Utdanning nr 03-2014

Frå Nordfjord til Nairobi

Her var metallporten overvaka døgnet rundt, og eigendomen var omkransa av høge murar, piggtråd og elektrisk gjerde. Etter skytinga ved kjøpesenteret Westgate i Nairobi kort tid før vi skulle reise, var vi ekstra merksame på tryggleik, og vi fekk sjå mange døme på at ein tok dette på alvor i Kenya, både i kjøpesenter, hotell og ved attraksjonar. Sjiraffar og elefantar Afrika får oss oftast til å tenkje på sjiraffar, elefantar og andre spennande dyr, og på måndagen besøkte vi €e David Sheldrick Wildlife Trust; Elephant Orphanage og €e Giraffe Centre. Her fekk vi sjå foreldrelause elefantar som dei bergar og fostrar opp. Mange av desse elefantane er blitt foreldre- lause grunna krypskyting, som er eit stort problem i Kenya. Ved €e Giraffe Centre fekk vi sjå Roths- child-sjiraffar. Dette er ein særleg utryddingstrua art. Om ettermiddagen besøkte vi eit fotballag i Maringo-gettoen. Her kosa vi oss i ettermiddags- sola, delte ut fotballsko og drakter og fekk sjå dei spele. Ida og Ørjan leika med ungane på sidelinja, og stemninga var god! Bøker Tysdag var vi i bokhandelen og fylde handlekorgene med skjønnlitteratur til skulen. Vi kjøpte også bøker ommellom anna geografi, mat, helse, hygiene og idrett. Biblioteket på skulen fekk då utvida sam- linga si frå tre til seks hyller. Dit får elevane følgje ein lærar og sitje og lese ein time. Torsdagen etter skulebesøket fekk vi med oss lister frå lærarane med ynskjer om fagbøker og utstyr. Ynskja var mange, og vi måtte prioritere. Vi kjøpte bøker til lesing, matematikk og engelsk for alle klassetrinn, samt ein del lærarrettleiingar, tavlelinjalar og passarar. Skulenmanglar det meste av det vi ser på som sjølvsagt i eit klasserom, så alt var kjærkome. Skulebesøk Onsdag var første dag vi skulle besøke skulen. LCEC held til i ei smal murbygning med kjellar og tre eta- sjar. I kjellaren driv dei ein enkel helseklinikk der dei hjelper så godt dei kanmed enkle middel. Før vi skulle besøke klassene, gjekk vi ein runde i slum- men. Dette var vi mest spent på. Vi fekk vite at det var litt mindre folk der enn vanleg, av di det hadde vore fleire drap der nokre dagar tidlegare. Å gå rundt i slummen var spesielt. Smuga er tronge, det ligg søppel overalt, og kloakk rennmidt i «vegen». Vi vart invitert inn i heimane nokre stader, sjølv om det gjerne ikkje var plass til oss alle på ein gong. Det kjendest ikkje berre greitt å vere kvit og rikmed fint kamera, når dei vi trefte hadde det så fattigsleg. Det

«Vi hadde fått sett Afrika på godt og vondt, og samstun- des verkeleg sett at det nyt- tar å hjelpe, sjølv om det vert som ein drope i havet.» Målet med årets aksjon 14.–15. november er å samle inn nok pengar til at ein kan byggje ein eta- sje til på skulen, slik at dei får plass til opp mot 450 elevar, få kjøpe fleire skulebøker og meir materiell, halde frammed å gi elevane eit måltid kvar dag, og gjerne få til ein enno betre helseklinikk. Vi håpar vi når målet! var vanskeleg å fatte at folk faktisk bur slik heile tida. Vi var på besøk i ein time, og hadde Nord˜ord å reise heim til – mykje ettertanke her ... Tilbake på skulen møtte vi «Babyclass» og 1.–8. klasse i ei bygning som neppe ville blitt godkjent som skule heime. Inne vart vi likevel møtt av glade ˜es, song og «Welcome». Alle klassene hadde budd seg til besøket, og dei song og dansa for oss. Stemninga i bygningen var god, men intens. Sidan det ikkje er dører innvendig i bygget, var lydnivået høgt. Mykje av undervisninga skjer ved at elevane repeterer høgt det læraren går gjennom, og lyden bar godt mellom romma. Vi fekk pakka ut bøkene vi hadde kjøpt, og gjort oss kjent i skulen. «How are you?» runga gjennom romma når vi kom innom eller gjekk forbi, og alle var blide og interesserte. «Eg følte meg nesten som ein kjendis», sa Ørjan. Dagen etter skulle vi «underhalde». Ida og Ørjan hadde med bilete av norsk natur, dyr, nasjonaldrak- ter, skulen vår, Eid, og snø. Elevane lytta interessert og spurde ommange ting, mellom anna om vi har slum i Noreg. I første klasse fekk dei fargeleggje det norske flagget. Vi hadde med kopiar og fargebly- antar, og dei gjekk til oppgåva med stor iver! Det er ikkje ofte dei får drive med slikt. I dei andre klas- sene lærte vi bort «Hovud, skulder, kne og tå», så no kan elevane frå 2.–8. klasse ein song på norsk. Safari og bading Grytidleg fredag for vi på safari i Nairobi Natio- nal Park, der vi fekk sjå både sjiraffar, løver, sebra og krokodille. Om kvelden besøkte vi Carnivore Restaurant, ein verdskjend restaurant der vi prøvde både struts og krokodille. Siste dag i Nairobi besøkte vi eit hotell der vi bada og sola oss – det var godt. Vi var ganske slitne etter ei veke full av opplevingar og inntrykk utanom det vanlege. Vi hadde fått sett Afrika på godt og vondt, og samstundes verkeleg sett at det nyttar å hjelpe, sjølv om det vert som ein drope i havet.

Tone Flem Ulvestad Eid vidaregåande skule

FOTO PRIVAT

Anita Hunvik Eid vidaregåande skule

FOTO PRIVAT

I haust var to elevar og to læra- rar frå Eid vidaregåande skule på besøk til ein skule i Nairobi for å læremeir omhjelpearbeidet dei er med i. Eid vidaregåande skule i Nord˜ord har i mange år drive hjelpearbeid i Mbala i Zambia, men i 2011 kom skulen i kontakt med Britt Lødøen frå Hor- nindal, som sidan 2000 har drive hjelpearbeid og samla inn pengar til ein skule i Mathare-slummen i Nairobi i Kenya. Elevrådet ved skulen syntest dette ville vere eit godt prosjekt for skulen å ta del i, og frå 2012 går pengane frå aksjonsdagen ved Eid vidaregåande skule til Loving Concern Education Centre (LCEC) i Nairobi. I haust var to elevar, Ida Etterdal og Ørjan Ryland, og to lærarar, Tone FlemUlvestad og Anita Hunvik, på besøk til skulen i slummen, for slik å lære meir om hjelpearbeidet. I haust har vi i tillegg arbeidd med innsamling av klede, sko og skulesaker. Vi sende brev til ulike organisasjonar og bedrifter i nærområdet, der vi bad ommateriell og pengar til tur. Fleire svarte ja, og vi ende opp med å vere rimeleg fullpakka då vi sette nasen sørover natt til 19. oktober 2013. Lokalkunnskap Nairobi er ein stor bymed om lag 4,2 millionar inn- byggjarar. Britt hadde bestilt bil med sjåfør til oss for heile veka, og hennar lokalkunnskap var gull verdt for oss på tur. Ikkje minst det at ho snakkar swahili og kjenner den kenyanske kulturen gjorde at vi følte oss i trygge hender heile vegen. Vi vart innlosjerte på eit «pensjonat» i utkanten av byen.

37 | UTDANNING nr. 3/7. februar 2014

Made with