Utdanning nr 03-2014

Det er ei nyttig bok som tek opp eit viktig tema – det å få lov å vere reservert og stille, og fornøgd med å vere slik. Innleiinga viser at HSP med si åtferdsmessige nøling er i ei risikosone for å verte mobba. Men- neske med sensitive sinnelag er ressursar, og dei skal ikkje pres- sast til å leve etter ein utagerande mal. Dei skal heller ikkje plasserast i ein angstkategori, noko som lett skjer no når forståing og beskriving av normal psykisk helse låner så mange omgrep frå psykiatrien. Slik sett er Aron si bok med på å utvide omgrepa vi har i å beskrive ein psy- kisk helsefaktor med eit positivt og normaliserande språk. Forståing for og innsikt i temaet psykisk helse treng vi alle å verte betre skulert i.

Aron er psykolog og forskar, noko som gir bakgrunn for forfattarverk- semda. Det er òg ei svært personleg bok, og Aron skriv at det tok tid før ho forstod at ho sjølv er ein svært sen- sitiv person, eller Highly Sensitive Person (HSP), ei forkorting som vert nytta gjennom boka og i denne bok- meldinga. Omgrepet sensitiv kan lett verte oppfatta som kjenslevar, men Aron utvidar det til å omfatta også observant og skjønnsam. Ei hel- ler uformell kartlegging gjennom ei telefonutspørjing konkluderte med at 20 prosent rekna seg som svært sensitive, 22 prosent som moderat sensitive. Og så er det 42 prosent som oppgir å ikkje vere sensitive i det heile. Aron påpeikar at det er den sistnemnde gruppa som lagar mest ståk, visermest att og dermed set ein standard for kva somer rett åtferd. Er det naudsynt å seie kva Aronmeiner omdet? Tala høver ellesmed kva som kjem fram i kartleggingar av tempe- ramentstrekk, og ein finn likemange kvinner sommenn i gruppa HSP. Omgrepet overstimulert får òg mykje plass i boka. Det er nøkkel- ordet for å forstå vanskane ein HSP kan oppleve. Å verte overstimulert er å verte bombardert med inn- trykk, og for ein person som vert påverka, inneber det ei overbelast- ning som fører til at alt går i stå. Det vert umogeleg å tenke klårt og finne godemåtar å handle på. Eit tema som òg kjem att fleire gonger, er behovet for å ha det stille og roleg rundt seg, å få trekkje seg attende til omgivna- der med få eller ingen stimuli. Aron nemner det å få trekkje seg attende til eit mørkt og stille rom, der ein kan vere åleine. Her kan HSP få høve til å dempe reaksjonane på bombar- dementet av stimuli som ein vanleg kvardag inneber. Trekkjer ein dette inn i ein skulekvardag, ser ein at elevar som er HSP har få stader der dei får høve til å hente seg inn att. Eksempla i boka dekkjer heile aldersperspektivet, frå nokremåna- der til inn i pensjonsalder. Slik sett kan boka både vere ei fagbok omkva tilrettelegging eit born treng, og ei

bok der ein får auka forståing for seg sjølv, mellom anna gjennom fleire kartleggingsskjema. Boka vekslar mellom fagperspektiv og praktiske erfaringar, og er såleis ikkje ei tung fagbok, men heller ikkje særskilt lettlesen. Her krevst noko fagbak- grunn; det er utstrakt bruk av namn og omgrep som høyrer heime i psy- kologifaget. Det er dessutan ei svært personleg bok, då Aron brukar eg- forma og gir dermed ein intimitet og nærleik inn i teksten. Ho nyttar òg mange eksempel som det går an for lesaren å kjenne seg att i. Sam- anlikninga av ein HSP-kropp og eit spedbarn var eit eksempel som denne lesaren opplevde som heller platt, men kanskje det gir ein anna lesar ei aha-oppleving.

Aktuell bok MELDAV KirstenFlaten,Høgskulen iSogn ogFjordane/Sogndalbarne-ogungdoms- psykiatriskepoliklinikk

De sensitive blant oss

Særlig sensitiv

Av Elaine N. Aron Cappelen Damm 2013

288 sider Omsett av Nina Kraft

Ei nyttig bok om eit viktig tema ligg endeleg føre i norsk språkdrakt.

Boka til Aron kom først ut i 1996 i USA (« e Highly Sensitive Person»), så det er ikkje heilt nye tankar som kjem fram her. Mange års forsking ligg bak teorien om at menneske kan vere føddemed eit særskilt sen- sitivt nervesystem, og at dette er ein ressurs for enkeltpersonen sjølv og samfunnet somheilskap. Aron lener seg tungt på mellom andre Jerome Kagan og Mary Rothbart, sombegge har gitt gode bidrag inn i tempera- mentsforskinga. Boka har eit tydeleg uttalt normali- tetsperspektiv på det å vere stille og reservert, og er eit tydeleg motsvar mot ei verd som i aukande grad set likskapsteikn mellom det å rope høgt og det å vere vellukka. Aron vil ha framalle ressursane som fort kan verte oversett fordi personen sjølv ikkje ropar høgt om alle sine flotte eigenskapar. Her kan eg leggje til at ved siste revisjon av det psykiatriske diagnosesystemet (DSM-V) vart det vurdert om det å vere sjenert skulle takast med somein psykiatrisk diag- nose, noko det heldigvis ikkje vart. Å vere sensitiv er ikkje berre lett «i vår tids ikke altfor sensitive verden» (s 21), eit sitat somviser Aron sinmoti- vasjon for å skrive boka.

GJØR STUDIEREISEN EN KLASSE BEDRE! - bli med fordel Vår faSTe kunde

Studie- & faglige besøk

Voksen- grupper

Trygghet & sikkerhet

Erfarne reiseeksperter

Spar tid • Spar penger • Styrk det faglige • Sikker avvikling av reisen Vår lange erfaring med å arrangere gruppereiser og alt det innebærer, gir oss en uvurderlig kompetanse. Samtidig gir det dere som kunder en sikkerhet rundt avviklingen av reisen. Med erfarne reisespesialister, den beste service og fleksible løsninger tar vi oss enkelt og greit av hele prosessen. Som fast kunde får du gode vilkår & fleksibilitet, blandt annet: • Èn fast reisespesialist som kjenner deres behov og ønsker • Solid produktkunnskap. Vi finner de beste og billigste løsningene raskt. • Fakturaavtale/kredittløsninger • Rabatter • Gunstige vilkår og regler • Internasjonalt studentbevis (ISIC) og lærerbevis

Kontakt for mer: • 23 10 23 40 • groups@kilroy.no

WWW.KILROYGROUPS.NO

33 | UTDANNING nr. 3/7. februar 2014

Made with