Utdanning nr 03-2014

Kronikk

opplever mindre konsekvensar av kvaliteten på arbeidet sitt enn lærarar i andre land. Med «kon- sekvensar» siktar både ho og rapporten snevert til eksternt påførd løn eller straff frå arbeidsgjevar. Når det kjem til å vurdere dei aktuelle spørsmåla i undersøkinga som Skogen Lund meiner seg opp- lyst av, høver det å hente fram det gamle ordtaket: Som du ropar i skogen, får du svar. I undersøkinga skulle lærarane svare på kor einige eller ueinige dei var i ei rekkje fråsegner, mellom anna denne: «Slik jeg ser det, mottar de mest effektive lærerne ved denne skolen de største økonomiske og ikke- økonomiske fordelene». Her hadde det vore meir nyttig om lærarane kunne krysse av på ein skala for kor einige eller ueinige dei var i presupposisjo- nane i spørsmålet. Eit anna problem med det Kristin Skogen Lund føreslår, er kva for parametrar ein skal leggje til grunn og korleis ein skal måle om ein lærar er god eller dårlig. I debatten mellomNHO-direktøren og Ragnhild Lied i «Politisk kvarter» svara Skogen Lund slik, ordrett sitert, då programleiaren spurde henne om nettopp det: «I skolen og i læreryrket så driver man tross alt med ganske målbare ting. Det er mye ... jeg vil påstå at det er lettere å vurdere hva en innsats en god lærer enn for eksempel kanskje en god sekre- tær da, eller journalist for den saks skyld. Så jeg kan ikke forstå de som sier at dette er så umulig. Vi får det til i nesten hele resten av arbeidslivet, og da må vi få til det i skolen også.» Her demonstrerer sjefen for Næringslivets hovedorganisasjon arrogant ignoranse. Eg vil gjerne at Skogen Lund skal forstå (og eg forsøker ikkje å vere arrogant tilbake): Det er tre hovudut- fordringar med å måle kvaliteten på det lærarar gjer i skulen. Desse gjeld uansett kva føremålet med å måle er, anten det er å hjelpe oss til å bli betre, eller det er å innføre eit prestasjonslønsre- gime. Dei to første gjeld generelt. Den siste gjeld særskilt for skuleverket og institusjonar som har liknande, langsiktige ideelle mål som handlar om menneske: 1. Å måle er å endre. Det er umogleg å måle noko utan å vekselverke med det ein måler. Stikk du eit termometer ned i eit glas med vatn, vil tempe- raturen til termometeret påverke temperaturen i vatnet. Eit gloheitt termometer vil påverke tempe- raturen i vassglaset så mykje at det som blir målt, er noko anna enn det som var der i utgangspunk- tet. Dermed blir målinga upåliteleg. Endringa som ei måling fører med seg, kan også vere skadeleg. Lækjarar veit til dømes at det ikkje er klokt å ta omfattande blodprøvar av ein pasient som nett har lidd eit livstrugande blodtap. Like mykje som blo- «Å måle rett og å måle det rette er mykje meir innfløkt i skulen enn NHO-direktøren har forstått.»

det er ei vital væske i ein menneskekropp, er tillit vitalt i skulen. Det må vere tillit mellom lærarar og elevar, mellom skule og heim, og mellom lærarar og rektor for at skulen skal fungere godt. Dersom det i utgangspunktet skortar på tillit mellommen- neska i skulen, og ein går i gang med å måle på ein måte som svekkar tilliten ytterlegare, kan det gå rett ille. 2. Å måle krev ressursar. Ein må ha grunn til å tru at ein vinn meir med å måle enn det målin- gane kostar, viss det skal vere nokon vits. Det kan vere ein idé å starte med å måle kva det vil koste å måle. For skulen kan det nemleg bli dyrt, både i form av tidsbruken og merksemda til dei tilsette og pengar. 3. Å måle er vanskeleg. Kristin Skogen Lund veit ikkje kva ho snakkar om når ho påstår at det er lettare å måle innsatsen til ein god lærar enn ein god sekretær. Å måle rett og å måle det rette er mykje meir innfløkt i skulen enn NHO- direktøren har forstått. Det er, som Ragnhild Lied freista å opplyse henne om under radiodebatten, nesten umogleg å identifisere kva slags lærarar som påverkar ulike elevresultat. I skulen, som i fotball, kjem sjeldan måla og sigrane berre av inn- satsen til den som har siste fot på ballen. Men i skulen, i motsetnad til i fotball, er det ikkje alltid lett å få auge på kven som gjev dei målgjevande pasningane, kven som har gjort førearbeidet, og kven som har gått i forsvar og hindra baklengs- mål. Dette veit alle som jobbar i skulen. Resultata i skulen avheng også av faktorar utanfor skulen, som sosiokulturelle omstende og heimetilhøve, som lærarane ikkje rår over. Å korrigere for dette krev kløkt og innsikt. Vidare er det slik at det viktigaste av det ein lærar er sett til å gjere, er det som er mest vidløftig å skulle måle: nemleg om han eller ho evnar å hjelpe elevane så dei lukkast med liva sine og blir gode samfunnsmenneske. Om slike målingar lét seg gjennomføre i praksis, ville tidsperspektivet uansett vore så langt at det hadde vore uråd å nytte dei til det føremålet som Kristin Skogen Lund har tenkt. Å oversjå dette, og i staden fortape seg i å måle mindre viktige, men meir «målbare ting», som til dømes resultata av standardiserte avkryssingsprøvar, og legge det til grunn for differensiering av lærarløningane, er ei sikker oppskrift på å få skulen til å gå heilt av hengslene. Så, nokre alvorsord om privat synsing. Vi læra- rar er vande til at lekfolk har ei oppfatning om «gode» og «dårlege» lærarar og om korleis skulen bør vere. Vi veit at vi er ei yrkesgruppe som blir mykje samtala om— på godt og vondt — blant folk. Årvisst skjer det at private synsarar som har ein stor megafon, slik Kristin Skogen Lund har, nyttar denne til å tale nedsetjande om skulen og lærarar i media. Det finnest knapt noka yrkesgruppe som så til dei grader blir fortald offentleg at dei ikkje gjer jobben sin, og korleis dei burde gjere han, som lærarar. Eg kan forstå at «Kvarmannsen» har ei meining om skule og kva som er ein god lærar;

alle har opplevd sin egen skulegang og kan snakke ut frå den. (Akkurat som at vi snakkar om korleis vi synest ein god tannlege eller servitør bør vere). Dei som har born i skulen, kan også snakke ut frå slik dei opplever skulegangen til borna sine. Men når politikarar skal ta avgjerder om skule og utdanning, kan dei ikkje basere seg berre på sine eigne eller andre amatørar sine private røynsler og synse ut frå det. Dei burde lytte meir til eksperti- sen i skulen, nemleg lærarane, og då helst til dei lærarane som er ute i skulen — ikkje dei som har funne seg noko anna å gjere. Og i denne saka bør dei ikkje akte for mykje på plapringa til NHO- direktøren. For bortsett frå det ho nemner om karrieremoglegheiter, er det ikkje meir fornuft i det ho har sagt og skrive, enn det ein gjennom- snittleg pubgjest kan lire av seg. Det hjelper ikkje at ho nyttar finare ord, som «konsekvenskultur». To dagar etter medieutspelet og radiodebatten hadde NHO sin årlege konferanse, om læring denne gongen, under tittelen «Læringslivet». Både NRK Dagsrevyen og TV2 hadde reportasjar frå dagen. Og det var lett for meg å vurdere at NRK sin journalist hadde gjort ein betre jobb enn TV2 sin, i alle fall med spørsmåla. (Men kven av dei som ville fått høgast løn om det hadde vore opp til NHO og Kristin Skogen Lund, er eg meir uviss på.) For mens TV2 fokuserte overflatisk på glit- ter og glamour, greip NRK sin journalist fatt i det påfallande at berre éin person med lærarbakgrunn var invitert, nemleg Ragnhild Lied frå Utdannings- forbundet. Då NRK spurde NHO-direktøren om kvifor det berre var éin lærar i dagens skuledebatt, svara ho slik, igjen ordrett sitert: «Ja, men asså det er jo ikke sånn at vi skal for eksempel invitere hundre lærere fordi det handler om det. Asså. Jeg håper hundre lærere er interes- sert i konferansen. Men da håper jeg at de kan ha sett det på nett og deltatt på den måten.» Det ville aldeles ikkje ha vore nokon dårleg idé om NHO hadde invitert hundre lærarar til konfe- ransen. Så kunne dei ha engasjert to–tre av læra- rane som talarar og spreidd dei hundre jamt utover som bordkavalerar til dei høge herrane og damene under middagen. Meininga med dette måtte ikkje ha vore at NHO skulle vise sitt storsinn mot allmu- gen ved at dei lét alminnelege lærarar menge seg med fiffen for ein dag, men at samfunnstoppane fekk høve til å lytte til og samtale med ekspertane i norsk skule. NHO-direktøren treng å bli klokare. Det blir ho viss ho lyttar til lærarane sine motførestellingar i denne saka. I mellomtida uroar det meg at politikarane og dei som styrer i skulen, nasjonalt og lokalt, kan kome til å tru at NHO-direktøren sitt framlegg om resul- tatbasert lærarløn er gjennomtenkt og bra, og at det kan inspirere dei til å finne på noko dumt i den retninga som ho peikar. Når eg tek såpass kvast til motmæle mot Skogen Lund som eg her gjer, er det fordi eg er redd for dette, og ein ting til: Eg er redd

48 | UTDANNING nr. 3/7. februar 2014

Made with