Utdanning nr 03-2014

Innspill

Sviket - 27 år med nærmiljøskular i fritt fall

KUD «har vært svært opptatt av at vi også ved det nye inntektssystemet kan bygge ut og opprettholde et skoleverkmed god standard over hele landet.» Statsråden lova òg at «Nasjonale myndigheter vil måtte følge utviklinga nøye for å sjå til at vi framleis vil ha et likeverdig og desentralisert sko- letilbod i alle landets kommunar og fylkeskom- munar.» Dette vart altså uttala av ansvarleg statsråd. På talarstolen i Noreg sitt øvste folkevalde organ. I tida etter har kommunane fått… erne 1 200 nærmil- jøskular. Utan plagsam innblanding frå «nasjonale myndigheter». Professor Rune Kvalsund kallar det «den store, stille skulereforma». Likevel har Stortinget aldri drøfta korkje «reforma» eller konsekvensane. Det ligg ikkje føre eit einaste vedtak frå nasjonalfor- samlinga som heimlar ei slik rasering. Oppvakninga Det er nok rett å seie at Landslaget for nærmiljø- skulen (LUFS) i 1988 vart skipa av og for skulefolk. Dei fyrste åra krinsa tenking og aktivitet, naturleg nok, mykje om spørsmål som galdt pedagogiske og metodiske emne. Ein var kanskje van med å slåst for nye lærebøker i norsk og delingstimar i engelsk. Men ikkje for livet. For fram til 1986 hadde staten ansvaret for grunnskulen. Kommunane hadde då lita økono- misk interesse av å sanere skular. Dei fekk auto- matisk dekt storparten av kostnadene sine med dei skulane dei hadde. Seks elevar var grensa. Rektorar, skulesjefar og skulestyre fekk ro til å skape ein så føreseieleg, trygg og pedagogisk god nærmiljøskule sommogeleg. Skuledirektørane vakte nitid over at midlane vart forvalta slik departementet føreskreiv. Det nye inntektssystemet reiv teppet vekk under heile dette byggverket. Pengesekken er no plassert åleine i sjefsstolen. Finanseliten sine bedriftsøkonomiske teoriar, rammer og tilhøy- rande pengar blir spydde ut til kommunane. Den «pedagogen» dirigerer skulekvardagen i praksis. Prat om kvalitet greier ikkje skjule hestehoven: at det heile dreiar seg om pengar, pengar og atter pengar. Rådmenn fôrar politikarane med uskjøn- lege talkolonnar og innsparingskrav. Skulenedlegging blei på nytt eit tema. Dei avgjerdsprosessane er ikkje hyggjelege teselskap, der alt blir ordna til beste for alle. Det er ein bein- hard kamp der sentrum blir sett opp mot utkant. Og kjøtvekta har alltid fleirtalet i kommunestyra. Måpande lokalpolitikarar får velje mellom ostehø- vel eller øks. Men ostehøvelen går då ut over alle? Skal vi verkeleg dele på ulempene også? Nei, det er for gamaldags. Slik kan vi ikkje ha det. Samhald og solidaritet er ute. No gjeld reglane frå hønsegarden.

Finn den veikaste – og bruk øksa ! (So får vi andre gå fri – ei stund.) Slik oppnår sentralmakta at distriktskom- munane sjølve tek bøddel-rolla. Statsministrar, kunnskapsministrar og partia sine skulepolitiske talspersonar kan stå uskuldsreine fram, og «vil ikkje blande seg inn». Endå dei sjølve har lagt alle føringane i dette svarteperspelet. Ein snunad kjem LUFS lyt berre stå på. Vi veit at ei endring vil tvinge seg fram. Med velvilje ser vi allereie gode teikn på det i «snudde» saker: I laupet av eit års tid har bygdefolk og politikarar hindra vidtgåande ned- leggingsframlegg i Sør-Varanger, Bals… ord, Por- sanger, Gjøvik, Lindesnes, Kvinnherad og Fræna. LUFS har hjelpt dei gode kreftene lokalt det vi har makta. Men ei større vending kjem. Ho må kome. Når oljen minkar, kan ikkje det vi treng berre bli køyrt og floge til oss frå alle verdshjørne. Folk kringom i verda vil òg i aukande grad gjere krav på sine eigne ressursar. Distrikts-Noreg blir på nytt grunnpilaren. Dei tette, små miljøa vil krevje sitt livsrom. Dei ligg nær verdiane som alltid er berande for menneska: Vatn, hav, jord og skog. Slik er landet vårt skapt. Lokalsamfunna ligg der framleis – spreidde. Nett no er dei vanakta av sty- resmaktene. Men folk vil måtte finne attende til eit naturleg livsgrunnlag. Tufta på sunn mat, frisk luft og giftfritt vatn. Slik framgang vil ikkje kome i dei ressursslukande byane. Desse får vekse uhemma i dag. Men dei produserer lite å leve av. Likevel trur mange bybuarar nett no at dei er navlen i tilværet – og forpaktar all rett. Det vil snu seg. Derfor kjem den dagen då vi lyt ta i bruk att dei nedlagde nærmiljøskulane. Dei livsnære skulane. Då må vi renovere dei – og byggje nye i fleng. Samfunnsøkonomane vil bli lytta til. Slektene etter oss kjem til å riste på hovudet av Rattsø og påfunna hans. Og av elevane Stoltenberg, Solberg, Clemet og Halvorsen. Historia sin dom over sviket vil verte nådelaus. Innspelet er eit utdrag av ein større artikkel i LUFS si jubileumsbok «Motstraums - 25 år i kamp for skule i nærmiljøet». «Dei tette, små miljøa vil krevje sitt livsrom. Dei ligg nær verdiane som alltid er berande for menneska: Vatn, hav, jord og skog.»

Torodd Fagerheim rådgjevar i LUFS – Landslaget for nærmiljøskulen

FOTO PRIVAT

I 1986 blei norsk grunnskule omgjort frå ein danningsarena til ei økonomisk slagmark. Det nye inntektssystemet vart innført. Berre eit fåtal skjøna då kva det gjekk ut på. Men alle parti røysta for. Sidan har New Public Management fått herje fritt i byråkratia frå rådmannskontor til departe- ment. Nokre år overlevde teksten i skulelova om å skape «gagns menneske i heim og samfunn». Men Rattsø-modellar, teoretiske vekter og tabel- lar overtok i praksis all styring. Det som ikkje kan teljast, har ikkje lenger verdi. På desse åra har 1200 nærmiljøskular gått med i dragsuget. Dei var også små kulturhus og knute- punkt. Like mange lokalsamfunn sit skadeskotne att. Ein heil generasjon av den oppveksande slekta i desse bygdene har betalt – og betalar prisen. Til saman fleire hundre tusen born. Eit grenselaust svik. For det er inga naturka- tastrofe. Ho er menneskeskapt. Ein meir effek- tiv strategi for avfolking av distrikta finst knapt. Barnefamiliar og næringsliv etablerer seg ikkje på stader utan skule i nærmiljøet. Landet blir sakte mørklagt. Historia viser at alle regjeringar og storting aktivt har medverka i raseringa – gjennom økonomisty- ring og forvaltingsapparat. Vantru stiller nokre spørsmålet: Er dette verkeleg ei vilja utvikling? Lovnaden I 1950- og 60-åra hadde landet vårt opplevd ei sterk sentraliseringsbølgje. So minka skulenedlegginga i omfang. Gjennom1970- og deler av 1980-åra var ho så å seie umerkande. Tvert om: auka desentralisering av ungdomssteg prega distrikta. Mange åtvaramot at det nye inntektssystemet for kommunane på nytt skulle endre situasjonen dra- matisk. Kjell Magne Bondevik var då ansvarleg stats- råd i Kyrkje- og undervisingsdepartementet. Under debatten i Odelstinget 13. mai 1985 sa han m.a. at

36 | UTDANNING nr. 3/7. februar 2014

Made with