19 |
UTDANNING
nr. 3/7. februar 2014
Ut i verden
Den kenyanske lærar-
organisasjonen KNUT i
provinsen Garissa trugar
med å lamme utdan-
ningssystemet dersom
guvernør Nathif Jama gjer
alvor av trugsmålet om å
omplassere 400 rektorar.
Guvernøren meiner
dei må ta ansvaret for
dårlege resultat ved
avgangseksamen i fjor.
KNUTs generalsekretær i
provinsen, Ibrahim Atosh,
meiner det er gale å leg-
gje all skulda på skulen.
– Utdanning er eit kollek-
tivt tiltak som involverer
alle i samfunnet, sa han
på ein pressekonferanse,
ifølgje den kenyanske
avisa The Star.
Lærarar protesterer
mot reglar for utsjånad
Kenya
USA
Lærarane i det
mest folkerike fylket i delsta-
ten Vest-Virginia, Kanawha, kan om kort tid
få reglar for korleis dei skal sjå ut på jobben.
Framlegget er ikkje klart, men ifølgje netta-
visa e Daily Caller er dei lokale skulesty-
resmaktene særleg merksame på klede som
syner for mykje av kroppen, mistenkjelege
tatoveringar og piercing i andletet.
– Eg har sett lærarar med skjørt som var
så korte at det trakk til seg merksemd, fortel
skulestyremedlem Becky Jordon.
Christine Campbell, leiar for e American
Federation of Teachers i delstaten, meiner
kleskode er i strid med den grunnlovsfesta
retten til å uttrykkje seg. Campbell vil hel-
ler halde fram med dagens praksis, der ein
vurderer kvart tilfelle for seg, og ho åtvarar
særleg mot strenge reglar for tatovering og
piercing.
– Vi freistar å trekkje til oss nye og unge
lærarar, og for mange unge er dette måten dei
uttrykkjer seg på. Ingenting av dette går ut
over eit barns evne til å lære eller ein lærars
evne til å undervise, seier ho.
Vil sparke rektorar
for dårlege resultat
Lærarar i Vest-Virginia
kan få
reglar mot mellom anna å ha
piercing i klasserommet.
ILL.FOTO
SXC