Utdanning nr 04-2014

Ut i verden

Latvia

Mindre russisk i skulen

I den indiske delstaten Punjab får ikkje mannlege lærarar lenger undervise på reine jenteskular. Årsaka er faren for seksuell trakassering, skriv det indiske nyhendebyrået One India News. Utdan- ningsministeren i delstaten, Sikandar Singh Maluka, gjer det klart at rundt 800 mannlege og kvinnelege lærarar no må byte jobbar med kvarandre, slik at dei berre skal undervise elevar av same kjønn som dei sjølve. Lærarorganisasjonen reagerer kraftig, og no skal leiaren for delstatsregjeringa sjå på saka på nytt. I 2018 skal det aller meste av undervis- ninga i alle skular i Latvia skje på latvisk. Den nyutnemnde utdanningsministeren Ina Druviete frå det liberal-konservative partiet «Einskap» har terga på seg den store russiske minoriteten i landet ved å setje sommål at minst 80 prosent av undervisninga skal skje på latvisk. Til no har 60 prosent latvisk og 40 prosent rus- sisk vore regelen. Rektor Anna Vladovaja ved ein av dei mange russiskspråklege skulane i landet seier til nettavisa Freecity at Latvia har grunn til å vere stolt av korleis landet har handtert tospråkleg- heit i skulen, og at styresmaktene heller burde konsentrere seg om å heve nivået i til dømes matematikk, skriv det russiske nyhendebyrået Regnum. India Mannlege lærarar ut av jenteskular

Malaysia

Lærarar protesterer mot elevvurdering

Eit system der lærarar skal vur- dere elevar på ein skala frå 1 til 6, fører til noko så sjeldan som ei protestmarkering frå malaysiske lærarar.

til seks. Lærarane meiner dette er vanskeleg å gjennomføre i prak- sis, på grunn av mange elevar per lærar og vage kriterium. Dessutan er kapasiteten på datanettver- ket så dårleg at lærarar ofte står opp klokka tre på natta for å gjere denne delen av jobben, sidan det er då trafikken på nettverket er minst. Utdanningsminister Datuk Seri Mohd Idris Jusoh lovar lærarane at veikskapane skal rettast opp. – Dette er alt i alt eit system som det malaysiske samfunnet ønskjer. Det inneber å erne seg frå det gamle systemet som berre var basert på eksamenar. Vi vil ikkje berre ha elevar som er gode til å ta eksamen, men som klarer seg godt på mange ulike område, seier han til avisa.

TEKST Harald F. Wollebæk

Det er svært sjeldan at lærarar i Malaysia protesterer i gatene, sidan dei er offentlege teneste- personar. Men 22. februar har lærarorganisasjonen SGMM planlagt demonstrasjon framfor utdannings- departementet i Putrajaya utanfor hovudstaden Kuala Lumpur, skriv nettavisa e Malaysian Insider. Evalueringssystemet, som vart innført i 2011, inneber at læra- rane kvar dag må leggje inn i eit datasystem kor godt elevane ligg an i kvart fag, på ein skala frå ein

Eit databasert system for elevevaluering møter motbør frå lærarar i Malaysia, fordi det er tidskrevjande, tungvint og har vage kriterium. FOTO FREDDENOYELLE/GODONG/NTBSCANPIX

Bestill vurderingseksemplar av nye læremidler nå! CAPPELEN DAMM LANSERER NYE LÆREVERK OG NYE UTGAVER I EN REKKE FAG I 2014 Som faglærer i videregående skole kan du forhåndsbestille gratis vurderingseksemplar. Du vil dermed få læreboka automatisk tilsendt så snart den er ferdig. På samme måte melder du din interesse for digitale nyheter i dine fag.

Nyheter 2014!

Gratis!

cdu.no/vgs

Kryss av i listen med nyheter på

21 | UTDANNING nr. 4/21. februar 2014

Made with