Utdanning nr 08-2014

Kort og godt

«Alt jeg ønsker av politikere, er at de nøyer seg med å forandre verden, uten å først forandre sannheten.» Jean Paulhan (1884-1968), fransk forfatter og utgiver

Astronomi

Historie

Skoleklasse oppdaga ny pulserande stjerne

Elevar ved Horten videregående skole oppdaga stjerna frå Nordisk Optisk Teleskop på La Palma i Spania. Elevgruppa gjorde undersøkinga som årsprosjekt i faget teknologi og forskingslære. Etter teori og praksis på mindre instrument i Norge hausten 2013 fekk dei 10 timar ved Nordisk Optisk Teleskop på La Palma etter å ha søkt om observasjonstid. Elevane leverer ein rapport som skoleoppgåve, og arbeider òg med å publisera dei vitskapelege resultata. Stjerna dei har oppdaga, har halvparten av massen til sola og utviklar seg slik at kjernen har brent opp alt hydrogenet og brenn nå helium. Disse stjernene må ha mista det aller meste av dei ytre laga sine gjennom et samspel med ei anna stjerne eller ein massiv planet då den gjekk gjennom raud-kjempe-stadiet før heliumet byrja å brenne i kjernen. Det er enno ukjent nøyaktig korleis tapet av hydrogen har gått føre seg. Derfor er denne typen pulserande stjerner viktige funn for forskarane fordi dei kan analysera den indre strukturen i stjernene.

Over 2700 radioprogram frå 1933-1945 og meir enn 25 000 nyhendesendingar frå 1935-2013 ligg no på nb.no. FOTO UKJENDFOTOGRAF,BILETAERHENTAFRÅNASJONALBIBLIOTEKETSISAMLING.

Historiske radioprogram på nettet

Göring og Dimitrov som kranglar under rettssaka etter riksdagsbrannen i Berlin i 1933, reporta- sjar frå dei olympiske vinterleikane i Tyskland i 1936, nyhendesendinga som førte til mobilise- ring 9. april 1940, talen som kong Haakon heldt til det norske folk julaftan 1943, rettssaka mot Vidkun Quisling og krigsforbrytarprosessen i Nürnberg.

Dette er noko av det du no kan høyre med eigne øyre. Over 2700 radioprogram frå tidsrommet 1933-1945 og meir enn 25.000 nyhendesendin- gar frå 1935-2013 er lagde ut på nettet. Avtalen mellom NRK og Nasjonalbiblioteket inneber at alle radioprogram som NRK har ret- tane til, kan leggjast ut på internett via nb.no. Slik høyrer du dei historiske radiopro- gramma: Gå til nb.no/nbsok/advanced_search. Vel «Radio» og legg inn eit datospenn mellom 1933-1945. Internett 3000 nordiske publikasjonar tilgjengelege via Open Access Nordisk råd lanserer ein ny open plattform for forskingsresultat og rapportar innan det offisielle samarbeidet i Norden. Alle publikasjonar som blir gjeve ut og blir finansiert av rådets sekretariat og institusjonar, skal bli tilgjengelige for gratis nedlasting, ifølgje ei pressemelding frå rådet. I dag inneheld plattforma cirka 3000 publikasjonar. Søkespråk er svensk, norsk og engelsk. Bak platt-

Av Jan Kåre Trandem Qvam

Språk Nye eittårige studium i italiensk og portugisisk

Universitetet i Oslo (UiO) tilbyr to nye eittårige studium: italiensk og portugisisk. Italiensk er på femte plass blant språka i vidaregåande skule. Portugisisk er på veg inn som nytt språk i nokre vidaregåande skuler. For å ta dei nye eittårige studia krev UiO ingen forkunnskapar i språka. I løpet av eitt år vil studentane nå eit språknivå som fungerer i kvardagslivet, og dei får brei inn- sikt i kultur, historie, samfunn og litteratur, melder UiO i ei pressemelding.

Elevar ved Horten videregående skole har oppdaga ei stjerne. Frå venstre: Jan Qvam (instruktør), Erika Pakštienė (instruktør), Edwin Nongba Traore (i kvitt), Lars Kristian Seljebotn (briller), Christian Eide (blå T-skjorte), Monica Lapadatu (med hestehale), Morten Heger (rutete skjorte), Rendell Walter Cale (i kvit T-skjorte), Alexander Bonner Aksnes (bak nr. 10), Anna Natalie Von Huth (brun jakke) og Jens Ludvik Grytnes Joberg (lue). FOTO PRIVAT

forma står Uppsala universitetsbibliotek. Se norden.diva-portal.org og norden.org/ openaccess

22 | UTDANNING nr. 8/25. april 2014

Made with