36 |
UTDANNING
nr. 3/7. februar 2014
Innspill
I 1986 blei norsk grunnskule
omgjort frå ein danningsarena til
ei økonomisk slagmark. Det nye
inntektssystemet vart innført.
Berre eit fåtal skjøna då kva det
gjekk ut på. Men alle parti røysta
for.
Sviket - 27 år med nærmiljøskular i fritt fall
Torodd Fagerheim
rådgjevar i LUFS –
Landslaget for
nærmiljøskulen
KUD «har vært svært opptatt av at vi også ved det
nye inntektssystemet kan bygge ut og opprettholde
et skoleverkmed god standard over hele landet.»
Statsråden lova òg at «Nasjonale myndigheter
vil måtte følge utviklinga nøye for å sjå til at vi
framleis vil ha et likeverdig og desentralisert sko-
letilbod i alle landets kommunar og fylkeskom-
munar.»
Dette vart altså uttala av ansvarleg statsråd. På
talarstolen i Noreg sitt øvste folkevalde organ. I tida
etter har kommunane fått
erne 1 200 nærmil-
jøskular. Utan plagsam innblanding frå «nasjonale
myndigheter».
Professor Rune Kvalsund kallar det «den store,
stille skulereforma». Likevel har Stortinget aldri
drøfta korkje «reforma» eller konsekvensane. Det
ligg ikkje føre eit einaste vedtak frå nasjonalfor-
samlinga som heimlar ei slik rasering.
Oppvakninga
Det er nok rett å seie at Landslaget for nærmiljø-
skulen (LUFS) i 1988 vart skipa av og for skulefolk.
Dei fyrste åra krinsa tenking og aktivitet, naturleg
nok, mykje om spørsmål som galdt pedagogiske
og metodiske emne. Ein var kanskje van med å
slåst for nye lærebøker i norsk og delingstimar i
engelsk. Men ikkje for livet.
For fram til 1986 hadde staten ansvaret for
grunnskulen. Kommunane hadde då lita økono-
misk interesse av å sanere skular. Dei fekk auto-
matisk dekt storparten av kostnadene sine med dei
skulane dei hadde. Seks elevar var grensa. Rektorar,
skulesjefar og skulestyre fekk ro til å skape ein så
føreseieleg, trygg og pedagogisk god nærmiljøskule
sommogeleg. Skuledirektørane vakte nitid over at
midlane vart forvalta slik departementet føreskreiv.
Det nye inntektssystemet reiv teppet vekk
under heile dette byggverket. Pengesekken er
no plassert åleine i sjefsstolen. Finanseliten sine
bedriftsøkonomiske teoriar, rammer og tilhøy-
rande pengar blir spydde ut til kommunane. Den
«pedagogen» dirigerer skulekvardagen i praksis.
Prat om kvalitet greier ikkje skjule hestehoven:
at det heile dreiar seg om pengar, pengar og atter
pengar. Rådmenn fôrar politikarane med uskjøn-
lege talkolonnar og innsparingskrav.
Skulenedlegging blei på nytt eit tema. Dei
avgjerdsprosessane er ikkje hyggjelege teselskap,
der alt blir ordna til beste for alle. Det er ein bein-
hard kamp der sentrum blir sett opp mot utkant.
Og kjøtvekta har alltid fleirtalet i kommunestyra.
Måpande lokalpolitikarar får velje mellom ostehø-
vel eller øks. Men ostehøvelen går då ut over alle?
Skal vi verkeleg dele på ulempene også? Nei, det er
for gamaldags. Slik kan vi ikkje ha det. Samhald og
solidaritet er ute. No gjeld reglane frå hønsegarden.
Finn den veikaste – og bruk øksa ! (So får vi andre
gå fri – ei stund.)
Slik oppnår sentralmakta at distriktskom-
munane sjølve tek bøddel-rolla. Statsministrar,
kunnskapsministrar og partia sine skulepolitiske
talspersonar kan stå uskuldsreine fram, og «vil
ikkje blande seg inn». Endå dei sjølve har lagt alle
føringane i dette svarteperspelet.
Ein snunad kjem
LUFS lyt berre stå på. Vi veit at ei endring vil tvinge
seg fram. Med velvilje ser vi allereie gode teikn
på det i «snudde» saker: I laupet av eit års tid har
bygdefolk og politikarar hindra vidtgåande ned-
leggingsframlegg i Sør-Varanger, Bals
ord, Por-
sanger, Gjøvik, Lindesnes, Kvinnherad og Fræna.
LUFS har hjelpt dei gode kreftene lokalt det vi har
makta.
Men ei større vending kjem. Ho må kome.
Når oljen minkar, kan ikkje det vi treng berre
bli køyrt og floge til oss frå alle verdshjørne. Folk
kringom i verda vil òg i aukande grad gjere krav
på sine eigne ressursar. Distrikts-Noreg blir på
nytt grunnpilaren. Dei tette, små miljøa vil krevje
sitt livsrom. Dei ligg nær verdiane som alltid er
berande for menneska: Vatn, hav, jord og skog.
Slik er landet vårt skapt. Lokalsamfunna ligg der
framleis – spreidde. Nett no er dei vanakta av sty-
resmaktene. Men folk vil måtte finne attende til eit
naturleg livsgrunnlag. Tufta på sunn mat, frisk luft
og giftfritt vatn. Slik framgang vil ikkje kome i dei
ressursslukande byane. Desse får vekse uhemma i
dag. Men dei produserer lite å leve av. Likevel trur
mange bybuarar nett no at dei er navlen i tilværet
– og forpaktar all rett. Det vil snu seg.
Derfor kjem den dagen då vi lyt ta i bruk att dei
nedlagde nærmiljøskulane.
Dei livsnære skulane. Då må vi renovere dei –
og byggje nye i fleng. Samfunnsøkonomane vil
bli lytta til. Slektene etter oss kjem til å riste på
hovudet av Rattsø og påfunna hans. Og av elevane
Stoltenberg, Solberg, Clemet og Halvorsen.
Historia sin dom over sviket vil verte nådelaus.
Innspelet er eit utdrag av ein større artikkel i LUFS si
jubileumsbok «Motstraums - 25 år i kamp for skule i
nærmiljøet».
FOTO
PRIVAT
Sidan har New Public Management
fått herje
fritt i byråkratia frå rådmannskontor til departe-
ment. Nokre år overlevde teksten i skulelova om
å skape «gagns menneske i heim og samfunn».
Men Rattsø-modellar, teoretiske vekter og tabel-
lar overtok i praksis all styring. Det som ikkje kan
teljast, har ikkje lenger verdi.
På desse åra har 1200 nærmiljøskular gått med
i dragsuget. Dei var også små kulturhus og knute-
punkt. Like mange lokalsamfunn sit skadeskotne
att. Ein heil generasjon av den oppveksande slekta
i desse bygdene har betalt – og betalar prisen. Til
saman fleire hundre tusen born.
Eit grenselaust svik. For det er inga naturka-
tastrofe. Ho er menneskeskapt. Ein meir effek-
tiv strategi for avfolking av distrikta finst knapt.
Barnefamiliar og næringsliv etablerer seg ikkje på
stader utan skule i nærmiljøet. Landet blir sakte
mørklagt.
Historia viser at alle regjeringar og storting aktivt
har medverka i raseringa – gjennom økonomisty-
ring og forvaltingsapparat. Vantru stiller nokre
spørsmålet: Er dette verkeleg ei vilja utvikling?
Lovnaden
I 1950- og 60-åra hadde landet vårt opplevd ei sterk
sentraliseringsbølgje. So minka skulenedlegginga i
omfang. Gjennom1970- og deler av 1980-åra var ho
så å seie umerkande. Tvert om: auka desentralisering
av ungdomssteg prega distrikta.
Mange åtvaramot at det nye inntektssystemet for
kommunane på nytt skulle endre situasjonen dra-
matisk. Kjell Magne Bondevik var då ansvarleg stats-
råd i Kyrkje- og undervisingsdepartementet. Under
debatten i Odelstinget 13. mai 1985 sa han m.a. at
«Dei tette, små miljøa vil
krevje sitt livsrom. Dei ligg
nær verdiane som alltid er
berande for menneska: Vatn,
hav, jord og skog.»