Utdanning nr 04-2014

Reportasje

Tove E.J. Karlsen, nestleiar i medlemsgruppe barne- hage i Utdanningsforbun- det Hordaland, vil høyre kva denne gruppa meiner om rammeavtalen. Mariken Ørnegård (t.v.), Bjørn Lasse Bjørnsson og Hege Elin Ekerhov er nøgde med at rammeplanen meislar ut tydelege ansvarsområde.

Tøff kritikk frå Hordaland Debatt om rammeplan og arbeidstid:

Det blei korkje salmesong eller gudsord i Tabernaklet i Bergen 3. februar. Over 100 barnehage- tillitsvalde frå Hordaland hadde kome for å kurse seg i rammeplan og arbeidstid. 21. februar presenterer utvalet som har jobba med to nye kapittel i rammeplanen frå 2011, sitt endelege forslag. Til hausten blir det ein brei høy- ring, og går det slik departementet vil, blir planen vedteken i januar 2015. Detaljstyring Rammeplanen fekk ros for tydeleggjering av ansvaret til dei ulike personalgruppene. Men snart sette nokon fingeren på den usynlege styra- ren, som ikkje er nemnd i utkastet. Derimot er det flust med setningar som «barnehagelærer skal …» og «hele personalgruppen skal…». Mange røyster løfta seg mot spesifisering og detaljstyring i doku- mentet, medan Hege Valås, sentralstyremedlem og innleiar, meinte utvalet her har gått langt ut over mandatet sitt. Barnehagelærarane skal «delta i aktiviteter med barn og utforske hvilke interesser, kunnskaper og ferdigheter barn har for å støtte og stimulere til videre læring», men heile gruppa skal ikkje det, for dei skal «ta vare på barns nysgjerrighet og TEKST OG FOTO IngebjørgJensen

samarbeide med barna om å finne ny kunnskap og innsikt…», og «engasjere barn til å gjøre nye erfaringar. Har dette noko i rammeplanen å gjere i det heile tatt? Kanskje det heller skal leggjast vekt på det personalansvaret og det overordna ansva- ret vi som pedagogiske leiarar har, foreslo Gunn Jakobsen, medan Kjersti Hauso Bernes meinte at slik spesifisering høyrer heime i barnehagelova, men berre kort, og innleiingsvis. Siren Risti på si side lurte på om setningar som «barnehagelæraren skal …» kan bidra til at barne- hagelæraren si rolle blir meir tydeleg. – Burde ha brote Sentralstyremedlem Hege Valås innleidde om nemndsdommen som set rammene for korleis bar- nehagelærarane skal bruke dei fire timane dei har til administrasjon. Etter gruppediskusjonane fekk både Valås og forbundet på pukkelen av Line Elmore: - Det hadde vore betre for forbundet å seie at dette er for dårleg, og ta det vidare til hovudfor- handlingane. Eg er ikkje lenger tilsett i ein kommu- nal barnehage, men eg er redd for korleis det skal gå med forhandlingane med dei private når forbundet har ein slik defensiv haldning, sa Elmore. I grupper diskuterte deltakarane korleis dei skal kunne vurdere kvart einskilt barn, når det ikkje er nok vaksne med ungane. Det er styrar sitt ansvar å leggje til rette for det, anten ved å flytte barn over til andre grupper, eller sjølv gå inn i gruppa. Men i praksis skjer det ikkje, seier Britt-Lise Bjånes, som ofte har jobba med vurderingar på eiga fritid. Det siste halvåret har ho berre hatt høve til å forlate barnegruppa ein gong. Dei andre i gruppa nik-

kar attkjennande; berre ein av fire gonger der dei hadde trengd å gå, har dei fått det til, seier fleire. – Vi må få slutt på at det å gå ut av avdelinga er så belastande. Det er i alle si interesse at barn som treng det, blir tilmeldt pedagogisk-psykologisk teneste. Det er eit rammespørsmål som styrarane må ta med kommunen, seier Line Elmore, om arbeidssituasjonen ho hadde då ho jobba i kom- munal barnehage. Økonomiske rammer Fleire av debattantane etterlyste meir merksemd på dei økonomiske rammene som må vere på plass før ein krev at «barnehagelærer skal» og «hele personalet skal». - Eg blir fortvila, for her kjem det stadig fleire krav ovanfrå og ned. Rammene har ikkje vore gode, men korleis skal vi klare det med endå dår- legare rammer enn vi har hatt, spurde Bernes, som illustrerte problemet ved å ta fram lista over oppgåver som skal gjerast dei tre veketimane ho har att til administrasjon etter at ho har brukt ein time til samarbeid: – Språkgruppe to gongar i veka: Førebuing, etterarbeid, kommunikasjon, kvalitetsoppfølging. Kartlegging, tverrfagleg samarbeid med helse- søster, barnevern og PPT, telefonar, organisering, studentar, oppfølging av einskilde barn, årsplanar, langtidsplanar, førebuing til møte, meir telefonar, personalmøte og førebuing til dei, leiarutvikling, kompetanselyft, foreldremøte, referatskriving, foreldresamtalar». Om fem år er eg ikkje peda- gogisk leiar dersom det ikkje skjer noko fantastisk med arbeidstilhøva, sa Kjersti Hauso Bernes.

28 | UTDANNING nr. 4/21. februar 2014

Made with