Utdanning nr 03-2014

«NHO-direktøren sitt utspel renn over av ringeakt for oss lærarar som er i skulen i dag.»

for at det ho har sagt og skrive, kan psyke ut ein del lærarar, og at det kan ta frå oss autoritet. Ho seier at det er viktig å gjere læraryrket attraktivt, men nører opp under myten om den late lærar, og meir enn ymtar om at det er mange «dårlege lærarar» i norsk skule. Læraryrket er krevjande, og det er somme gon- ger små marginar mellom å lukkast og å ikkje luk- kast. Dei fleste lærarar har nok kjent på avmakt i møte med pedagogiske og menneskelege utfor- dringar, som iblant er (for) store. Det viktige ein lærar gjer, kan alltid gjerast betre. Slik er det når vi arbeider med menneske. Eg trur det mange lærarar ikkje er flinke nok til, er å tenkje: «godt nok» om det dei sjølv gjer. Å rakke ned på lærarar som yrkesgruppe — slik dei som synsar i media om «gode» og «dårlege» lærarar, faktisk gjer — er å gjere samfunnsugagn. At det kan tynge børa til slitne lærarar og dei som kjempar langt framme i fronten, er ille. Ille er det også at det øydelegg for alle lærarar, fordi det undergrev lærarane sin auto- ritet, i den grad folk lèt seg påverke av medieom- talen. Autoritet er verktøyet vårt, på same måte som skrutrekkar er det for ein elektrikar. Blir vi fråtekne autoriteten vår, gjer vi ein dårlegare jobb. Det går ut over oss. For vi vil gjerne gjere ein god jobb. Men mest går det ut over elevane. NHO-direktøren sitt utspel renn over av rin- geakt for oss lærarar som er i skulen i dag. Viss læraryrket skal bli meir attraktivt, må vi mellom anna få slutt på slik verbal klasebombing av lær- arstanden i media frå framståande personar med ansvar i samfunnet. «Drive. The surprising truth about what motivates us» , Daniel H. Pink, Canongate 2011 NRK Dagsrevyen , onsdag 8. januar 2013 Politisk kvarter NRK radio 6. januar 2014: http://radio.nrk.no/serie/politisk-kvarter/ nrep37000314/06-01-2014 Pressemelding på NHO si nettside: «Bedre lønn til gode lærere», publisert 06.01.14, v/ NHO-sjef Kristin Skogen Lund: https://www.nho.no/Laeringslivet/Nyhetsarkiv/ Bedre-lonn-til-gode-larere/ «Å være ungdomsskolelærer i Norge. Resultater fra OECDs internasjonale studie av undervisning og læring (TALIS)» . RAPPORT 23/2009. Nils Vibe, Per Olaf Aamodt og Tone Cecilie Carlsten. http:// www.nifu.no/files/2012/11/NIFUrapport2009-23. pdf Kjelder:

49 | UTDANNING nr. 3/7. februar 2014

Made with