Utdanning nr 03-2014

Gylne augeblikk

I denne spalta fortel lærarar og førskolelærarar om noko dei har lukkast særleg godt med.

Opptur med flatbrødtakke

– Norsk- og engelsklærarane såg nok mest på denne guten som lat. Det var andre gongen han byrja på eit grunnkurs.

TEKST YlvaTörngren |yt@utdanningsnytt.no FOTO Privat

Slik innleier rådgjevar og arbeidslivskontakt Øystein Garfors om den hendinga han har valt seg som eit ekstra godt augeblikk frå yrkeslivet. – Dette handlar om ein elev som gjekk hos oss for fleire år sidan, held han fram. – Han var elev på programfag for service og samferdsel og ikkje akkurat pålogga i teorifag, og han kunne fort ha droppa ut igjen, viss ikkje lagnaden hadde villa det annleis. – Saman med fire andre elevar skulle denne guten setje i gang ei ungdomsbedrift, fortel Gar- fors. – Det å starte og drive ei slik bedrift grip over store delar av pensum, og som skuleprosjekt varer det frå september til mai, forklarar Garfors. Eit lys gjekk opp Aller først skulle gruppa ha idédugnad om kva føretaket skulle produsere. Guten var ikkje særleg aktiv, men så melde han seg plutseleg på. – Det gjekk med eit opp for han at «Her kan vi faktisk tene pengar!» For i drifta av eit slikt føretak er det lov å tene opptil 140.000 kroner for eit år. Ideen han kom med, var frå bestemora si flat- brødbaking. Der hadde han sjølv vore med og baka. Gjengen fekk låne flatbrødtakka til beste- mora, og så skaffa dei seg endå ei takke og tok til. Bestemora lærte dei tradisjonell flatbrødbaking, og så baka dei flatbrød på kveldstid på eit av skulen sine kjøkken.

Og sonesonen vart sjefen for ungdomsbedrifta med namnet «Bestemors flatbrød». – Bedrifta gjorde faga mykje meir interessante – Dette med elevbedrifta løfta han i dei aller fleste faga, seier Garfors om guten. Men ikkje nok med det. Årleg arrangerer Flora vidaregåande skule kick-off for alle ungdoms- bedriftene. Då kjem ordføraren og gruppeleiarar frå bystyret, og helst to lokalaviser for å høyre på. Alle får femminutt til å fortelje om føretaket. – Det var sterkt. Å sjå denne eleven sommange hadde frykta skulle droppe ut, stå stolt på scena og fortelje om ei vellukka bedrift han sjølv hadde hatt ideen til, og som han sjølv var sjef for, hugsar Garfors. Og flatbrødet fekk bedrifta avsetning for, seier Garfors. Han fortel korleis gjengen vitja julemesser i nabobygdene, spreidde reklame i postkasser og dreiv direkte sal ved å gå frå hus til hus. Mestepar- ten av salet skjedde rundt juletider. Dei selde til rundt påske og avvikla føretaket etterpå. Dei fekk inn 40-50.000 kroner, meiner Garfors å hugse. – Å sjå korleis elevar vert trigga til læring og å sjå korleis dei veks når dei får ansvar, er svært til- fredsstillande, avsluttar Øystein Garfors.

Øystein Garfors (37)

Kven: Rådgjevar og arbeids- livskontakt ved Flora vidaregåande skule i Florø i Sogn og Fjor- dane. Skulen har sju studieretningar innan studiespesialise- rande og yrkesretta utdanning

Godt å tenkje på: Å sjå korleis elevar veks ved at dei vert gitt ansvar og at eg har ein jobb der eg ser dette ofte.

Har du opplevd eit gyllent augeblikk som du vil dele med andre? Send det til redaksjonen@utdanningsnytt.no. Merk e-posten «Gylne øyeblikk».

«– Det var sterkt.»

31 | UTDANNING nr. 3/7. februar 2014

Made with