Utdanning nr 03-2014

Kronikk

Bomskot frå Skogen Lund

NHO-direktør Kristin Skogen Lund sitt utspel om prestasjons- løn for lærarar tyder på at ho veit for lite om skulesektoren.

«levere god kvalitet» og får lyst til å bli verande i jobben sin. Men for ein som berre har hammar, ser alle problem ut som spikar. I motstrid til NHO-direktøren sitt tayloristiske tankesett om løn og prestasjonar, er eit nytt para- digme om leiing i ferd med å vekse fram, fundert på ei forståing av at menneske i sin uforderva naturtilstand har ein indre motivasjon for å gjere så godt dei kan. Framståande talsmenn for denne nye motivasjonsfilosofien er psykologiprofes- sorane Edward Deci og Richard Ryan, og forfatta- ren Daniel H. Pink. Sistnemnde har skrive New York Times topp ti-bestseljarboka «Drive. že sur- prising truth about what motivates us». Dersom dei tilsette i ein organisasjon eller ei verksemd har eit arbeid der dei opplever meistring, autonomi og meining, på toppen av at dei får ei tilstrekkeleg, adekvat og rettvis grunnløn, framheld Pink, kan den tayloristiske medisinen skade meir enn han gagnar, i tillegg til at han er vanedannande og tole- ranseutviklande. Pink hevdar at Taylor sine idear om «management» høyrer førre hundreåret til, og at taylorisme fremjar kortsiktig tenking, hemmar menneska si evne til å tenkje utanfor boksen og løyse problem på nye måtar, reduserer trivsel, bryt ned samarbeidsmoral, stimulerer til juksekultur, og i verste fall — og rett som det er — verkar mot siktemålet sitt ved at han drep den indre motiva- sjonen hos medarbeidarane. Mange yrke er i dag, meir eller mindre, inkom- patible med Taylors «management»-filosofi. Di meir yrket fordrar av kompetanse og mennes- keleg kløkt og høgre hjernehalvdel, dess meir inkompatibelt er det. Læraryrket har alltid vore det. Når norske lærarar så massivt og samstemd vender tommelen ned for NHO sitt framlegg om «bedre lønn til gode lærere», er det ikkje fordi vi helst vil sleppe i frå å måtte arbeide så flittig vi kan, og heller ikkje fordi dei fleste av oss er redde for å bli avslørte som «ikkje gode» og bli straffa med lågare løn. Det er fordi vi veit kor mangelfullt tayloristisk medisin verkar i vårt yrke, og fordi vi fryktar biverknadane. Dessutan skjøna alle med ein gong at det Kristin Skogen Lund går inn for, er å forskjellshandsame lærarar lønsmessig, ikkje å auke lærarløningane jamt over til eit nivå som er adekvat og rettvist samanlikna med andre yrkes- grupper som har like lang utdanning. Ho kunne spart seg bryet med å pakke det inn i forsøksvis fine formuleringar. I pressemeldinga viser Skogen Lund til ein rap- port frå ei internasjonal undersøking som ho mei- ner dokumenterer at norske ungdomsskolelærarar

Ingvald Straume lærar i ungdomsskulen FOTO PRIVAT

ILLUSTRASJON LarsAurtande | lars@aurtande.no

NHO-direktør Kristin Skogen Lund har vore i media og uttala seg om «gode» lærarar, som ho meiner bør få ein større del av den samla lærar- lønspotten — og, underforstått, om lærarar som ho oppfattar som mindre «gode» og som ho vil at skal diskriminerast lønsmessig (pressemelding 6. januar). Utspelet luktar sterkt av 1: privat syns- ing, 2: taylorisme. La meg ta det siste først: FrederickWinslow Taylor (1856–1915) la grunnlaget for mykje av korleis næringslivsleiarar tradisjonelt har tenkt om å drive verksemder. Han meinte, populært forklart, at arbeid stort sett består av enkle, keisame oppgå- ver som arbeidarane helst vil fri seg frå, og at leiing (eng. «management») handlar om å overvake dei tilsette, hindre dei i å sluntre unna gjennom å truge med å straffe dei om dei gjer det, og motivere dei med større materielt vederlag dess meir dei pro- duserer. Taylor sin motivasjonsmedisin har vore mykje brukt. I «Politisk kvarter» på NRK radio, same dag som NHO publiserte pressemeldinga, hevda Kristin Skogen Lund i eit ordskifte med Utdanningsforbundet sin leiar, Ragnhild Lied, at heile resten av arbeidslivet [bortsett frå skulen] er tufta på dei prinsippa. Best effekt har taylorismen hatt i verksemder der utfordringa har vore å få lågt kvalifiserte fattig- folk til å bli produktive i rutineprega og skiftelause arbeidsoppgåver blotta for menneskeleg meining, som å stå ved det same samlebandet og stramme til den same skruen på den same type bilmotoren dag ut og dag inn. I dagens komplekst kunnskapsintensive arbeids- liv er det annleis, særleg i sektorar og næringar der dei tilsette arbeider med og for menneske (på eit meir involverande plan enn å pushe salsvarer på dei eller fakturere timar til dei). Løn og lønsdif- ferensiering er berre eitt av mange moglege ver- kemiddel for å motivere medarbeidarar. Og det er ikkje alltid det beste. Lønsdifferensiering kan slå negativt ut. Løn har verknad opp til eit visst nivå. Deretter er det andre motivasjonsfaktorar som i større mon avgjer om arbeidstakarar går inn for å

« Like mykje som blodet er ei vital væske i ein men- neskekropp, er tillit vitalt i skulen.»

>

46 | UTDANNING nr. 3/7. februar 2014

Made with