Utdanning nr 10-2014

Ut i verden

Russland

Forklarer annekteringa

Det russiske utdanningsdepartementet har skrive ein rettleiar omkorleis lærarane bør forklare kvi- for Krim-halvøya vart ein del av Russland. Russland tok over Krim-halvøya frå Ukraina i mars, etter at 96,6 prosent røysta «ja» i ei folker- øysting som vart halden under eit sterkt nærvær av russiske og pro-russiske væpna styrker. Departementet ber lærarane leggje vekt på at annekteringa er i samsvar med folkeretten og etiske normer, ifølgje nettsidene til det tyske kringkas- tingsselskapet Deutsche Welle. I tilrådingane til lærarane står det mellom anna: «På Krim gjekk det føre seg ei kunstig ukraini- sering i aukande fart, som undertrykte rettane

til både det russiske fleirtalet og andre folk på halvøya». Om den politiske maktovertakinga i Ukraina, skriv departementet: «Høgreradikale og russofobiske element som vert støtta av NATO- landa, tok makta i landet». Deutsche Welle siterer ein lærar i Moskva som meiner tilrådingane er einsidige og propagandis- tiske, men han seier samstundes at mange av kol- legaene nyttar materialet aktivt. – Fleirtalet av russiske lærarar ser dessverre på eit kvart skriv som eit pålegg sommå utførast, seier læraren Aleksej Kuznetsov, som likevel ikkje vil dømme kollegaene sine. – Dei fleste lærarane i verda gjer dei oppgåvene dei får frå styresmaktene, understrekar han.

18. mars vart Krim ein del av Russland, trass i sterke internasjonale protestar. Men eit klart fleirtal av dei som deltok i folkerøystinga, var godt nøgde med resultatet. FOTO JURIJKOTSJEKOV/EPA/NTBSCANPIX

BLI MED PÅ

Påmelding: skolejoggen.no De 50 første skolene får start og målsegl!

17. SEPTEMBER

35 000 elever deltok i Skolejoggen 2013. Disse elevene gjorde en innsats for sårbare barn i Tanzania, samtidig som de selv fikk en flott joggetur. Bli med på en meningsfull og aktiv skoledag onsdag 17. september!

Undervisningsopplegg for alle trinn!

19 | UTDANNING nr. 11/6. juni 2014

Made with