tenestene.

Modalen kommune med rundt 390

innbyggjarar ligg i botnen av Mofjorden.

Det er vasskraft som gjer kommunen

velståande. Fjella kransar bygda, og

kjem ein til topps, er ein i Stølsheimen.

første steg nr

2

|

2015

|

9